Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane – MS «Atløy» på historisk ferd i Førdefjorden 1991



Fylkesbaatane overtok ms «Atløy» i 1931 og hadde båten i rutefart i heile fylket til 1974; dei siste åra i lokalruter i Førdefjorden. Frå 1983 har «Atløy» hatt status som veteranbåt med heimehamn i Florø, og Atløys Venner som reiarlag. År etter år har «Atløy» vore i fjordafart «lasta med» lokal sjøfartshistorie. Eit illustrerande døme er «Atløy» som programinnslag på bygdedagane i Naustdal i 1991.

MS «Atløy», veteranbåt, for full fart på fjorden. Veteranbåten sitt eige postkort. Det står berre «Foto: Lars Grepstad» bakpå.

MS «Atløy», veteranbåt, for full fart på fjorden. Veteranbåten sitt eige postkort. Det står berre «Foto: Lars Grepstad» bakpå.

Eigar: Atløys venner.

Datering: Ukjent

Fotograf: Lars Grepstad

Sjøgåande lokaltrafikk

Fylkesbaatane byrja ruteferdsla år 1858/1859 med lange ruter Sogn og Fjordane – Bergen. Etter kvart utvikla fylkesreiarlaget eit lokalt rutenett der båtar i lokalfart korresponderte med båtar i langruter. Smått om senn vart det lokale trafikknettet også styrkt av privateigde småbåtar i rute, mange stader kalla bygderuter. Mjølkerute vart og ei nemning etter kvart som meieridrifta vart sentralisert og det vart trong for mjølketransport. Nokre kjennemerke ved den privatdrivne lokaltrafikken var a) utfyllande transport til Fylkesbaatane, b) konkurranse med Fylkesbaatane, c) samarbeid og samordning med Fylkesbaatane og d) at Fylkesbaatane overtok lokalruter eller let frå seg lokaltrafikk. I Førdefjorden fanst det i mange år ei privatdriven bygderute.

«Atløy» gjekk historisk bygderute

På bygdedagane i Naustdal 1991 fekk folk fekk høve til å oppleva den gamle bygderuta i Førdefjorden med båten som gjekk denne ruta i fleire år frå 1968, nemleg ms «Atløy». Leiv Sølvberg skreiv eit stykke i bygdedagane-avisa om «Atløy» sitt besøk og om den lokale ruteferdsla i Førdefjorden i mange år. Dei første rutene vart starta i 1928. Sølvberg sitt stykke er i det følgjande attgjeve slik det stod i avisa, men med mellomtitlar innsette her.

Høve til å minnast og til å oppleva

«Fredag kvelden under bygdedagane [1991] vert det fjordtur med veteranbåten «Atløy». Dei som hugsar ruteferdsla på Førdefjorden får høve til å minnast korleis det var. Dei yngre og nye i Naustdal kan få oppleve det for første gong.»

Lang historie

«Med utgangspunkt i Naustdal skal «Atløy» gå til dei kjende stoppestadene langs Fjorden, heilt ut til Svortevik. «Atløy» er i kjend farvatn. Båten gjekk ruta frå september 1968 til juni 1974. Ruteferdsla på Førdefjorden har ei lang historie, men er no [1991] eit avslutta kapittel. Medan Fylkesbaatane tok seg av dei store stoppestadene alt frå 1859, som Naustdal, Vevring og Førde, var det private som synte vegen med dei lokale bygderutene.»

Motorbåten «Leif» den første

«Desse rutene vart starta i 1928 av Grytten-brørne Anders og Johan. Den første båten deira var MS «Leif». Ein pen båt med lugar framme og styrehus bak. Båten var 37 fot, hadde ein 18 hestars Finnøy-motor og gjorde seks knop. Sertifikatet var på 20 passasjerar. Seinare avløyste MB «Vevringsfjord» og MB «Førdefjord» [heitte «Dalsfjord» 1953-1954], før «Atløy» vart sett inn i ruta i 1968. Då var også denne ruta komen inn under Fylkesbaatane sitt flagg og Johannes Grytten var båtførar.»

Ruteferdsla borte

«Men no [1991] har Fylkesbaatane forlete Førdefjorden. Ruteferdsla er borte. Mange saknar nok turane til Naustdal med båten for å handle, vitje doktaren eller gjere opp for skatten. Det var til Naustdal dei fleste passasjerane frå Fjorden skulle. Men ein og annan hadde også ærend til Førde. I alle fall måtte ein dit for å byte bort ull i garn og ty på ullvarefabrikken.»

[Merknad: Førde Ullvarefabrikk var ei tekstilverksemd i Førde, starta i 1919 av Mathias Leivestad.]

Livleg om bord

«Praten gjekk livleg i salongane under dekk. Folk vart kjende med kvarandre og mange saker fekk si løysing der. På stoppestadene var folk møtt fram for å sjå og treffe folk.

Dei unge har ikkje fått oppleve atmosfæren som var i dei gamle bygderutene, men dei kan få dei eldre til å fortelje. Fredag 31. mai kl. 17.30 [1991] kan både unge og gamle få oppleve av denne historie ved å ta ein tur med «Atløy». Om føremiddagen same dagen vil «Atløy ta med skuleborn frå Naustdal på turen sin frå Florø til Naustdal. Velkomen om bord!»

«Grytten-brørne jubilerer»

Dette var overskrift på oppslag i Firda Folkeblad, Florø, 20. august 1953. Avisa oppsummerer Grytten-brørne sin rutefart på Førdefjorden gjennom 25 år. Artikkelen passar godt som supplement til Leiv Sølvberg sitt stykke ovanfor. (Mellomtitlane er innsette her).

«Laurdag 22. august [1953] kan brørne Anders og Johan Grytten halde jubileum. Då er det 25 år sidan dei tok til med rutetrafikk på Fyrdsfjorden.

«Leif»

«Det var motorbåten «Leif» dei tok til med. Dei gjekk frå Vevring til Florø onsdagane og til Førde laurdagane. Til å byrja med rekna dei ei krone i billettpengar tur-retur Redal-Florø. (No [1953] er det kr. 9,40.) «Leif» var ikkje so stor båten, og det var ikkje greidt alltid etter kvart som dei auka på med persontrafikk og varetransport. Det var m.a. mykje transport av levande dyr. Grytten-karane nytta «Leif» i rutetrafikken frå 1928 til 1935.»

«Vevringsfjord»

«Då fekk dei «Vevringsfjord». Han var ny den gongen. Og «Vevringsfjord» har vorte ein velkjend båt på Fyrdsfjorden. Han var betre enn «Leif», men etter kvart som trafikken auka, stetta nok heller ikkje han krava, og i mange år har det vore tale om å få ny båt

Det vart endeleg røyndom i vinter [1953] då Grytten-brørne gjekk til kjøp av ms «Dalsfjord» [omdøypt til «Førdefjord» 1954]. Serleg etter at mjølketransporten tok til, vart det vanskeleg å greia seg med «Vevringsfjord», og det har nok vore surt mang ein gong både for mannskap og ferdafolk. Men trufast gjorde han si tenest, «Vevringsfjord». Med «Dalsfjord» vart det likevel eit stort omskifte. (…)»

Fylkesbaatane tok over

«Grytten-brørne dreiv rutene for eiga rekning fram til 1941. Då overtok Fylkesbaatane, og Grytten går for dei. Rutene har ogso vorte utvida i tal etter kvart. No [1953] går dei 5 dagar i veka.»

Takk og til lukke!

«Vi ynskjer til lukke med jubileet. Og vi har mange med oss når vi seier at det var eit godt tiltak av Grytten-karane å gå i gang. Det var vel ikkje serleg lønsame ruter til å byrja med. Hadde dei sett for store krav, hadde dei nok lote gje opp. Men det gjekk, og dei hadde den glede å sjå ruta godt opparbeidd. Takk for alle stride tørnar og for velvilje og hjelpsemd som vart synt ferdafolket og dei som skulde senda varer! Og til lukke vidare!»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Folkeblad, 20.08.1953


Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar : : fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000

PERMANENT IDENTIFIKATOR