Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Mønster på strikka mannstrøyer frå Nordfjord frå 1800-talet



I 2007 kan du ikkje sjå på kleda til folk at dei er i frå ein bestemt plass i bygdenoreg. For 150 år sidan, derimot, kunne du gjerne det. Mønsteret i strikka mannstrøyer frå 1800-talet finst i mange lokale variantar som kan stadfestast geografisk. På ein del trøyer frå Nordfjord er det eit mønster som er unikt, det finst truleg ikkje andre stadar i Noreg.

Det er berre å la seg inspirere av rosatrøyene frå Nordfjord.  På biletet ser vi ei stolpetrøye frå Holvik i Gloppen kommune som er i Nordfjord Folkemuseum si samling. I samlinga er det tre trøyer med dette mønsteret, og to av dei veit vi har vore brukt i Holvik. Trøya har råme med initialane EISS under halsopninga. Ei slik råme med initialar inni, er ikkje uvanleg på  rosatrøyene. NFM.1979-04092.

Det er berre å la seg inspirere av rosatrøyene frå Nordfjord. På biletet ser vi ei stolpetrøye frå Holvik i Gloppen kommune som er i Nordfjord Folkemuseum si samling. I samlinga er det tre trøyer med dette mønsteret, og to av dei veit vi har vore brukt i Holvik. Trøya har råme med initialane EISS under halsopninga. Ei slik råme med initialar inni, er ikkje uvanleg på rosatrøyene. NFM.1979-04092.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Strikka mannstrøyer i Noreg

Dei fleste strikka trøyene som er tatt vare på rundt om i landet er i frå siste halvdelen av 1800-talet. Mannstrøyene har, trass i store variasjonar, mange fellesnemnarar. Nedste del av bolen, altså kroppsdelen, er utan mønster. Denne delen gjekk ned i buksa, og trong difor ikkje vere mønsterstrikka. Resten av bolen og ermane er mønsterstrikka. Trøyene har anten rund eller firkanta utringing for halsen. Dei fleste har splitt framme, men nokre har opning heilt ned som ei jakke. Fargane som er nytta er «sauesvart», «sauekvitt» og i nokre tilfelle «sauebrunt», «sauegrått» og raudt. Med «saue-» framfor fargen, meinast at fargen er naturleg og ufarga.

«Stolpetrøya» er særmerkt for Nordfjord

Det er ein type mønster på dei strikka mannstrøyene som vi berre finn i Nordfjord. Trøyer med slikt mønster skal eg her kalle «stolpetrøyer», ei nemning kunsthistorikaren Klingenberg først tok i bruk i sin artikkel «Stolpetrøyer» frå 1993. Nemninga «rosatrøye» har vore i vanleg bruk, og eg vil her nemne strikka mannstrøyer med mønsterstrikk generelt for «rosatrøyer». Stolpetrøyene har parallelle, vertikale mønsterbordar over heile trøya, med unntak av den nedste delen som alltid er einsfarga på alle rosetrøyene. I mønsterbordane er det gjerne firearma kross og firkantar i ulike utformingar, men det kan også vere åttebladsroser saman med firkantane. Rosatrøyene frå Nordfjord har alle firkanta halsavslutning utan splitt framme, og nokre har opning framme som ei jakke. Nokre har ei råme med initialar rett under halsavslutninga. Alle har mønsterbordar på ermliningane av ulikt slag. Alle, utan ei, er i sauekvitt og sasuesvart.

Stolpetrøyer i heile Nordfjord?

Om vi studerer kor i Nordfjord stolpetrøyene i museet si samling er i frå, ser vi at alle vi kan stadfeste er i frå Gloppen kommune. På slutten av 1980-talet gjekk Nordfjord Folkemuseum inn for å samle inn mest mogeleg informasjon om stolpetrøyer og rosatrøyer frå Nordfjord. Som resultat av dette vart det registrert nokre trøyer som var i privat eige, samla inn kopiar av gamle bilete og materiale frå tidlegare draktregistreringar. I det innsamla materialet som er på museet, ser det ut som tyngda er i frå Gloppen, men det finst bilete av det ein trur er restar etter ei stolpetrøye frå Selje kommune, og det finst ei stolpetrøye frå Fjelli i Stryn kommune.

Variasjonar i mønstra på stolpetrøyene

I samlinga på Nordfjord Folkemuseum er det fem stolpetrøyer. Desse trøyene er, som vi ser av bileta, i prinsippet ganske like. Enkelt sagt er prinsippet loddrette mønsterbordar, annakvar brei og smal. I bordane krossar og firekantar etter kvarandre oppover i borden. I den breie borden er bakgrunnsfargen sauekvit og mønsteret sauesvart, i den smale er det motsett. I det innsamla materialet elles er det meir variasjon i stolpemønstra. Som vi ser av bileta har ein type stolpetrøyer mønster som gjev diagonaleffekt på trøya. På nokre er dei tynne stolpane berre ein svart strek utan mønster inni. Figurane inni stolpane varierer også. Her er også trøyer som har eit innslag av raud farge i initialane, nedst på ermkanten eller i halsopninga. Mange av mønstra går att på fleire trøyer.

Andre typar rosatrøyer i Nordfjord

Var det slik at alle strikka herretrøyer i Nordfjord på 1800-talet hadde stolpemønster? Svaret er nei. I museet si samling finst det ei rosatrøye utan stolpar, men med heildekkande mønster med diagonal effekt. Diverre veit vi ikkje kvar i Nordfjord den kjem i frå. Mellom dei registrerte trøyene i privat eige, finst også rosatrøyer utan stolpemønster. Ei trøye er registrert i frå Stryn, men brukaren av trøya kom frå Gloppen, så mønsteret kan kome herifrå. Denne trøya har små ruter med kross i over det heile. Eit liknande mønster er på ei trøye registrert frå Gloppen. Ei trøye frå Eid har mønster som liknar på kattepoter over det heile. Eid-trøya er døypt «Kattefot» av eigaren, og bilete og skildring av den er publisert i 1996 i ein artikkel i Sogeskrift for Eid. Det er altså slik at ikkje alle stolpetrøyer kjem i frå Gloppen og at det fantst andre rosatrøyer enn dei med stolper i Gloppen. Men finn du eller ser ei slik strikka trøye med parallelle, loddrette mønsterstolpar, så kan du gå ut i frå at ho er i frå Nordfjord.

kjelder:

Anker, Mohr, Rudeng, Ylvisaker red. 1994, Husflid, levende tradisjoner,Grøndahl og Dreyers Forlag AS
Klingenberg, Ingvar Aabrek 1993, Stolpetrøyer, I Årbok for Nordfjord 1993. Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane.
Kjellberg, Gravjord, Rosander, Svendsen 1987, Strikking i Norge, A/S Landbruksforlaget, Otta.
Strand, Reidunn 1996, Nordfjordtrøya «Kattefot», Sogeskrift for Eid, Eid videregåande skule.
Tretteberg, Gunvor Ingstad 1941, Draktstudier fra Øygarden, i Bergens Museums Årbok, 4. Hefte.
Innsamla kjeldemateriale i form av kopiar av bilete, registreringskort med bilete av privat eigde rosetrøyer, innteikna mønster på rutepapir og meir. Finst på Nordfjord Folkemuseum.
Eide, Petter: Folkedrakter frå Nordfjord, Mannsdrakta II Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane 1976.
Eide, Petter 1977, Folkedrakter frå Nordfjord, Mannsdrakta III Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane.
Eide, Petter: Folkedrakter frå Nordfjord, Mannsdrakta III,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane 1978.
Eide, Petter: Folkedrakter frå Nordfjord, mannsdrakta IV,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane 1979.
Eide, Petter: Gamle kleskikkar i Nordfjord,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane. 1986
Eide, Petter: Folkedrakter frå Nordfjord, Mannsdrakta V,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane 1980.
Eide, Petter og Gåsemyr, Lars R.: »Om beklædning og klædedrakter» i Breim,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag. Sandane 1993.
Eide, Petter 1988, Korleis Nordfjordingen heldt broka oppe,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane.
Magnus, Bente 1982, Om folkedrakt og hovdingklede,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane.
Ryssdal, Marie og Brynestad, Sigrun, 1998, To ronge og ein rett,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR