Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Haukedalen kyrkje



Haukedalen kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Gjerland i Haukedalen i Førde kommune. Kyrkja, som har 120 sitjeplassar, vart vigsla 8. juli av prost Christopher Johannes Hammer. Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff laga teikningane. Både Haukedalen kyrkje og Holsen kyrkje er soknekyrkjer i Holsen og Haukedalen sokn i Førde prestegjeld.

Kyrkja i Haukedalen er bygd på garden Gjerland. Ho er den kyrkja i Sogn og Fjordane som ligg lengst frå sjøen, 42 km frå Førdefjorden og 56 km frå Dalsfjorden.

Kyrkja i Haukedalen er bygd på garden Gjerland. Ho er den kyrkja i Sogn og Fjordane som ligg lengst frå sjøen, 42 km frå Førdefjorden og 56 km frå Dalsfjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Avbakleg i sentrum

Haukedalen kyrkje ligg 300 m o.h., berre Borgund-kyrkjene i Lærdal kommune ligg høgare. Kyrkja er den som ligg lengst frå sjøen i Sogn og Fjordane, 42 km frå fjordbotnen i kommunesentret Førde. Men bygda ligg øvst i Gaularvassdraget, og er geografisk nærare knytt til Gaular. Ned til Osen inst i Dalsfjorden er det 56 km, og haukedølene har alltid høyrt til Førde, sjølv om dei på vegen må over det 543 meter høge Rørvikfjellet. Haukedalen er geografisk sentrum i fylket og såleis både avbakleg og sentralt plassert.

Preik to gonger i året

Nettopp snømengdene har stoppa mang ei kyrkjeferd over fjellet, og ein stad dei kallar Likhillaren brukte folk å setje frå seg kista, om mørkret eller uvêret kom på, når dei var på veg til soknekyrkja på Holsen. Mot slutten av 1600-talet fekk dei endeleg kyrkje sjølv. Den vart bygd på Gjerland, like ved Haukedalsvatnet. Heilt fram til 1859 tok Førdepresten turen til Haukedalen berre to gonger i året, ved jonsoktider og mikkelsmessedag, 29. september. Gravferder tok bygdefolk seg av sjølve. Det var vanleg å synge ut liket heime i stova, før kista vart sett ned på kyrkjegarden. Sjølve jordfestingsritualet fekk vente til neste gudsteneste. Tradisjonen med jonsokmesse er spesiell, og noko Haukedalen har felles med andre fjelldalar, t.d. Guddalen. Jonsokmessa er framleis ei stor høgtid for folk i bygda. Sidan 1886 har Haukedalen hatt gudsteneste om lag ein gong i månaden.

Kyrkjebygningen

Dagens kyrkje i Haukedalen vart bygd i 1884 og vigsla året etter, same året som kyrkja i Førde stod ferdig. Som for gamlekyrkja, var det folket i dalen som bar alle kostnadene, som kom på 5765,06 kr. Det er ei kvitmåla langkyrkje i tre i bindingsverk, med tårn over våpenhuset i vest. Skipet er 9,5 x 7 m, koret 5,5 x 4,5 m. Eit sakristi vart bygd til mot aust på 1950-talet. Då vart kyrkja også isolert, fekk innlagt elektrisk lys og varme, og pussa opp innvendig med nytt panel og nye benker. Frå gammalt sat folk etter rang i kyrkja, med dei største gardane på dei fremste benkene, men dette vart endra til 75-årsjubileet i 1960.

I 1984 vart det bygt nytt bårehus med reiskapsrom og sanitæranlegg, og til 100-årsjubileet året etter vart kyrkja måla innvendig. I samband med dette arbeidet, vart det gamle galleriet utvida, slik at det går tvers over skipet. Nytt orgel kom på plass i 1985.

Mange i Haukedalen var negative til orgel i kyrkja, då bygda har ein sterk tradisjon med fleirstemt song under gudstenestene. Bygda har hatt kor heilt sidan 1874, og mange prestar har kommentert den vakre fleirstemte songen i kyrkja.

Altertavla

Altertavla frå 1692 er forma som eit alterskåp, men dørene er utan bilete eller dekorasjon. I midtfeltet er det eit måleri av Kristus på krossen, og tre tilbedande kvinner, truleg Maria, Jesu mor, Maria Magdalena og Salome. Innskrifta på krossen er på latin: "Jesus frå Nasaret, kongen over jødane". Midt på biletet er det også måla skriftord som tolkar biletet: "See Det Guds Lam Som Baar Verdens Synder" (frå Joh. 1,29), og "Sandelig Hand bar vor sygdom Og tog vor pine på sijg" (frå Jes. 53,4). Kunstnaren er ukjend, men innskrifta nedst fortel kven gjevarane er, "Jesu Tienere oc Tienerinde Fendrich Offu Christianson og Dyd Ædle Barbro Danniels Datter Bugge 1692".

Kva tilhøvet er mellom denne tavla og den frå 1673 som er på Sunnfjord Museum, er uklart. Tavla frå 1673 skal ha vore i kyrkja fram til 1884, men ei inventarliste frå 1703 seier at "1 Skilderie som staar paa Alteret foræret af Owe Christian". I den nye kyrkja kom det i fyrste omgang ein trekross på alteret, og fyrst rundt 1960 kom noverande altertavle på plass i kyrkja.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i messing og ein liten trearma lysestake i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, og ei vinkanne, alle i sølv, og ei brødøskje frå 1963. Både preikestol og døypefonten er i tre og frå 1885. I lag med døypefonten er eit udatert dåpsfatet i messing, ei dåpsmugge og eit krus. Her finn ein òg ein bibel frå 1738 og eit vinanker, truleg til altervin, med årstalet 1754 rissa inn.

Orgelet frå 1985 har fire stemmer, og er laga av Jehmlich Orgelbau i Dresden. Kyrkjeklokka har innskrifta "Støpt i Bergen av J. T. Becker 1851." Det er tale om ei omstøyping. Det vert fortalt at ei fattig kvinne som vart kalla Myra-Synnøve, som hadde vore på tukthus, sa: "Når eg skal i grava, då kjem dei til å ringje så hardt at ho klovnar." Og det hende verkeleg då ho døydde i 1848. Klokka er truleg frå den eldste kyrkja på 1600-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Haukedalen kyrkje 1885 - 100 år - 1895. Førde sokneråd 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR