Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2007

Sist oppdatert 25. april 2019

Kategori

Kommune

Olav den heilage - Skulptur frå Fresvik



Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og seinare kjend som Olav den heilage. Etter kvart voks det fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar (Olav-segner), Olavskjelder med lækjande vatn og skulpturar. Ein av dei best kjende Olav-skulpturane høyrde opphavleg heime i Fresvik.

Olav-skulpturen frå Fresvik 2007, utstilt i Middelaldersalen i Historisk Museum i Oslo.

Olav-skulpturen frå Fresvik 2007, utstilt i Middelaldersalen i Historisk Museum i Oslo.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Mari Ese.

I Oslo

Helgenkongen Olav den heilage vert også nemnd som St. Olav (st. - forkorting for sankt, frå engelsk saint- helgen, heilag). Olav-skulpturen frå Fresvik er i dag utstilt i Historisk Museum i Oslo. Han er omtala på nettstaden www.arkeoland.uib.no. Nedanfor fylgjer omtalen omskriven til nynorsk.

Framstilling

Helgenkongen er framstilt som ein slank, ungdommeleg fyrste, sitjande på ein enkelt profilert benk med pute på. Han har krone på hovudet, den venstre armen og handa er bøygd opp framfor brystet for å halda ei bortkomen kappesnor. Den høgre handa har vore strekt fram og heldt eit økseskaft som har gått ned i eit holrom på høgre kne.

Føtene er litt skilde og endar på ei rund plate som skal førestilla jordoverflata. Kongen er kledd i ein underkjortel og ein lang, tynn overkjortel som er halden saman rundt livet med eit belte med ei halvrund spenne. Kjortelen fell ned over høgre foten slik at den lange, rikt dekorerte sokken blir synleg. Kappa er pelsfora og kransar akslene i ein tjukk kant. Ho kjem fram under høgre alboge og dekkjer høgre fot ned på leggen. På venstre side fell kappa ned på benken og vidare ned langs sida av figuren.

Der er ei lita bart [mustasje] , stripet skjegg utan krøller og kort hår som er krølla opp i nakken. Foldestilen [i klesplagget] høyrer til engelsk ung-gotikk. Foldane går naturalistisk smalt ned over brystet og posar seg opp over beltet. Dei går vidare på same måten ned over underkroppen på høgre side og over høgre fot.

Skulpturen er uthola på baksida. Der er spikermerke i kantane som tyder på at baksida ein gong har vore heilt dekka av ei plate som nå berre dekkjer nedre del.

Fargar

Underkjortelen er kvit, overkjortelen raud med mørke halvmånar og liljer. Opphavleg var dei truleg forgylte. Kappa er grønleg med kvit og blåleg-grøn skinnforing. Benken har lange, svarte spissboga vindauga på kvit botn. Kantflatene på benken er svarte med raude sirkelornament og raude avgrensingar.

Skadar

Høgre arm er slegen av albogen, venstre hand manglar fingrar, takkane på krona er slegne av og den tynne treflata bak venstre foten og bak venstre alboge er slegen ut. Det er mange mindre skadar på treverket. På kridering [fyllstoff] og maling er der mange større og mindre skadar. Eit stykke av halsen vart truleg saga av på 1300-talet for å gje hovudet ei moderne, framoverlutande stilling. Dette og anna vart reparert i 1960-åra.
 

I omtalen er elles opplyst at skulpturen er laga av eik. Han er 130 cm høg, 56 cm brei og 47 cm djup. Alderen er oppgjeven til ca 1250. (Så langt omtalen på nettstaden www.arkeoland.uib.no)

Gamlekyrkja spreidd for alle vindar

Kyrkja i Fresvik stod ferdig i 1881, og avløyste ei fleire hundre år gamal kyrkje som stod på same staden. Gamlekyrkja vart bygd som stavkyrkje. Ho er nemnd i skriftlege kjelder i 1317 og seinare i samband med utviding på 1600-talet, og ymse vølingsarbeid.

I 1850 kom ei ny lov om kyrkjer og kyrkjegardar. Lova kravde at kyrkjene skulle ha plass til minst 1/3 av folka i kyrkjesoknet. Etter denne lova var kyrkja i Fresvik for lita. Ho måtte enten utvidast eller det måtte byggjast ny.

Fresvikjene reiv den gamle kyrkja si i 1880. Noko av materialene vart brukt i nyekyrkja, og noko vart selt på auksjon. Mykje av inventaret i gamlekyrkja vart óg spreidd for alle vindar, såleis tre svært verdfulle treskulpturar, Olav-skulpturen som er omtala i denne artikkelen, ein madonnafigur og eit krusifiks.

Frå Fresvik til Oslo

Medan krusifikset og madonnafiguren enda opp i Bergens Museum, kom Olav-skulpturen til det nyskipa Nordiska Museet i Stockholm. Me manglar nærare opplysningar om korleis det bar til at eit kulturhistorisk klenodium i Fresvik enda opp i Sverige. Under tilvekstnummer 17797 i museet sin hovudkatalog, står berre dette: "Helgenbillede fr. Fresvigs sn. Fra Fresvig kirke". Frå ei anna kjelde har me tillegget: "Ved Torjus Leifsson Jore." Torjus Jore var Nordiska Museet sin fremste medarbeidar i Noreg.

Nordiska museet vart grunnlagt i 1873 av språkmannen og folkloristen Artur Hazelius. Tanken bak var å skapa eit stort museum med Norden som arbeidsfelt. Den viktigaste oppgåva skulle vera å ta vare på kulturarven i bondesamfunnet. Torjus Leifsson Jore frå Gransherad i Telemark var leiar for innsamlingsarbeidet i Noreg. Han gjorde sjølv fleire samlingsferder rundt om i landet.

"Helgenbilledet" frå Fresvik vart ført tilbake til Noreg i 1972 i samband med at Universitetets Oldsaksamling (no i Kulturhistorisk Museum) skipa til ei stor jubileumsutstilling. Skulpturen er no utstilt i Middelaldersalen i Historisk Museum i Oslo. (Historisk Museum i Oslo er eitt av fleire museum i Oslo som høyrer til Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo. Den tidlegare Universitets Oldsaksamling er innlemma i Kulturhistorisk Museum).

Olav-skulptur frå Luster

Ein annan Olav-skulptur frå Sogn og Fjordane er oppbevart i Historisk Museum i Bergen. Skulpturen vart send til Bergen etter at sokneprest Halvorsen i Luster i 1905 melde frå om ein merkeleg skulptur som låg på loftet i Dale kyrkje. Soknepresten skreiv at skulpturen hadde gått under namnet "Troldkjæringi" og var til "stor Skræk og Gru for baade gamle og unge."

I Bergen fann fagfolka ut at "Troldkjæringi" var ein Olav-skulptur frå kring 1275, 151 cm høg og 41 cm brei. Kongen sit på ei trone. Venstre handa er lyfta mot brystet, medan høgre handa kanskje har halde ei øks.

Fellestrekk

Dei to Olav-skulpturane frå Sogn er vitnemål om Olavsdyrkinga i Mellomalderen. Dei er om lag like gamle (siste halvdel av 1200-talet). At dei vart sende ut or fylket omtrent på same tida (rundt århundreskiftet 1900), kan for ein del skuldast at det lokalt ikkje var syn og sans for å ta vare på dei som kulturhistoriske minne.

kjelder:

Henden Aaraas, Marie: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bind 1, Sogn, 2000
Danbolt, Gunnar: Norsk kunsthistorie. Bilde og skulptur frå vikingtida til i dag. Oslo 1998.
Aars, Harald, o,fl.: Norsk Kunsthistorie. Oslo 1925.
Informasjon frå:
Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.
Nordiska Museet, Stockholm.