Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mai 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fire gardfjøsar på rad og rekke i Ytre Oppedal



Ytre Oppedal er meir enn ein travel ferjestad på sørsida av Sognefjorden. Her er ei interessant naustrekkje, mange eldre hus bygde i stein, eller der veggen mot den verste vêr- og vindretningen er sett opp av stein, og, eit gardshistorisk bygningsinnslag bygda kan henda er åleine om i Sogn og Fjordane; fire gardfjøsar på rad og rekke.

<p>Gardfj&oslash;s i skiljet mellom innmark og utmark i Ytre Oppedal (litt til venstre for elektrisitetsp&aring;lane).</p>

Gardfjøs i skiljet mellom innmark og utmark i Ytre Oppedal (litt til venstre for elektrisitetspålane).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Mellom innmark og utmark

Eit par hundre meter aust for ferjekaia tek ein bygdeveg av oppover og sørover forbi fire gardstun som alle ligg på vestsida av vegen. På austsida av vegen ligg samanhengande dyrka mark. I skiljet mellom innmarka og utmarka går eit steingjerde eller ein steingard. I denne steingarden er bygde fire fjøsar, ein for kvart av dei fire gardsbruka. Dei utgjer ein del av steingarden, og av dette kjem namnet, gardfjøs.

Mykje stein

Steingarden inneheld mykje stein. Det er alt saman rydningsstein, stein som måtte bort då dei dyrka jorda. Her i Ytre Oppedal vart dei kvitt ein del av rydningssteinen ved å leggja steinen i steingard, steingjerde. På den måten kom rydningssteinen til nytte som gjerde mellom innmarka og utmarka.

Godt tilpassa

Gardfjøs var tenleg tilpassa på to måtar. Det eine var at fjøsen var ein del av gjerdet, steingarden. Det andre at husdyrgjødsla gjekk nærast rett ut på den dyrka marka.

Bruk

Gardfjøsen var gjerne ein fjøs brukt om våren og førsommaren, den første tida buskapen gjekk på utmarksbeite, før buskapen vart førde til beite lenger unna, til støls, og ei tid om hausten etter at buskapen var teken ned frå stølen, men før buskapen blei sett inn i heimefjøset for vinteren. Dei mjølka kyrne i gardfjøset. Det var båsar der, og kyrne heldt seg gjerne inne om natta til dei vart mjølka om morgonen. Gardfjøsane vart brukte i ei periodisk stasjonering av mjølkekyrne vår og haust.

Fire på rad og rekkje

Går ein bygdevegen oppover er det lett å leggja merke til dei fire gardfjøsane, den eine etter den andre. Dei har fleire felles trekk. Alle er bygde i stein, alle ligg i steingarden, og bortsett frå ein er alle utan tak. Det kjem av at det tankonstruksjonen var i tre og det er lenge sidan gardfjøsane var i bruk.

Ingen ting å sjå?

Ytre Oppedal har ikkje dei svære spektakulære turistattraksjonane. Reisande på  veg nordover svippar kan henda innom storkiosken før turen over fjorden til Lavik. Reisande andre vegen køyrer i land og gir gass mot Risnefjorden og fylkesgrensa. Men Ytre Oppedal er meir enn ferjestaden. Ved å køyra tilsides og leggja inn ein pause på ein time og to, ta føtene fatt og gå seg ein tur, nedom naustrekkja og oppover og framom gardstuna, over elva eit stykke oppe og nedatt til sjøen – er det litt av kvart å sjå. Ei interessant bru, også.
 

kjelder: