Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. april 2009

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kvalheim bedehus



Bedehuset på Kvalheim i Vågsøy kommune blei teke i bruk i 1947. "I det hele et prektig hus - en pryd for bygden," skreiv Fjordenes Tidende i stykket sitt om vigslingshøgtida. I dag (2009) er huset avvikla som bedehus og brukt som bustadhus.

Det tidlegare bedehuset på Kvalheim 2009 (til venstre). Huset hadde kjøken og matsal i kjellarhøgda og to salar i første høgda.

Det tidlegare bedehuset på Kvalheim 2009 (til venstre). Huset hadde kjøken og matsal i kjellarhøgda og to salar i første høgda.

Eigar: Ragnar Myre / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Ukjend

Høgtidsdag

Søndag 22. juni 1947 strøymde folk til Kvalheim. "Gående, bilende og roende", kom folk frå alle kantar, skreiv Fjordenes Tidende. Det nyreiste bedehuset i bygda vart vigsla med stort program: - fleire tilreisande talarar, mange helsingar, song av fleire kor og matøkt mellom føremiddagsmøtet og ettermiddagsmøtet.

Føremiddagsmøtet 

Lærar Vilhelm Kvalheim ønskte velkommen og misjonær Staurset heldt tale over søndagsteksten før han stod føre den høgtidlege vigslinga av huset.

Ettermiddagsmøtet

Etter matpausen vart det gjeve ei orientering om om byggjehistoria, frå tanken om bedehus vart reist til huset no stod ferdig. Mange hadde vore med og teke eit tak.

Misjonær Staurset heldt så eit inspiererande foredrag om misjonen si stilling (i 1947). Seinare var det helsingar frå mange som ønskte til lukke med det nyreiste bedehuset. Songkor frå Kjølsdal, Nord Vågsøy og Måløy deltok med fleire nummer.

Kinamisjonen

Etter lovene for huset stod Det norsk lutherske kinamisjonsforbund (2009 Norsk Luthersk Misjonssamband) som eigar, men alle organisasjonar som stod på den lutherske trusvedkjenninga hadde rett til å nytta huset til møte og tilstellingar.

Praktisk innreidd

Bedehuset på Kvalheim hadde to høgder, ei høgd for to møtesalar og kjellarhøgd med kjøkken, matsal og garderobe. Møtesalane kunne slåast saman ved hjelp av svingdører. Kjellaretasjen var ikkje ferdig innreidd då huset vart teke i bruk, sommaren 1947.

"et vakkert (...) samlingssted"

Fjordens Tidende oppsummerte med desse orda:

"Kvalheim har fått seg et vakkert og rummelig samlingssted hvor en kan samles omkring Guds ord og hvor en kan få arrangere tilstellinger til Guds rikes fremme ute og heime."

Som døme på ei større "tilstelling" kan nemnast Skjergardsstemna i 1956.

Skjergardsstemna 1956

I mange år skipa Den indre Sjømannsmisjon til årlege storsamlingar under namnet skjergardsstemne. Sogn og Fjordane krins heldt årvisse skjergardsstemne frå 1945. Skjergardsstemna samla mykje ungdom og på programma stod gjerne møte, bibeltimar, vitnemøte, spørjetimar og utferder. I 1956 vart Skjergardsstemna i Sogn og Fjordane halden i bygda Kvalheim.

Sjømannsmisjonen sitt organ Fiskerens Venn hadde førehandsomtale av stemna i juni. Der stod mellom anna at "i denne grenda, som har om lag 30 (...) gardar, ligg det eit nytt og vent bedehus", og krinsstyret kunne by på fleire talarar; - cand. teol. Knut Flø, Hareid, emissær Einar Berstad, Asbjørn Holvik, Leonard Standal, Rolf Stave og sekretær H. Berglund.

Minne om verksemda
 

Om verksemda i bedehuset på Kvalheim fortel Ragnar Myre (2009):

"Før vi fekk ny skule her i bygda på 70-talet vart bedehuset nytta til basarar og juletrefestar, samt 17. mai-feiringar. Det var og mykje møter som vart haldne av omreisande. [Og] det kunne til dømes vere 3-4 juletrefestar og fleire basarar utover hausten som vart arrangerte av kvinneforeiningar. Dette var noko vi som ungar på 60, 70-talet såg veldig fram til, hugsar eg. Eg veit at det var far til Sigurd [Kvalheim], Wilhelm Kvalheim, som var føregangsmann for å få huset bygt. Bedehuset vart reist på dugnad.

Sigurd stod og for søndagssskulen i bygda og var ein av leiarane for yngres. Sigrid Kvalheim, som var gift med Sigurd, dirigerte Kvalheim Blandakor som hadde sine øvingar i bedehuset. Ho var og med på yngres. Kvalheim songlag vart og starta opp i bedehuset for over 20 år sidan [2009], då med Leif Arne Berg som dirigent, men koret flytta raskt over i skulen etter at dei kjøpte nytt piano som vart ståande der. (...) Det gjekk nedover med bruken av bedehuset etter at nye skulen kom i bruk, og til slutt var huset kome i den forfatning at det var nok lurt å selja det til nokon som ville setja det i stand.
 

kjelder:

Fjordenes tidende, 16.06, 23.06.1947
Informasjon frå Ragnar Myre, Vågsøy.