Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. desember 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lauving og rising på Urnes



Dette lauvrauket vart oppført på Molandsmorki ut på 1980-talet og viser at desse eldgamle haustingstradisjonane framleis er i hevd. Kanskje er det framleis nokon som meistrar denne teknikken i dag?

Dette lauvrauket vart oppført på Molandsmorki ut på 1980-talet og viser at desse eldgamle haustingstradisjonane framleis er i hevd. Kanskje er det framleis nokon som meistrar denne teknikken i dag?

Eigar: Leif Hauge

Datering: 2006

Fotograf: Leif Hauge


Lauving er truleg den eldste forma for fôrsanking som kan påvisast. I motsetnad til slått som krev skarpe kniv- og ljåblad, kunne lauv sankast utan reiskap berre ved å bryte av greinr og kvistar. Ut frå gravfunn og pollenanalysar i myrar kan vi sjå at lauvsank har vore viktig sidan gardsetablering i bronsealder og eldre jernalder.

Namn og nemningar

Omgrepet lauving er knytta til sjølve fôrhaustingsprosessen med å kappe kvistar med lauv på, enten frå større trestammer (styving), eller frå rot- og basisskot frå ung lauvskog og kratt (stubbelauving). I Luster brukte dei ofte omgrepet naving. Styving og stubbelauving vart gjennomført med faste intervall, gjerne 4-6 år.

Lauv vart også samla ved hogst av større lauvtre (fedlelauving), eller ved vanleg rydding av slåtte- og beitemark. Det vart vanlegvis brukt ein lauvkniv, eller snidil, til dette arbeidet som føregjekk heile sommaren og fram til trea miste blada om hausten.

Rising og skaving

Svært mykje lauv vart også hausta på vinterstid og tidleg på våren som ris og skav (sjå Almelund, Loi). 2-4 år gamle kvistar av alm og bjørk utan lauv, men med velutvikla og friske knoppar, vart samla i knipper (ris). Alm var det viktigaste treslaget til skaving, men også andre treslag som rogn og selje vart brukt. Skavet vart oftast gitt saman med høy, eller blanda saman med lunke vatn til ei "sørpe" og etter litt svelling gitt til kalvar og mjølkekyr.

Fôrsank på Urnes gard

Det var svært store mengder fôr (lauv, ris og skav) som vart tidlegare vart hausta i utmarka. På Urnes gard vart det i 1865 samla 4000 kjerver med bjørkelauv, 1000 kjerver med orelauv, mest frå gråor, og 600 kjerver med ospelauv. I tillegg hausta husmennene på garden rundt 10 000 lauvkjerver. På denne garden vart det såleis i 1865 hausta minst 15600 kjervar.

Ein kjerv er eit armomfang, eller bunt med lauv med kring halvannan meter lange kvistar. Med ei friskvekt på 6-8 kg tilsvarte lauvinga dette eine året over 100 tonn friskt fôr! Det er heilt klart at dette på sikt måtte setje tydlege spor i landskapet. På gamle foto ser ein også kor snaue fjellsidene var for tre og kor viktig det var med ein fornybar ressurs som styvingstre.

Lauvrauk

Lauvkjervane måtte og lagrast. Med avgrensa løekapasitet, måtte store mengder lagrast under hellerarar, eller i grove urer. Mange stadar var det også vanleg å setje opp lauvrauk, kjegleforma stakkar bygd opp av 240-360 lauvkjervar. Raukinga starta frå midten der kjervane vart lagt med greinstilken vendt utover, og deretter vart kjervane lagde med toppane inn mot midten og greinstilkane svakt hellande utover slik at rauka ikkje tok inn vatn. Lauvrauket kunne vere 2-3 meter i diameter ved basis og 3-4 meter høgt. Rauka kunne også oppførast i tre slik at beitande husdyr ikkje nådde opp til vinterfôret (beistafritt). Lauvrauka kunne stå ute fleire vintrar og med skikkeleg konstruksjon kunne lauvet halde seg bra. Desse raukepassane (raukstøa) har gitt namn til mange lokale stadnamn, t.d. Stakkeskåri ved Indre Kroken.

Ein har lauva på Urnes heilt opp mot vår tid. Framleis kan ein sjå lauvkjervar henge til turk, og det er heller ikkje så mange år sidan ein sette opp lauvrauk her.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hauge, L. & Austad, I. 1989. Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Luster kommune. Rapport 5. Sogn og Fjordane DH Skr. 1989:8. 98s.

PERMANENT IDENTIFIKATOR