Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. april 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Kvernhus og mølle på Maurstad



Nede ved elveosen i Maurstadvika står Maurstad Mølle, bygd på slutten av 1800-talet. Bygningen er oppført som stavkonstruksjon på pillarar av naturstein. Det spesielle med Maurstad Mølle er stavkonstruksjonen, og i så måte kan henda den einaste i landet.

Maurstad Mølle før restaureringa i åra 1988  til 1992. Mannen i framgrunnen er Arnold Nore.

Maurstad Mølle før restaureringa i åra 1988 til 1992. Mannen i framgrunnen er Arnold Nore.

Eigar: Teknisk Museum/Marit Nore Sørhaug.

Datering: 1987.

Fotograf: Teknisk Museum/Norsk Kulturråd.

På nasjonal verneliste
Norsk Kulturråd hadde i 1987 eit eige utval for "teknisk og industrielt kulturvern". Mellom anna såg utvalet på møller, og laga eit landsomfattande register. Utvalet konkluderte med at mølla i Maurstadvika burde vernast, mellom anna på grunn av den sjeldne bygningskonstruksjonen for møllebygningar: stavkonstruksjonen.
Kvernrenna og slok var opprotna, og bygningen og utstyret elles berre i "måtelig stand". Sikringstiltak måtte gjerast snart.

Restaurering
Eigarane av mølla, Marit Storhaug Maurstad og Jan Storhaug, sa ja til vern og istandsetjing. Mange var med i ein vernedugnad. Vågsøy kommune og fylkeskommunen ytte pengetilskot. Ordninga "Arbeid for trygd" kom inn med nokre dagsverk, og det var ein betydeleg eigeninnsats. I 1989 var bygningen og kvernkallen sett i stand, og kort tid etter stod ny kvernrenne med slok i impregnert material for tur.

Bygningshistoriske årstal
Maurstad Mølle er frå gamalt omtala som bekkemølle. Kristian Maurstad d.e., eigar av bruksnummer 8, sette opp mølla kring 1875 - 1880. Sidan har huset vore vølt fleire gonger, kring 1903, 1918, 1940 og sist ved restaureringa i åra 1988 - 1992. Alle årstala knyter seg til hendingar både sentralt og lokalt.

Åra etter 1900 var prega av aktivitet på og ved Maurstadvika. Peder Maurstad overtok bnr. 8 i 1902 og gifte seg same året. Saman med far sin og broren Torstein vølte dei kvernhuset. Kan henda gjekk noko av mjølet til nyskipa bakeri ute på Bryggja.

Istandsetjinga i 1918 hadde truleg samanheng med vanskeleg matforsyning som fylgje av verdskrigen 1914 - 1918. Kverna var i bruk i mellomkrigstida, men lite fram mot 1940.

Så kom verdskrigen 1939 - 1945 og med ny skort på matvarer. Det galdt å bu seg best ein kunne. Kristian Høynes laga ny kvernkall av eit stort oretre frå eigedomen til Torstein Maurstad. Dei laga nye renner og slok på oppattmura steinfundament. Fleire i nabolaget var med og hjelpte til. Og mølla fekk ny bordkledning. Kverna kom i bruk att hausten 1941.

Alfred Maurstad nyttig mellom-mann
Straks etter at kverna var teken i bruk, kom lensmannen i Davik og plomberte kverna. Han hadde fått pålegg frå den tyske okkupasjonsmakta. Alfred Maurstad var heime nett då, og han som alle andre tykte dette var ille. Maurstad hadde også hausta korn på garden sin Tuftene, - korn som han no ynskte å foredla til mjøl, og ha med seg attende til Oslo i bilen sin.
Dei skreiv søknad til Statens Kornforretning, som Maurstad tok meg seg til Oslo og personleg gjekk oppom og avleverte i Statens Kornforretning. Han møtte ei han kjende der, som lova at ho skulle gjera kva ho kunne.
Det var med stor ærefrykt dei kort tid etter opna eit forsegla brev frå kornforretninga. Svaret var positivt. Styresmaktene godkjende kverna som bygdemølle med kontrakt fram til 1947. Malinga kom i gong frå 1942 og heldt på til eit stykke ut på 1950-talet.

Streng regulering av korn- og mjølomsetning i krigsåra
Krig og okkupasjon medførte skort på matvarer, og styresmaktene iverksette streng regulering. All omsetning av korn skulle gå gjennom Statens Kornforretning og maling av korn var berre tillete på kvernar og møller som var godkjende av kornforretningen. Alle andre kvernar vart plomberte.

Men det var slett ikkje fritt fram for maling på dei godkjende kvernane. Det skulle førast nøye rekneskap og kontroll med all maling. I ei forordning av 20.08.1941 står det t.d.:
"Det er forbudt å treske uten nærvær av en person som forsyningsnemnda har oppnevnt til å veie kornet (kornveier) og til å føre dette opp på treskeliste.
Enhver produsent plikter å underrette forsyningsnemnda med 1 ukse varsel om når han akter å begynne treskingen av årets avling."

kjelder:

Kopi av skriv/dokument frå Vågsøy kulturkontor.