Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. mars 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Laksetrappa i Osfossen i Gaula – om bygningsmenn og årstal



Osfossen ligg ved utløpet av det vidgjetne Gaula-vassdraget i Sunnfjord. Laksetrappa ved denne fossen er kjend som den første i landet, bygd av ein irsk laksefiskar, år 1869. Dessutan står det å lesa «på Nettet» at ho er «Nord-Europa si eldste laksetrapp» «og trolig den tredje eldste i verden». Er dette rett? Er fasiten så enkel – berre eitt årstal og ein bygningsmann? Og let det seg gjera å plassera laksetrappa i Osfossen øvst på «Nord-Europa»-toppen, etter alder?

Osfossen ved utløpet av elva Gaula. Laksetrappa, bygd i åra 1866-1872 (1869), går tett attmed fossen på sørsida (høgre). Byggjeåret vert gjerne oppgjev til 1869, året det finst opplysning om at fisk blei observert i den då ikkje fult ferdige laksetrappa.

Osfossen ved utløpet av elva Gaula. Laksetrappa, bygd i åra 1866-1872 (1869), går tett attmed fossen på sørsida (høgre). Byggjeåret vert gjerne oppgjev til 1869, året det finst opplysning om at fisk blei observert i den då ikkje fult ferdige laksetrappa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Fleire namn og årstal

Dalsfjorden strekkjer seg så å seia heilt inn til Osfossen, og fossen låg som eit bastant hinder for laks og sjøaure til å koma opp i elva, heilt til det blei bygt laksetrapp rundt 1870. Bygginga er nemnd mange stader; - i mange slags kjelder; trykte og utrykte, eldre og yngre. Det førekjem fleire namn og fleire årstal, men mange  stader står berre eitt namn og eitt årstal.

Nokre utvalde døme viser dette.

«Hr. Carl Bruun i Bergen»

Den 10. oktober 1875 hadde avisa Bergens Adressecontoirs Efterretningar ei notis med klar beskjed: «Æres den som æres bør». Ein innsendar hadde lese i den britiske avisa The Times at det var bygd ei laksetrapp i Glomma, ved Sarpefossen. Avisstykket ga  inntrykk av at det var den første laksetrappa i Norge. Dette ville innsendaren ha korrigert. Det var kjøpmann Carl Bruun i Bergen som bygde den første laksetrappa – jamvel fleire år før det var tale om laksetrapp i Sarpefossen - for ein «irsk Gentleman», i elva Gaula, «beliggende i Dalsfjorden (Søndfjord), omtrent 12 Timers Gang med Dampskib fra Bergen.»

«by an Irish gentleman»

Rundt århundreskiftet 1800/1900 fiska engelskmannen Sir Charles Thomas Stanford i Gaula. Han skreiv bok; A river in Norway (1903), i norsk omsetjing 1904. Sir Thomas Stanford fortel at laksetrappa, the ladder, «was constructed about thirty years ago [dvs. rundt 1870] by an Irish gentleman.» Denne iraren var Mr. William Trumperant Potts (1806-1881). Han hadde fiskerett i ved Osfossen frå 1868.

«Gaardbruger O.R. Døskeland» (1820-1906)

Garden Døskeland ligg på sørsida av Gaula, eit par tre kilometer vest frå bygdesenteret Sande. Rundt 1870 åtte Ole Rognaldson Døskeland garden. Han var meir enn berre gardbrukar. I minneord i Nordre Bergenhus Amtstidende, 7. november 1906 står mellom anna:

«Blant andre ting har Døskeland sat sig et varig minde i bygden [Sande sokn i Gaular] ved at have bevirket, at den store Gaulaelv, hvor der før ikke var laks, er bleven en af amtets rikeste lakseelve; thi i en tid, da de fleste mente, at der var at kaste pengene i fossen, fik han anlagt laksetrappe i den stupbratte Ousfos, og laksen fandt nu vei om fossen, uagtet mange mente, at Døskeland maatte have tømme paa laksen for at styre den dit.»

Tre Internett-stader – 2018

Søk på Internett gjev mange treff. Tre døme viser fleire årstal og namn.

1) «Norges eldste laksetrapp, bygd i 1870, (…) trappen er trolig også den tredje eldste kulpetrapper i verden. Trappen ble konstruert av den irske laksefiskeren William T. Potts i samarbeid med fiskerikonsulent (sic) Carl Bruun» (Wikipedia med referanse til NRK fylkesleksikon) Merknad: Carl Bruun var kjøpmann i Bergen, ikkje fiskerikonsulent.  

2) «Laksetrappa i Osen var bygd i 1869 og er Norges første og Nord-Europa si eldste laksetrapp.» (Sunnfjord utvikling)  

3) «Den eldste laksetrappen som fortsatt er i drift, finnes i Osfossen i Gaula, Sogn og Fjordane (ferdig 1876). (Store norske leksikon)

Med dokument frå «Fiskeri-inspektøren» som kjelde

År 1859 fekk Norge eit eige statleg organ for ferskvannsfiskeria. Ein fiskeriinspektør og to fiskeriassistentar skulle arbeida for å fremja fisket i innsjøar og vassdrag. Eitt arbeidsområde var å sjå på korleis laks og sjøaure kunne koma forbi hindringar, først og fremst fossar, for å koma opp og fram til fleire gyteplassar. Det å byggja laksetrapper vart halde fram som eit nyttig tiltak, og år 1866 ga inspektøren ut eit rettleiingshefte. Han hjelpte og til med rettleiing og tilsyn i konkrete tilfelle.

Fiskeriinspektøren gav ut  beretningar (meldingar) om arbeidet sitt. I fleire beretningar står det og om det som kan kallast Prosjekt laksetrapp i Osfossen. I følgje denne kjelda var Prosjekt laksetrapp i Osfossen eit anlegg som gjekk over fleire år, og fleire namn kan knytast til byggjearbeidet. Fasiten er ikkje eitt einskilt år, og ikkje ein einskild person.

«det betydeligste Anlæg»


Fiskeriinspektøren si melding for åra 1874-1875 har ei oppsummering av arbeidet med å byggja laksetrapper og eit kort tilbakesyn på tiltak i åra før 1874. Tre prosjekt er nemnde særskilt. Laksetrappa i Osfossen er rangert først, - «det betydeligste Anlæg af dette Slaget er Laxetrappen ved Osfossen i Gaula Elv i Søndfjord.». Ved hjelp av opplysningane i dette dokumentet og andre dokument utarbeidde av Fiskeriinspektøren, let det seg gjera å setja opp ei datoliste for byggjinga av laksetrappa i Osfossen.

1859, 27. september
Kongeleg proposisjon som inneheld noko om byggjing av laksetrapper

1860
Stortinget løyvde 250 Specidalar (Spd.) i samsvar med kgl, proposisjon året før. Løyvinga kom ikkje «til anvendelse» (vart ikkje brukt.)

1866
Fiskeriinspektøren ga ut brosjyre med rettleiing for bygging av laksetrapper. Hovudprinsippet var å byggja trappa kulp for kulp, slik at laksen skulle gå opp frå den eine til den andre. Ei slik trapp kunne byggjast i tre eller ved oppmuring og minering (sprenging i fjell), ved sida av fossen.

1866
Fiskeriassistent Baade utarbeidde plan for bygging av laksetrapp i Osfossen, tilpassa etter standardplan konstruert («inventeret») av fiskeriinspektør Hetting.

1866 – 1867
Eit «Interessentskab» (eit selskap/firma med meir enn ein person/eigar) som hadde skaffa seg fiskerett for ei viss tid, sette bygging av laksetrapp på dagsorden. Arbeidet «blev pabegyndt» av «Lensmand Falch» og «Gaardbruger Døskeland». Merknad: Gardbrukaren var Ola Rognaldson Døskeland (1820-1906). 

1868
Heile føretaket («hele Foretagende»), fiskretten og påbyrja laksetrapp, vart selt til ein irlendar, «Mr. Potts». Han heldt fram med byggjearbeidet; no utan assistanse frå fiskeriinspektøren, men med «Kjøbmand C. Bruun» i Bergen som medhjelpar. Fiskeri-inspektøren sin plan vart noko justert/endra («modificeret»). Ein stad står at den opphavelege planen vart forkasta, men seinare henta fram att, og brukt med justeringar.

1869, hausten
Meldinga for åra juli 1868 – september 1870, er underskriven 02.11.1870. Det er vist til ei melding frå fiskeriassistent Baade, datert 30. september «sidstleden», dvs. 1870. Her går det fram at hausten året før, «i fjor Høst», dvs 1869, skal laksen «ha vist sig (..) i Renderne». Det står ikkje eksplisitt at laksen er observert komen heile vegen opp trappa, men det er heller ikkje heilt usannsynleg. Trappa var ikkje fullt ferdig.

1872
I beretninga 1871-1872 står følgjande: «lykkedes at faa en del Lax op». Det står elles: «Ved det af en Englænder som i min forrige beretning anført [1868-1870], i Osenfos i Gaulaelv i Nordfjord foranstaltede Mineringsarbeid, er det nu lykkedes, at faa en del Lax op.» Det går elles fram i beretningen at for å få opp meir laks, må det «mineres mere.» Laksetrappa fungerer, men er ikkje fullt ut ferdig.
Merknad: I det eine sitatet frå Fiskeriinspektøren finst to døme på faktiske feil: «Englænder» istadenfor det rette: irlendar, og «Nordfjord» istadenfor det rette: Sunnfjord. Fiskeriinspektøren sine bertningar er heller ikkje å stola på i eitt og alt.

1872-1873
Av beretning 1872-1873 går det fram at det også har vore utført mineringsarbeid i Gaula lenger oppe/framme enn Osfossen, nemleg i «Alværfos».

Konklusjon

Laksetrappa i Osfossen vart bygd i åra 1866-1872, eller rundare formulert, kring 1870. Anleggsarbeidet må ha gått føre seg av og til, i fleire omgangar, ikkje samanhengande. Det er truleg fleire grunnar til at arbeidet gjekk over fleire år, så som manglande tilgang på byggjekapital («udminering», å sprengja i fjell, var kostbart), eigarskifte og endring av plan for korleis trappa skulle byggjast.

Fleire namn kan knytast til prosjektet; «Lensmand Falch», gardbrukar Ole R. Døskeland, fiskeriassistent Baade, irlendaren William Trumperant Potts, og kjøpmann Carl Bruun. Alle var ikkje inne i prosjektet samstundes. Mr. W.T. Potts fekk fart i byggjearbeidet frå 1868. Han hadde fiskerett, han var etter alt å døma sakkunnig, og, ikkje minst, han kom inn som solid investor. I Fiskeri-inspektøren si beretning 1874-1876 er byggjesum oppgjeven til 1000 Specidalar. 

Den første laksetrappa i Norge


Kva kan det så seiast om laksetrappa i Osfossen sin plass på Norges-toppen, rekna etter alder/byggjeår? Det er ikkje påvist noko innhogge årstal i fjell, på stein, attmed laksetrappa i Osfossen, slik vi ofte ser ved vegar og bruer. Av datolista går det fram at byggjearbeidet gjekk over fleire år, og at det gjekk fisk i trappa før ho var fullt ferdig,

Med innberetningar frå Fiskeriinspektøren for Ferskvandsfiskeriernes Fremme, utgjevne i åra 1868-1876 som kjelde, kan følgjande punkt haldast fram:
1) Lakestrappa i Osfossen vart pr. 1876 rekna som «det betydeligste Anlæg» av tre særskilt nemnde laksetrapper bygde før 1874. (beretning datert 1876)
2) Laksetrappa i Osfossen blei etter alt å døma påbegynt før dei to andre, nemleg 1866-1867.
3) Det føreligg opplysning om at det blei observert fisk i laksetrappa i Osfossen hausten 1869, før tilsvarande opplysningar om dei to andre.

Konklusjon: Laksetrappa i Osfossen var den første laksetrappa i landet. År 1869 blei det observert fisk i trappa, sjølv om trappa då ikkje var fullt ut ferdig.

Den eldste i «Nord-Europa»?

Kva så med plass i «Nord-Europa»-samanheng eller «verden», - den eldste i «Nord-Europa», «trolig den tredje eldste kulpetrapp i verden?» Det er lite å finna til støtte for slike plasseringar hjå Fiskeriinspektøren for Ferskvandsfiskeriernes Fremme. Tvert imot, i det nemnde rettleiingsheftet for byggjing av laksetrapper år 1866, er det fleire stader vist til laksetrapper i utlandet; «skotske og irske laksetrapper», «de irske og skotske af Mur opførte Trappe», «hvordan man i andre land bygger sine trapper».

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indberetning fra Fiskeri-Inspektøren angaaende hvad der i Aarene 1874 og 1875 er foretaget til Ferskvands-fiskeriernes Fremme. Kristiania 1876.


M.G. Hetting: Veiledning i at bygge Laxetrapper. Kristiania 1866


Sogn og Fjordane-Irland: Potts på Osen gard i Bygstad


The Ladder - Laksetrappa i Osen

PERMANENT IDENTIFIKATOR