Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stongfjorden bedehuskapell



Stongfjorden bedehuskapell er eit påbygd bedehus i tre som står i bygda Stongfjorden i Askvoll kommune. Bedehuskapellet, som har 300 sitjeplassar, vart bygt i 1908 og vigsla til kyrkjeleg bruk 6. desember 1914 av prost Jonas Rein Landmark. Martinus Haugen laga teikningane til det opphavlege bedehuset og arkitektfirmaet Torgeir Alvsaker og Einar Vaardal-Lunde laga planane for ombygginga til kapell. Stongfjorden høyrer til Askvoll sokn i Askvoll prestegjeld.

Bedehuskapellet i Stongfjorden vart bygt som bedehus, men frå fyrste stund var tanken og ønskjemålet at det skulle byggjast eit kapell. Det skulle gå nærare 60 år før det vart realisert.

Bedehuskapellet i Stongfjorden vart bygt som bedehus, men frå fyrste stund var tanken og ønskjemålet at det skulle byggjast eit kapell. Det skulle gå nærare 60 år før det vart realisert.

Eigar: Knut Ole Holmar.

Datering: 2001.

Fotograf: Knut Ole Holmar.

Gudshus på industristad

Stongfjorden fekk bedehus året etter at den fyrste aluminiumsproduksjonen i Norden starta opp i bygda. Frå byggjenemnda fekk hand om tomta til bedehuset stod ferdig, gjekk det berre fem månader, og folketilveksten knytt til tungindustrien var ei god drivkraft.

Tomta til det som fyrst var eit bedehus, var ei gåve frå Peder Johan og Marie Stang til Stangfjordens indremission. Grunnarbeidet gjekk føre seg i all hovudsak med frivillig innsats, og då bedehuset vart vigsla i 1908, hadde Askvoll fått endå eit gudshus reist av og for folket, på rimelegaste måte. I kontrakten med byggmeisteren var kostnaden 6634 kroner. Frå fyrste stund var tanken og ønskjemålet at det skulle byggjast eit kapell på staden som kunne nyttast til kyrkjelege handlingar, slik at dei slapp kyrkjereisene til Askvoll. Bedehuset var med andre ord eit fyrste byggjetrinn.

Ønskje om kortilbygg

Frå 1911 fekk Stongfjorden to årlege gudstenester, og i samband med at bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1914, fekk bygda godkjent inntil seks gudstenester for året. Men framleis hadde ikkje kapellet verken tårn med klokke, kor eller sakristi. Huset var med andre ord ikkje utstyrt som eit kyrkjebygg. Alt i 1911 sende Stongfjorden indremisjonsforeining søknad, med tilråding frå Askvoll kommunestyre, om statstilskot til kortilbygg, slik at huset kunne vigslast til kyrkjeleg bruk. Det fekk dei ikkje.

I 1936 sende indremisjonsforeininga ein ny søknad direkte til Kyrkjedepartementet om ei offentleg støtte på 8000 kroner. Soknerådet la ved ei sterk tilråding, og argumenterte med at søknaden til gudstenestene i Stongfjorden alltid hadde vore svært god. Det var difor stor trong for dei utvidingar som det no vart søkt om. Søknaden vart ikkje imøtekommen, og kyrkjelyden måtte smørje seg med tolmod før dei fekk gjennomslag for ønskja sine.

Frå optimisme til nedlegging

Når det tok over 60 år frå bedehuset vart bygt til den opphavlege tanken om kyrkjehus vart røyndom, kan forklaringa for ein del vere utviklinga av bygda som industristad. Dei fyrste åra rådde ein stor optimisme i bygda, og dei mange arbeidarane som kom hit hadde nok også interesse av å ha eit gudshus på staden. I lokalmiljøet hadde fabrikkleiinga viktige føremål dei måtte prioritere, slik som bygging av arbeidarbustader og eigen skule.

Men også AS Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker støtta bedehuset i starten, med utstyr og elektrisk straum. I 1918 stansa fabrikkdrifta på grunn av problem med vassføringa. Nokre år seinare kom arbeidet i gang att og heldt seg då gjennom dei ustabile 1930-åra, like til andre verdskrigen. Etter den tid dreiv tyskarane fabrikken, men måtte til slutt innstille på grunn av råstoffmangel. Tyskarane tok seg også til rette i bedehuset frå 1941 til 1943. Dette førte til ein god del arbeid med istandsetjing og vask etterpå.

Påbygging etter krigen

Etter at industrieventyret i Stongfjorden var over, sette indremisjonsforeininga i gang med å søkje både om løyvingar og utbygging. Ved hjelp av innsamla pengar og kommunale midlar vart dei opphavlege planane etter kvart realiserte. Det som frå fyrst av var bedehus er i dag skipet i bedehuskapellet.

I 1949 vart det reist ein mellombels stopul til å hengje kyrkjeklokka i, slik at gravstaden kunne takast i bruk (1950). I 1963 stod kjellaren med matsal, kjøken og toalett ferdig. Koret vart bygt til i 1970 og då kunne huset endeleg kallast bedehuskapell. I tilbygget vart det laga plass både til prestesakristi og dåpssakristi. Året etter fekk Stongfjorden bedehuskapell tårn over våpenhuset.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1933 er måla av Per Vigeland og viser bilete av Jesu oppstode. Ho har innskrifta "Eg er uppstoda og livet!" Ramma er laga av Elias Sølvberg frå Innvik, og tavla er ei gåve frå Sofie Fauskevik. Per Vigeland (f. 1904) var brorson av Gustav Vigeland og mest kjend for kyrkjeleg utsmykkingsarbeid i mosaikk og glasmåleri. Av dei mest kjende er Capella Johannea (Johanneskapellet) i Prestenes (Majorstua) kirke i Oslo.

Antependiet frå 1960-åra, er laga av Mildrid Gjerde. På alteret står to lysestakar frå 1914, ei gåve frå Martinus Haugen (arkitekten). Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1914, ei gåve frå sokneprest Strømme.

Preikestolen frå 1970, er laga av O. Ask snikkarverkstad. Døypefonten er òg frå 1970. Dåpsfatet og dåpsmugga er utan dato.

Orgelet frå 1927 har fire stemmer, og er finansiert ved midlar songlaget i Stongfjorden samla inn. Kyrkjeklokka frå 1948 er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi. Ho har innskrifta "Herren kaller".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR