Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Prestesteinen - mellomalder-gravminne i Innvik



I Innvik står det oppsett ein høg stein attmed hovudinngangen til kyrkja. Kva slags stein er det? Ein gamal bautastein? Nei, det passar ikkje med forma. Han er breiare oppe enn nede. Det er inga innskrift på steinen, heller ikkje opplysningar om steinen. Men ein kan skimta noko som liknar på ein solkross.

Mellomalder-gravminnet i Innvik 2006. Solkross-symbolet er framleis godt synleg, men nedbrytinga i materialet går sin ubønnhøyrlege gang. Dag Vanberg, Innvik, skriv i brev 27.11.2006: "No er steinen nokså vêrsliten, og han har sikkert ikkje hatt godt av å stå ute."

Mellomalder-gravminnet i Innvik 2006. Solkross-symbolet er framleis godt synleg, men nedbrytinga i materialet går sin ubønnhøyrlege gang. Dag Vanberg, Innvik, skriv i brev 27.11.2006: "No er steinen nokså vêrsliten, og han har sikkert ikkje hatt godt av å stå ute."

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Prestesteinen - Kyrkjesteinen

Steinen går under namnet Prestesteinen, men han vert óg kalla Kyrkjesteinen. Bergarten er kleberstein. Steinen er trapesforma, 11 cm tjukk, 36 cm brei nede ved bakken og 57 cm brei oppe. Høgda er 153 cm. Steinen er fundamentert i betong. Det er ukjent kor stor del av steinen som går ned i fundamentet.

På framsida er sidene sneia av langs sidene. I den breiaste enden er det hogge eit solkors i relieff. Frå korset kan skimtast ein stav som går heilt eller nesten ned til andre enden steinen. Baksida er plan utan spor av teikn eller dekorasjonar.

På vandring

Pr. 2006 har steinen ei kjend soge frå slutten av 1800-talet. Då vart steinen oppdaga på garden Hilde, på ei ekre (eit stykke eng) der, kalla Kyrkjeekra. Det var Arne Larsson Reme (1828-1909) som fann steinen. Han hadde nett kjøpt garden som gjekk under namnet Hans-bruket. Arne køyrde steinen opp i gardstunet. Der vart han liggjande i fleire år til han vart køyrd ned på kyrkjegarden og plassert liggjande på grava til Arne Reme. Seinare vart steinen teken bort frå grava og plassert inne i kyrkjeinngangen (våpenhuset). Der stod han til dei flytte han ut att og reiste han der han står i 2006.

Gamal kyrkjestad

Den første soknekyrkja i Innvik stod truleg på Hilde. Det var ei mellomalderkyrkje som i dei eldste kjeldene er nemnt som Hildinar kirkja, etter garden Hildin. Stadnamnet Kyrkjeækra kan gje ein peikepinn om kvar kyrkja stod. Hilde-kyrkja skal ha vore ei stavkyrkje av Møre-typen, som er kjenneteikna ved stor lengde i høve til breidda samanlikna med Sogne-typen. Rekna etter lengda, var ho ei av dei største i landet. Skipet åleine var 22 m langt, men berre 7 m breitt.

Kva slag stein?

Boka På kyrkjeferd (2000) opplyser at Innvik-steinen er ein "steinkross frå mellomalderen" med solkross "i keltisk stil" som kanskje har vore del av lóket på ei klebersteinkiste?"

Skriftet Innvik kyrkje 175 år (1999) har óg litt om begge spørsmåla, kva slag stein og alder. "Ein veit ikkje kor gammalt dette gravminnet er, men det er truleg frå før 1500. Det er tvilsamt om det er ein gravstein i vanleg tyding. Det er heller eit lók som har høyrt til på ei klebersteinkiste for det liknar på lóket på liknande kister som finst på Historisk Museum i Bergen."

Tidlege gravminne i kristen tid

Kristendomen braut skikken med å gravleggja dei døde nær bustaden. No skulle alle døde gravleggjast på kyrkjegarden. Dei mest privilegerte vart jamvel gravlagde inne i kyrkja. Dei utstøytte, mordarar og andre, vart nekta å koma i vigsla jord. Det var streng straff for å bryta lovpåboda om gravleggjing.

Berre dei mest velståande ordna seg med gravminne, og berre ein liten del av gravminna er tekne vare på. Dei eldste var plateforma, utan skrift, gjerne berre forsynt med kross, ornament eller bilete. Ein tenkjer seg ei førestelling om at krossmerket skulle vera til hjelp for den døde på ferda i dødsriket. Dei liggjande gravminna heilt nede på bakken skulle førestilla lóket på kista (sarkofagen) til den døde. I nokre tilfelle vart det bygd opp ein sarkofag, ein karm som endå tydelegare synleggjorde kista.

Datering

I Ortnevik i Høyanger har dei ein stein som liknar på steinen i Innvik. Kunsthistorikar Marit Nybø har datert ein liknande stein ved Oddernes kyrkje i Kristiansand til om lag 1200. Oddernes-steinen er plan og trapesforma, og dekorert med liljefigurar. Det er først og fremst forma og dekoren ho legg til grunn når ho daterer steinen til å vera mellom dei eldste av denne type gravminne. Dekor og innskrift utviklar seg frå det heilt enkle, til det rikare og meir samansette.

Både Innvik-steinen og Ortnevik-steinen har same form som Oddernes-steinen, men er enklare dekorert. Dei kan difor vera minst like gamle som Oddernes-steinen, jamvel eldre, dvs. over 800 år gamle.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden, m.fl:På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn. Selja forlag 2000.
Innvik kyrkje 175 år
Bugge, Anders:Vore gamle gravminder. I serien Fortidsminder, nr. VIII, Oslo 1926.
Ortnevik kyrkje 75 år 2001
Informasjon frå:
Dag Vanberg, Innvik, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR