Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Naustdal kyrkje



Naustdal kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i Naustdal sentrum. Kyrkja, som har 650 sitjeplassar, vart vigsla 9. september 1891 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Arkitekt Adolf Schirmer (1850-1930) teikna kyrkja. Naustdal kyrkje er soknekyrkje for Naustdal sokn i Førde prestegjeld.

Naustdal kyrkje ser staseleg ut, men er samstundes ganske enkel i utforminga. Kyrkja, som er den største i Sunnfjord, har fått tilnamnet Sunnfjordkatedralen.

Naustdal kyrkje ser staseleg ut, men er samstundes ganske enkel i utforminga. Kyrkja, som er den største i Sunnfjord, har fått tilnamnet Sunnfjordkatedralen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Rommeleg trekyrkje

Sunnfjordkatedralen er tilnamnet kyrkja fekk av biskop Per Juvkam på 1960-talet. Og sanneleg kan kyrkja minne mykje om ein katedral der ho tronar i sentrum av Naustdal, med den fine sandstranda og fjorden like nedanfor. Også steinkyrkja som før stod på same staden skal ha vore eit flott syn, men ho hadde berre plass til halvparten så mange menneske som dagens kyrkje.

Plassmangelen var eit viktig argument for dei som i si tid ivra mest for å rive steinkyrkja og byggje ei ny, moderne trekyrkje. Når dei etter hard strid fekk gjennomslag for nybygging tok dei i nokre ekstra meter for å vere på den trygge sida. Dermed fekk kyrkja innvendig ei lengde på nesten 34 m og ei breidde på vel 15 m (skipet). I steinkyrkja var det plass til 360, medan den nye kyrkja rommar nær det doble.

Skiftande fargar på interiøret

Sjølv om Naustdal kyrkje ser staseleg ut, er ho samstundes ganske enkel i utforminga. Korpartiet er som mange andre stader bygt i oktogonforma (fem sider av åttekanten). Same forma er nytta i tårnhalsen, og det uvanlege her er at denne delen av tårnet samstundes har fått gavlar på fire av sidene.

Utvendig har kyrkja alltid vore kvitmåla, innvendig derimot har fargane skifta. Frå først av stod ho nokre år umåla, med unnatak av felta mellom dei seks kraftige søylene på kvar side av midtgangen. To gonger vart kyrkja måla innvendig før ho til 100-årsjubileet fekk dei lyse beige og brune fargane ho har i dag. Hovudfargen før gjekk i grønt, og mange i kyrkjelyden syntes den var både tung og trist.

I samband med den siste oppussinga pågjekk det i forkant ein strid om kva fargar kyrkja skulle få, og om veggene skulle lutast eller målast opp igjen. Ei eiga nemnd hadde gjort grundig forarbeid og la fram eit forslag til restaurering som innebar m.a. luting av veggene. Planen var godkjent av stiftsdireksjonen, men i ellevte time starta bondekvinnelaget og husmorlaget i bygda ein underskriftsaksjon imot planane. Motstanden retta seg særleg mot at veggene i kyrkja skulle få brystning i panel, og at veggene skulle lutast. Dei to laga ville i staden at kyrkjerommet skulle tilbakeførast til fargane som var der før den førre oppussinga i 1952. Aksjonen samla over 700 underskrifter, og førte til nytt soknemøte og i siste instans til at kyrkja fekk tilbake sine opphavlege fargar. Ein god del av restaureringsarbeidet vart gjort på dugnad.

Polstra benker og elektrisk oppvarming

Kyrkjebenkene har vore eit anna "heitt" tema i kyrkjelyden gjennom mange år. Folk flest har vel vore samde om at dei ikkje har vore gode å sitje i. Desse vart omsider ordna til jubileet, etter å ha gjort teneste i 100 år. Både setet og støtta i midtryggen vart polstra og trekt med stoff. I sjølve kyrkjerommet er elles lite endra sidan Naustdal kyrkje var ny. Bak i skipet står framleis to av vedomnane som gjorde teneste fram til det vart lagt inn elektriske omnar i 1967. Før den tid hadde kyrkja elektrisk oppvarming berre i sakristia, frå omnar som vart monterte samstundes med at kyrkja fekk elektriske lys tidleg på 1920-talet. Først i 1973 vart det innreidd toalett i Naustdal kyrkje, og då i tilknyting til sakristia.

Det seier seg sjølv at ei så stor kyrkje er vanskeleg å halde varm, og frå 1960-talet er det i fleire omgangar utført isolasjonsarbeid både i vegger, golv og tak. I 1980 vart det sett inn farga katedralglas i blyinnfatning.

Pliktarbeid

Sjølve byggjeprosessen knytt til Naustdal kyrkje følgde mønsteret frå dei mange andre kyrkjebygga i denne perioden. Bygdefolket deltok med pliktarbeid for å tilretteleggje for sjølve bygginga, og ein del også i sjølve arbeidet med å få reist kyrkja. Men det pågjekk ein svært kjenslelada strid i bygda knytt til gamlekyrkja. Det er nærliggjande å tenkje at dei som reserverte seg mot å delta i rivinga av den gamle steinkyrkja, også hadde problem med å yte den heilt store innsatsen i samband med oppføringa av dagens kyrkje.

Inventar

I koret over døra til sakristiet heng eit stort, og heller lite vakkert, krusifiks frå 1713. Nedst står årstala 1713, og over innskrifta står eit monogram. Her finst òg ein burgunder messehakel frå 1785, og restaurert i 1975, med applikert Kristusfigur på ryggen.
Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1891. Døypefonten er forma som ein engel, som held dåpsfatet. Fatet er truleg frå 1891, og har innskrift. Dåpsmugga i sølv er frå 1958.

Til 100-årsjubileet gav bondekvinnelaga i Naustdal to store biletvevteppe, "Noahs ark" og "Jesus taler fra Peters båt", laga av Maren Erland. Dei heng i skipet på kvar side av koret.
Orgelet i kyrkja er frå 1978 og har 25 stemmer. Her er to kyrkjeklokker: ei stor med innskrifta "Anno 1702", og ei lita frå 1709.
Dåpsfatet frå gamlekyrkja og ein kopi av nøkkelen frå gamlekyrkja er no å finna i våpenhuset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR