Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vasstøylen



Skjerdal, gnr. 35, er ein veglaus gard ved Hyefjorden med store fjell-, skog- og beitevidder som er lite påverka av tekniske tiltak. Frå tunet går ein dal kransa av høge fjell om lag ei mils veg sørover, parallelt med fjorden. I denne dalen har garden to stølar: Skjerdalsstøylen og Vasstøylen. Vasstøylen ligg 3 km inne ved nedre enden av Skjerdalsvatnet i ei høgd på ca. 315 m o.h. Eit godt vedlikehalde sel står att og ein finn restar etter to fjøs. Sjå eigen artikkel om Skjerdalsstøylen.

Selet på Vasstølen ved Skjerdalsvatnet.

Selet på Vasstølen ved Skjerdalsvatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det er bygt skogstraktorveg 2-3 km innover dalen frå tunet. Frå denne er det kring 1 km til med rås fram til Skjerdalsstøylen. Vidare fram til Vasstøylen er det 3 km rås.

Bruk av stølen

Dei to stølane til Skjerdal ligg heller lågt og gjev lang beitetid. Stølstida varte frå førstninga av juni til ut september, 12 veker på heimestølen og 4 veker på Vasstøylen. Den store kvia på heimestølen er godt rydda, nærast overflatedyrka, og viser at stølsslåtten var svært viktig.

I denne store og lite påverka dalen har alltid fiske og fangst vore viktige for garden. Det er på same måten i dag. Selet på Vasstøylen er sentralt under hjortejakta. Det same når det gjeld fiske i elver og vatn. Stølsdrifta var slutt kring 1970. Meir om bruken av stølane, sjå artikkel om Skjerdalsstøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 70. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR