Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. november 2002

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Båtvrak i Lodalen - "et bygdeminde"



Det siste stykket av vegen inn langs Lovatnet går i bratt lende. Ved ei avkøyrsle er det sett opp to minneplater. På den eine står namna på dei omkomne som ikkje vart funne att etter raset i 1936. På den andre står informasjon om eit rusta båtvrak folk kan sjå eit stykke nede, midt i tjukkaste skogen, fleire hundre meter frå vatnet.

Utsyn oppover Lovatnet. Ramnefjellet, der dei katastrofale rasa gjekk i 1905 og 1936, er det fyrste bratte til høgre. Lengst inne er Kjenndalen. Fjellryggen med solskin på går ned mot Nesodden der vraket av "Lodalen" ligg. Bødal går inn til venstre for ryggen med solskin på.

Utsyn oppover Lovatnet. Ramnefjellet, der dei katastrofale rasa gjekk i 1905 og 1936, er det fyrste bratte til høgre. Lengst inne er Kjenndalen. Fjellryggen med solskin på går ned mot Nesodden der vraket av "Lodalen" ligg. Bødal går inn til venstre for ryggen med solskin på.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

"Lodalen"

"If you ever go to Norway, you must be sure to see Loenvatnet", skreiv ein engelsk gjest som vitja Alexandra Hotel og Loen kring 1890. Ein annan turist uttrykte kvifor Lovatnet var verdt eit besøk: "Vatnet er kan hende det vakraste i Noreg. Langt og smalt ligg det som som ein kostbar smaragd av lysaste grønfarge, gøymt og vakkert av årvakne fjell."

På slutten av 1800-talet kom store turistskip årvisst til Loen. Turistane vart skyssa med hest og karjol oppover til Lovatnet, og frå 1892 kunne dei reisa med dampbåten "Lodølen" oppover Lovatnet forbi Bødal og Nesdal til Kjenndalen lengst inne. Målet var Kjenndalsbreen eit stykke inne i dalen. Her var det og ordna med hesteskyss.

I 1902 kom det ny båt på Lovatnet. Han var bygd i seksjonar i Trondheim og "sydd" saman oppe ved enden av vatnet, Vassenden. Båten hadde plass til 90 passasjerar og fekk namnet "Lodalen".

Båten fekk kort levetid. Flodbølgja etter raset 14. januar 1905 kasta han 400 m innover land på Nesodden mellom Bødal og Nesdal. Skroget vart heilt øydelagt, men dampmaskina kunne demonterast og brukast om att. Flodbølgja etter raset i 1936 kasta vraket endå lenger inn på land og høgare opp.

Skroget av "gamledampen"

Lodalen Dampbåtlag skaffa seg ny båt til sommarsesongen 1905. Trafikken dei næraste åra auka. No var dei synlege øydeleggingane av raset og flodbølgja ein ny attraksjon, mellom anna vraket av ein etter måten stor båt langt inne på land.

Kva skjedde med vraket? Dampbåtlaget hadde spørsmålet oppe fleire gonger gjennom mange år og gjorde ei rekkje vedtak om konkrete tiltak. Kva som kom ut av vedtaka, er derimot verre å finna ut av. Saka var førre fyrste gongen hausten 1907:

"Angaaende skrovet af gamledampen besluttedes: Der bevilgedes af selskabets midler kr. 50.- femti kroner - til at beskytte skrovet med. Til at forestaa arbeidet valgtes en Komité bestaaende af følgende: M. A. Loen, K. Tjugen, Anders L. Bødal, Anders Nesdal og Anders E. Bødal. En bøsse til indtægt til bestridelse af utgifterne opsættes paa baaden af den valgte komite. Til formand for komiteen valgtes A. O. Nesdal."

Attraksjon

Vedtaket i 1907 viser at eigarane ynskte å "beskytte" vraket. Styret løyvde pengar til føremålet, det vart valt ei nemnd, og det skulle setjast opp ei bøsse folk kunne putta pengar oppi til inntekt for tiltaket. Det siste kan tyda på at vraket hadde vorte ein attraksjon, at folk hadde byrja å gå opp til vraket for å ta det i nærare augesyn.

Men det skjedde lite. Tre år seinare var saka føre på ny. No vart nemnda pålagd å få noko gjort. Året etter la nemnda fram eit overslag på kva det ville kosta å byggja hus over skroget, skrua det opp og vøla det. Det vart løyvd nye femti kroner men på vilkår av at det vart sett opp ei gåvebøsse, og at dampbåtlaget skulle få pengane sine tilbake, - om innsamlinga skulle slå til.

Så høyrer vi ikkje meir før i 1915. Det er då på tale å føra opp ei bryggje i Trosevika og å sikra "adkomst til gamledampen"

Ein mann ville gjera vraket til "bygdeminde"

Det gjekk fire år utan at vraket "kom i hus". I 1919 tok Rasmus Myrehaug fatt i saka. Han ynskte å gi vraket status som "bygdeminde" og skreiv brev til styret om tankane sine. Kvar og ein som ville bidra til å setja opp hus over båten skulle verta medeigar. Styret slutta seg til tanken, løyvde nye 200 kroner, valde ny komite og sa frå seg retten til å flytta vraket. Vilkåret var at Myrehaug gav fri grunn (truleg er tenkt på grunn til bygningen) og at bygningen vart felles eige så lenge "baaten existerer", samt "at der til baaten blir tilgjengeligt alle tider avgiftsfritt."

Seinare og 2002

Vraket av "gamledampen" var til handsaming i styret for siste gong hausten 1921. Då fekk Myrehaug rett til å flytta vraket "saa det ligger langs veien". Vegen her må vera vegen frå Bødal ut på Nesodden der vatnet var på det smalaste over til Nesdal. Bilvegen mellom Bødal og Kjenndal var ferdig i 1938.

Kva som vart gjort etter innspelet frå Rasmus Myrehaug i 1919 og seinare, kjenner vi ikkje til. Men det som eventuelt vart gjort, gjekk med i flodbølgja ved raset 14. september 1936 då vraket vart kasta endå lenger opp. Og mannen med omsut for dette særeigne bygdeminnet var ikkje meir. Rasmus Myrehaug og heile huslyden hans omkom.

Ingen ting tyder på at det seinare har vore tenkt på å beskyttande tiltak ved vraket. Hausten 2002 låg "gamledampen" der han vart liggjande i 1936. Det er snauhogge ei gate i skogen oppover mot vegen og sett opp ei informasjonstavle der oppe slik at turistane kan sjå vraket og lesa seg til at der nede ligg "Lodalen", dampbåten som vart kasta på land ved ulukka i 1905, og teken endå lenger opp av flodbølgja i 1936. Det er ikkje lagt opp til fotferdsle fram til vraket av "gamledampen."

kjelder:

Nesdal, Sigurd: Lodalen - fager og fårleg. Norsk Folkeminnelags skrifter 125. Oslo 1983.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-97057 Lodalen Dampåtlag.