Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Om unionsoppløysinga i Norsk Barneblad



I 1905 vart Noreg ein heilt sjølvstendig stat. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om Norsk Barneblad, og det Norsk Barneblad skreiv om unionsoppløysinga i 1905

Framsida på Norsk Barneblad 3. desember 1905. Dette var eitt av dei fyrste offisielle kongebileta som også vart nytta på postkort.

Framsida på Norsk Barneblad 3. desember 1905. Dette var eitt av dei fyrste offisielle kongebileta som også vart nytta på postkort.

Eigar: I Norsk Barneblad.

Datering: 1905.

Fotograf: Br. Brunskow.

Norsk Barneblad i 1905

Frå 1902 kom Norsk Barneblad ut i Oslo, og i 1905 var Rasmus Løland bladstyrar.

Om hendingane i 1905

I 1905 kom Norsk Barneblad ut med 52 nummer. I tre av nummera står det om dei store hendingane dette året, oppløysinga av unionen med Sverige. I juni stod stykket med tittelen "Den 7de juni", i august om folkerøystinga den 13. august, og i desember om den nye kongen, "Haakon den 7de."

1905-stykka i Norsk Barneblad i tekst og lyd

Skrivemåten i 1905 var annleis enn i 2004. Lærar Odd Njøs, Leikanger, har skrive dei originale tekstane om til nynorsk målform av i dag, og lese dei inn på lydband. Nedanfor finn du koplingar til dei originale tekstane, dei omskrivne tekstane, og opplesingane.

Norsk Barneblad i 2004

Norsk Barneblad år 2004 er - som for hundre år sidan - eit nynorsk blad for barn mellom 8 og 15 år, men som også mange eldre har glede av. Det inneheld skjønnlitterære forteljingar, aktuell sakprosa for barn og ymse slag stoff laga av born. Trass sine 117 år - det eldste barnebladet i landet - lever Norsk Barneblad i beste velgåande, held seg ungt og friskt, og "flyg ut i Noreg", som Sysvorti gjorde det i 1887, til kring 5000 tingarar.

kjelder:

Norsk Alkunnebok. Bind 9. 1959.
Norsk Barneblad. Årgang 1905.
Opplysningar frå redaktør Nana Rise, Norsk Barneblad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR