Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. juni 2010

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fylkesbaatane - Dampen 100 år



Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sitt hundreårsjubileum i 1958 hadde særs god dekning i avisene i fylket. Den store interessa kom av to ting, at kongen kom og at folket i fylket kunne sjå tilbake på eit transportselskap som i 100 år hadde skaffa framgang og utvikling i Sogn og Fjordane.

Skipingsdatoen for Fylkesbaatane er 2. desember 1858, dagen då DS ”Framnæs” blei sett inn på ruta Bergen-Sogn. Avisa <i>Sogn og Fjordane</i> si utgåve 28. november 1958 var i røynda eit jubileumsnummer. Over halve utgåva handlar om Fylkesbaatane.

Skipingsdatoen for Fylkesbaatane er 2. desember 1858, dagen då DS ”Framnæs” blei sett inn på ruta Bergen-Sogn. Avisa Sogn og Fjordane si utgåve 28. november 1958 var i røynda eit jubileumsnummer. Over halve utgåva handlar om Fylkesbaatane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1958

Fotograf: faksimile

”grunnfesta plass i folkesjela”
Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, hadde ein kommentar-artikkel (leiar) til jubileet 2. desember. Redaktøren syner mellom anna Fylkesbaatane sin grunnfesta plass i folkesjela. ”Det har alltid vore eit personleg tilhøve mellom folket i bygdene og Fylkesbaatane."  Nedanfor følgjer heile artikkelen slik han stod med unntak av mellomtitlane.

”Dampen” 100 år
”Då første fylkesbåten for 100 år sidan stemnde frå Bergen mot Sogn og Fjordane, var nok både dei framsynte mennene som hadde fått tiltaket i verk og sjømennene om bord, klåre over at no siglde dei inn i ei ny tid. Ei tid som dei vona skulle føra til framgang og utvikling for folket i dette grisgrendte fylket. Men at det var eit så hendingsrikt hundreår med ei så veldig utvikling, det hadde dei nok ikkje drøymt om.”

Klokskap og pågangsmot
”Det er sume menneske gjeve ein særleg klokskap til å skjøna korleis det nye i tida vil utvikla seg framover, men ikkje alle er dristige nok til å nytta ut utviklinga. Dei mennene som gjekk i brodden for å skipa ”Dampskibene”, hadde både evne til å sjå utviklinga og det dristige pågangsmotet som trengdest til å setja eit så stort tiltak ut i livet og dermed gje folket og bygdene grunnlag for ny framgang og vokster.”

.. i vonde og gode tider..
”Og så har Fylkesbaatane levd vidare med bygdene og folket her i vonde og gode tider. Framover har det gått, trass i at sume tider kunne vera harde tilbakeslag. Fylkesbaatane slapp såleis heller ikkje uskadde frå siste krigstida.”

Personleg tilhøve
”Det har alltid vore eit personleg tilhøve mellom folket i bygdene her og Fylkesbaatane. Småborna såg med stor interesse og age på ”Dampen” som kom der ute frå den vide verda med folk, post og varer, og dei såg med stor misunning på dei vaksne som kunne gå om bord for å ta seg ein tur til grannebygda eller byen. Og den dagen barnet fekk vera med far eller mor på ein liten tur med ”Dampen”, vart ei oppleving som dei hugsa heile sitt liv.

Skulle ungdomane ut i verda og søkja seg arbeid, eller dei skulle på skulebenken, så var det ”Dampen” dei reiste med, og med han kom det brev frå farbror eller moster i Amerika, ein forelska ungdom venta brev frå han eller henne, og jamen kunne krav om bankrenter og skatt ogå koma med ”Dampen”.

Med ”Dampen” sende dei poteter og slakt og anna som skulle gje innkome. Litt vemodig var det nok når Blakken eller Dagros måtte fara siste turen med ”Dampen”. Men så hende det og at det uventa kom framandfolk med ”Dampen”, og då spurdest det straks over heile bygda. Stille stod folket på bryggja når nokon måtte reisa til sjukehuset på ”Dampen”.

”Dampen” og folket
Slik vaks folket og ”Dampen” seg saman til eitt. Både i det daglege livet og serlege hende kom alltid ”Dampen” inn i biletet. Dei kunne kritisera og vera harme sume tider både for ruteordninga og andre ting, men når nokon annan ville Fylkesbaatane til livs, så kom ikkje der. Då vart båtane ”våre” tekne i det varmaste forsvar. Det såg ein og i den hardaste tevlingstida då mange var harme på dei som brukte tevlingsbåtane og ikkje sende eller fekk varene sine med ”Dampen.”

Hovudnerva
”Trass i at utviklinga har ført til at det no går mykje trafikk med landverts transportmidlar, er Fylkesbaatane framleis hovudnerven i samferdsla i Sogn og Fjordane fylke, og mellom fylket og Bergen. Så lenge det har butt folk i bygdene her, har det siglt båtar inn og ut Sognefjorden, og slik vil det verta, jamvel om ein skulle nå så langt å få veg på båe sider av fjorden.”

Takk og helsing til alle
”Når Fylkesbaatane no rundar 100 år, vil me gjerne senda vår takk og helsing. Denne helsing og takk ber me fram til administrasjonen som står for den daglege leiinga, og me ynskjer dei lukke til med den vidare utbygginga og moderniseringa som alt no er kome så langt at selskapet på den måten er mellom dei fremste i landet.

Og aller mest går vår helsing og takk til mannskap og offiserar om bord i båtane. Dei som med sitt arbeid både dag og natt, kvardag og helg, i solfulle sumardagar og stormfulle, mørke vinternetter fører båtane trygt fram. Med truskap og dugleik står dei på post i sitt ansvarsfulle arbeid, i lange tider borte frå heim og huslyd. Lat oss senda desse folka ei serleg varm og takk både no ved jubileet og elles når me sit trygt og varmt i stova heime.”

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 27.11.1958