Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hotell Balestrand



Midt i Balestrand sentrum ligg eit større trehus som i dag hyser bustader og kommunale kontor. Folk i bygda kallar huset Gamle-Banken. Opphavleg var dette Hotell Balestrand, bygd i sveitserstil og drive som hotell til 1920. Bygget har endra seg mykje, og inne i bygget har det vore ei mengd offentlege tenester og funksjonar.

Hotell Balestrand slik det såg ut frå starten av.

Hotell Balestrand slik det såg ut frå starten av.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-93192.0001.

Datering: 1910-1930.

Fotograf: Ukjend.

Gamal handelsstad

På denne staden har det vore handel langt attende i tida. Frå gamalt kalla dei visstnok staden Holmavollen, og her var det dans kvar jonsok. I 1889 kjøpte Nils Johannesson Rendedal (1846-1934) frå Vetlefjorden handelsstaden. Synneva Åmundsdtr. Skeide (1855-1933) kom til Nils som tenestejente. Dei vart seinare gifte. Nils Rendedal såg straks at tomta til handelsstaden kunne nyttast betre. Han utarbeidde straks hotellplanar, og i 1892 kunne Hotel Balestrand opna dørene for gjester.

Avtale med reisebyrået Thomas Cook

Nils hadde ikkje røynsle frå hotelldrift, men kona hadde vore i hotellære i Bergen. Hotellet fekk avtale med det engelske reisebyrået Thomas Cook som hadde faste turar innover kvar veke. Ein engelsk prest, H. J. Goodman, som gav ut ei bok med tittelen "The best Tour in Norway", hadde mange godord å seia om Hotel Balestrand:

"Jeg var bleven anbefalet at tage ind i et nyt Hotel som heder "Balestrand", netop aabnet og endnu ikke rigtig færdigt. Jeg kan ikke noksom udtale min Taknemmelighed for den Maade hvorpaa jeg blev behandlet der. Det har fuldstændig lige god Udsigt, som dets ældre Nabo, og har Fordelen af en lang Brygge, som er et behageligt Opholdssted. Værten er en kjæk Kar, skjønt han uheldigvis ikke taler Engelsk; men da jeg var der, havde han en af de kvikkeste, mest intelligente Oppvartningspiger Anna Himry thi hun fortjener virkelig at hendes Navn bliver nævnt som det var mit Held at træffe i hele Norge. Hun har været i Amerika og talte perfekt Engelsk, og hun er en af de mest tjenstvillige Piger, som nogensinde har gjort det hyggeligt for en Gjæst.

Springdans

Goodman opplevde meir. "Værten i Hotel Balestrand arrangerte en Springdans specielt for min Fornøielse, i hvilken han selv tog del. Denne Dans kræver megen Smidighed og hurtige Bevægelser. Parrene tager fat i hverandre og valser, og Mændene tager Kvinderne ved Hænderne, løfter deres Arme over Deres Hoveder, dreier dem rundt og hvirvler dem omkring. Denne Dans udføres som Regel med megen Ynde og Behændighed, og det er i Særdeleshed bemærkelsesværdig, at Mænderne, skjønt de ofte er store og svære Karer, har saa beundringsværdige lette Trin. Nordmændene er virkelig udmærkede Dansere, thi om Vinteren er paa mange Steder Dans deres eneste Fornøielse. Det er heldigt at have et saa godt Kvarter paa et saa behageligt Sted, thi Balholmen er uden Tvivl et af Landets mest tiltrækkende Opholdssteder."

Nils sel hotellet

På denne tida var det mykje arbeid med å skaffa den komfort turistane ville ha. Vatn var mellom anna eit problem. På Balestrand Hotel henta dei vatn i tønne frå ei oppkome i Balagrova. Tønna vart så rodd til hotellet og boren opp i 3. høgda. Der var det ein kum med røyrer nedover til gjesteromma. I 1913 bygde Nils eit nytt hus kring 2-300 meter lenger vest og dreiv dette som eit anneks til hotellet. Det er i dag ein del av Balestrand Pensjonat.
Nils og Synneva dreiv hotellet til 1920 då dei selde til Balestrand Sparebank. I eit intervju i høve salet til Balestrand Sparebank, sa Rendedal m.a. at hadde han vore ung, ville han gått i gang med utviding. Framfor alt ville han skaffa hotellet eit moderne sjøbad.
Hotellet var bygd i sveitserstil med brystning mot fjorden. Kring 1925 var det raudmåla med kvite lister. Matsalen hadde eit vakkert tak med prismelysekroner. Hotellet fekk elektrisk lys alt i 1912. Her vart det arrangert bryllaup m.m.

Bank og kontorbygg

Kring 1920 hadde både banken og kommunen trong for lokale. Arkitekt Halding laga teikning og plan for oppføring på kjøpt tomt bak Kvikne's Hotel. Banken kjøpte i staden Hotel Balestrand for kr 125 000 (70 000 for huset og 55 000 for innbu). Huset skulle tena som kommunelokale, bank og som internat for den vassdrags- og ingeniørstaben som var komen i høve vassdrags- og elektrisitetsplanane som var framskunda. Overskytande rom skulle leigast ut til dei to andre hotella, Kvammen og Kvikne. Banken og kommunen heldt til i dette huset fram til rådhuset var ferdig i slutten 1960-åra. Eigarane øydela etter kvart den vakre, gamle hotellbygningen. I 1930-åra reiv banken altanane på huset og i 1958 reiv dei halvanna høgd slik at huset vart lågare og miste sin opphavlege stil.

Brusfabrikk og slakteri

Medan det var hotell, flytte Nordre Bergenhus Amts Vassdragsingeniørkontor inn i huset. Balestrand vart såleis sentrum for vassdrags- og kraftutbygginga i fylket nokre år. Truleg etablerte dei seg i 1912 og var her til 1926/27. Like etter 1920 kom Markus Tuftedal heim frå USA og starta brusfabrikk i kjellaren. Den vart driven i ca. 10 år. Per Tuftedal tok over då Markus reiste attende til USA. Kring 1920 flytte rikstelefonen hit og var her til kring 1960. I 1920 åra var det i tillegg tannlegekontor her.
Lars Grinde og huslyden kom frå Leikanger i 1920-åra og flytte inn i dette huset. Dei dreiv slakting i sjøbua og slaktarbutikk på land. Dette dreiv dei til 1940 då dei flytte verksemda til Høyanger. Det har òg vore frisørsalongar i huset, og under krigen var her salmakarkurs, pakkekurs for fruktdyrkarar m.m.

Kaffistova

Kaffistova var eit populært innslag i Balestrand. Anna og Johanna Gjerde starta kafe i meieriet i Holmen i 1920, men flytte inn i Gamle-Banken i 1924 og dreiv fram til 1942. Kafeen heldt til der det seinare vart lensmanskontor og deretter fargehandel. Kaffistova hadde inngang mot butikken til H.O. Thue. Lokalet var vinkelforma. Bak disken var det kjøken og eit rom der faste gjester åt middag. Her serverte dei kaffi, rømmekolle, og brus frå Balestrand Brusfabrikk. Ungdommen gjekk der og kjøpte seg saft og vatn for 10 øre. Frå 1941 til 1958 dreiv Anna og mannen Ivar Bø pensjonat og kafe. Dei hadde 11 rom i tilbygget mot sjøen. I 1940-åra hadde Balestrand Gymnas klasserom her.
I 1965 kjøpte Balestrand kommune eigedommen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR