Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 21. april 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Flaggsaka



I 1905 vart Noreg eit fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om flaggsaka - vegen fram mot det reine, norske flagg. Kampen for eit eige norsk flagg er eit symbol på Noreg sin kamp for sjølvstende frå unionen med Sverige.

Det norske handels- og orlogsflagg 1821 til 1844 og Noreg sitt flagg frå 1898.

Det norske handels- og orlogsflagg 1821 til 1844 og Noreg sitt flagg frå 1898.

Flagget av 1821

Då Noreg gjekk ut av unionen med Danmark i 1814, kom med eiga grunnlov også ynskjet om eit eige norsk flagg. Våren 1821, sju år etter denne unionsoppløysinga, vart det i Stortinget vedteke at Noreg skulle ha sitt eige flagg, og det er det same som det me har i dag.

Det var stortingsmann konsul Fredrik Meltzer frå Bergen som kom med flaggframlegget som vart vedteke. Historia fortel at det var son til Meltzer som ved mistak hadde teikna over det danske flagget (Danebrogen) med blått på det kvite, og at Meltzer sr. såleis hadde fått ideen om flagget me i dag kjenner så godt. Om dette er tilfelle herskar det usemje om, men det er ei kjensgjerning at fargekombinasjonen, raudt, kvitt og blått, var kjent som "Frihetens farger" og såleis attraktivt. Samstundes kunne det nye flagget vere ei mellomløysing mellom den gamle tilknytinga til Danmark og den nye til Sverige.

Dette flagget var Noreg sitt handelsflagg frå 13. juli 1821 til 20. juni 1844 og vart nytta av skip på kortare distansar. Flagget vart ikkje brukt under segling i Middelhavet fordi Noreg ikkje betalte sjørøvarskatt til "piratstatane" Marokko, Algerie, Tunis og Tripoli. Under reise i Middelhavet segla norske skip difor under svensk flagg, mot at Noreg betalte ein del av skatten Sverige allereie betalte piratstatane for å unngå sjørøvarangrep. Dette flagget vart også brukt etter 10.desember 1898 då det vart vedteke i Stortinget at Noreg skulle ha sitt eige, reine flagg.

"Sildesalaten"

I 1844 bestemte kong Oscar I at eit unionsmerke skulle setjast inn i både norske og svenske handels- og orlogsflagg. Dette merket skulle plasserast i det inste, øvste hjørnet av flagget. Oscar meinte at dette synte Noreg sitt likeverd i unionen, men det vart ikkje særleg populært hjå det norske folk. Flagget fekk tilnamnet "Sildesalaten" og var Noreg sitt handelsflagg fram til 10. desember 1898.

Det reine norske flagget frå 1898

Utover 1800-talet vart ønsket om eit eige norsk flagg stadig sterkare. Flaggspørsmålet vart reist første gong i Stortinget i 1879 og seinare med jamne mellomrom der partiet Venstre var forkjemparen for å fjerne unionsmerket og såleis få eit reint norsk flagg. I 1893 vart det i Stortinget bestemt at flagget av 1821 skulle vere Noreg sitt nasjonalflagg, men kong Oscar II var sterkt i mot dette. Han brukte vetoretten sin to gonger, men etter at tre storting hadde sanksjonert lova måtte han gi tapt, og Noreg kunne heise det reine norske flagget den 10. desember 1898. På festningar og orlogsfarty vart dette flagget først heist etter unionsoppløysinga i 1905.

Flaggsaka vert rekna som ei av sakene som danna slutten på den konstitusjonelle drakampen mellom det norske Stortinget og den svenske personlege kongemakta. Eit eige norsk flagg var kanskje også det sterkaste symbolet for norsk sjølvstende. Det var viktig for det norske folk å vise nasjonalkjensle gjennom bruk av flagget.

Det skal skje straks!

Ei notis i Sogn Tidend frå 1935 fortel om det reine norske flagget, og tydinga av det, i åra rundt unionsoppløysinga. Det vert fortalt at dei aller fleste klypte ut or unionsmerket av det norske flagget, då Noreg hadde gått ut av unionen med Sverige. Slik var det også med ordførar Endre Offerdal frå Ofredalen i Årdalsfjorden. Han minnest:

Straks unionen den 7.juni var løyst, kom han til ei dotter med flagget og sa at no skulde den gulfarga ruta klippast ut og den raude setjast inn. Då ho sa at ho var i ansemt arbeid og at det fekk vera til dagen etter, svara han: Dette arbeidet med flagget skal gjerast straks. Det toler ikkje utsetjing. Og få minuttar etter var det reine norske flagget kome til topps på flaggstongi i Ofredalen"

kjelder:

Christensen og Lund: Familieboka. Oslo. 1950.

PERMANENT IDENTIFIKATOR