Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Søreidsstøylen



Søreidsstøylen (sommarstøl) ligg ca. 615 m o.h. oppe i Jardalen på austsida av Jardøla. I nedslagsfeltet til denne elva er det mykje snødekt høgfjell slik at sommarvassføringa alltid er stor. Garden Søreide (gnr. 2) nytta stølen, som ligg på graskledd skråning langs elva. Stølen var i drift fram til den allmenne stølsnedlegginga i dei første etterkrigsåra. Husa er nokså tett plasserte, meir og mindre på to rekker. 5 fjøsar og 13 sel er i bra stand. Nokre er nokså nye. 2-3 kan nærast kallast hytter.

Søreidestølen.

Søreidestølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland

Tilkomst

Tidlegare gjekk det omlag 1 time å gå råsa opp til vårstølen (sjå Søreidsvårstøylen) og vidare ca 1 time opp til Søreidsstøylen (sommarstølen). I dag er det ca 4 km skogsbilveg + 1,5 km rås. Jardalen, og fjellområda som kransar dalen, er mykje brukt til friluftsliv både sommar og vinter. Ein sti går gjennom stølen via Lisbetdalen til Storevarden.

Bruk av stølen

Det var nok 40 - 50 mjølkekyr på stølen då han var i full bruk. I tillegg kalvar og ungdyr som til vanleg ikkje vart gjætte og ikkje hadde fjøsplass. Om lag jonsoktider var flyttedagen til vårstølen. Der var dei nokre veker til dei flytta vidare til Søreidestølen. Ut i september flytta dei ned att til vårstølen der dei var til siste laurdag før Mikkjelsmess (29. September).

Søreidsstøylen har ikkje alltid lege der den er no. "Stadnamn i Mardal krins (III)" utgjeve i 1979, har med utdrag av ei rettssak mellom Søreide og Mardal frå 1736:

"- Likeledes har og Søreids Mend derimod, ogsaa till denne tid haft deris Sæterstøl og fægang uden for elven og ud på Mardahls Leyeboel, hvilcket de på Mardahl vill nu icke heller taale af dennem lenger, men enhver af parterne formeente og påstoede at nyde deris Rett og have deris Eiendom fri og ubeskaaret for deris Grander, og det alt effter Loven og Rettens billige forefindende."

Resutatet av rettssaken vart at elva skulle vere grensa mellom desse gardane og "Søreids Mendene-at bortfløtte deris Støel og Sæterhuse fra Mardahls Grund." Om den omtalte "støel" har lege i området for sommar-stølane, veit vi ikkje. Truleg var det heller nede ved vårstølane. Dermed må vel noverande Søreidestøl ha kome til noko seinare enn 1736.

Nokre fakta

Søreide, gard nr. 2, Gloppen prestegjeld, hadde 10 bruk i 1890. I 1900 var 59 personar heimehøyrande på Søreide.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 13. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR