Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juni 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Eid prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Eid prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.

100 års markeringa for grunnlova vart feira over det ganske land i 1914. Her er eit bilete frå ein festpynta Hornindal kyrkje. Kvinnene har teke på sine vakre festklede.

100 års markeringa for grunnlova vart feira over det ganske land i 1914. Her er eit bilete frå ein festpynta Hornindal kyrkje. Kvinnene har teke på sine vakre festklede.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1914

Fotograf: Rasmus S. Kirkhorn

Soknepresten ber ålmugen om tilgjeving i farskapssak

Frantz Henrich Blichfeldt (1766-1839) var prest i Eid i åra 1809 – 1821. Blichfeldt har eit ettermæle som ein svært omtykt og populær prest blant folk. Jacob Aaland i gjengir i Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/ 1 - Eid og Hornindal, følgjande historie:

I Eid går denne segna om Blichfeldt: Han kom opp i farskapssak med tenestejenta si. Kyrkjestyret sa som så, går kyrkjelyden hans med på det, så kan kyrkjestyret vera med på at han vert ståande som prest. Ein sundag etter gudstenesta tok presten ålmugen med deg opp i Skulehusbakken på Mel, la saka fram, og sa alt som det var, og bad om tilgjeving. Folket stridgret. Berre tre mann heldt seg kalde. Men folk seier det var lite signing for dei. Dei gjekk seinare med samvitsagg og hjarteverk all sin dag.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»
 

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 av «Menighedens Agtverdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Eid prestegjeld 1814

Eid prestegjeld i 1814 omfatta omtrent det geografiske området som omtrent som i dag utgjer 2 kommunar: Eid og Hornindal. Det var 3 kyrkjer i prestegjeldet: Eid var hovudsoknet, og Hornindal og Stårheim som var annekskyrkjer.

Prest Blichfeldt gjer ein relativt utførlig skildring av prestegjeldet i eit brev til biskopen 17.10.1817. Der går det fram at prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. I hovudsoknet Eid var det 2 omgangsskulærar, det same i Hornindal og Stårheim var det ein lærar. Som så vanleg elles, var presten formann i både skulekommisjon og fattigkommisjon.

Presten fortel at Eid har eigen vektar, som har vore med på å reduserte omfanget av omstreifarar og tiggarar utanfrå. Men det er mykje fattigdom i bygda, og fleire uår har gjort situasjonen vanskeleg for mange:

«…Kaldets egne, i Sær Husmend med flere smaae børn, betler [tigger] nu endel, fornemelig om Vinteren og naar ey ved Saaening Indhøstning eller andet almindeligt Arbeide det fornødne til Livs Ophold kan erhverves.»

Blichfeldt sjølv vart og hardt råka av uåra kring 1809 – 1817. Han skriv i rapporten til biskopien: «I 6 nu på hinanden paafølgende aar har jeg været prøvet ved Uaar og misvext, deraf 3 totale.»

Eid kyrkje

Kyrkjebygningen som i 1814 vart nytta til eidsavlegging og val til amtsmøte, eksisterar ikkje lenger. Ho vart riven i 1849. Kyrkja som stod på same stad som kyrkja i dag, på garden Mel, tett ved prestegarden på Nordfjordeid.

Kyrkja var ein krosskyrkje i tre, bygd i 1692. Ho vart bygd av 3 kyrkjebyggjarar frå Osterfjorden i noverande Hordaland. Vi har ikkje bilete av kyrkja, men frå synfaringsrapportar som er oppbevart på Statsarkivet i Bergen kan vi danne oss eit inntrykk av kyrkja. Ho var altså ein krosskyrkje, der kvar av dei fire krossane var 11 alner ( 7 meter) lange og 12 alner (7,6 meter) breie rapport. Tårnet i midten var om lag 15 meter høgt. Klokkene var støypt i Bergen av Simon Henrichsøn.

Soknepresten i Eid 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. I Eid var Frantz Blichfeldt sokneprest i grunnlovsåret. Han kom som alt nemnt til eid i 1809, og var Eid og Hornindal sin sokneprest i 12 år. I 1821 vart han prest i Volda-Ørsta, og var der til han døydde i 1839.

I eit brev til biskopen i Bjørgvin, datert 17.10.1817, fortel han ganske detaljert om familien sin:

Gift 1790 har jeg i 2 dre Egteskab havt 16 levende Børn, deraf ere 3 sønner og 2 døttre døde i en alder mellom 2 og 4 aar, og en søn 18 aar gl. døde forrige år i Odessa [Russland] ved et fald ut fra Skibet, og druknede.

Blichfeldt vart ferdig utdanna prest frå Universitetet i København i 1788, og fekk stilling som personell kapellan ved Bergen Domkirke i 1797, og frå 1798-1809 sokneprest i Hosanger på Osterøy i noverande Hordaland fylke før han flytta til Eid.
 

Bededagen 18. mars 1814 i Eid

På den særskilt tillyste bededagen, fredag 18. mars, samlast folk frå heile prestegjeldet i hovudkyrkja på Eid. I kyrkjeboka for Eid (ministerialbok) 1806-1815 står innført:

«Den 18de Marti. Een af Prinds Regent Christian Frideriks befalet Bededag, da alle 3 Eyds’ Sogne avlagde Eed at forsvare Riget[s]? Selvstændighed.»

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Eid prestegjeld har denne ordlyden:

Giennemtrængte af alle de Følelser, som Norges nærværende Stilling paatvinger prise vi det algode Forsyn, som saete midt iblandt os Rigets retmæssige Arve-Herre, i en Tid da Lands Faderen Siette Frederik maatte til Sveas Konge overdrage sin Ret til Norges Throne. Vi fryde os ved en Regent, som viis og retfærdig vil Norges Friehed, og mandig dets Selvstæandighed og Hæder. -
Deres Kongelige Høyheds Nærværelse ved det som sikkrede Orden og afværgede at tøilesløs Friehed skulde haane Orden og Lov. -

Skiønd retmæssig Arve Herre til vort Land, vilde De ey hærske vedc Arve Ret; men ved et frit Folks Valk; Ikke vilde De bestemme Regjeringens Form; men overdrog det Landets frit valgte oplyste Mænd at bestemme den; og herved fyldte De hver Nordmands Siæl med uudslettelig Høyagtelse inderligste Kiærlighed og dybeste Ærefrygt. -

Lydige mod Deres Kongelige Høyheds Bud har da Eyds Kalds Meenigheder i Nordfiords Provstie og Bergens Stift efter foregaaende Eeds Afleggelse: med Liv og Blod at hævde Norges Selvstændighed, utvalgd som deres Befuldmægtigede, at møte ved Nordre Bergenhuus Amts Forsamling på paa Wiigs-Øren i Sogn den 30 Marti d: A: de 2de Mænd Handels-Mand og Proprietair og Forligelses Commissair Hr. Tollef Lem Ravn og Gaardbruger og Bygselmand Peder Erichsen Otterdal. -

Thi gives herved disse 2de Mænd Eyds Kalds 3de Sogners Eyds Horningdals og Stareims Indvaaneres Fuldmagt til at overlægge og med de øvrige Meenigheders Valgte at stemme for Norges tilkommende Regierings Form, at stemme for og utvælge de 3 mest oplyste og reedelige af Amtets på Wiigsøren tilstædeværende Deputerede, hvilke, med heeele Norges Riges Deputations Forsamling på Eydsvold den 10de April førstkommende, skal endelig på det heele Nations Vægne bestemme og antage Norges Regierings Form; hvilken Bestemmelse og Antagelse vi herved som troe Undersaatter forbinde os at antage, lyde, følge, hævde og forsvare med Liv og Blod. -

I det vi i dybeste Underdanighed nædlegge denne vor Adresse i Deres Kongelige Høyheds Haand, bevidne vi os med Liv og Blod at være og blive vor naadigste Regent med ubrødelig Troeskab hengivne og anbefale os og vore Menigheder i Deres Kongelige Høiheds naadigste Gunst og Bevaagenhed. -

Eyds Hoved Kirke den 18de Martii 1814.

F. Blichfeldt, Sognepræst.
C. Wittrup, Lensmand.
Ingebrigt Hoel, Klokker.
Ingebrigt Ellingsen Hofsaas.
Ole Rasmussen Lid, medhjelper og gaardbruger.
Erich Nord, Dannebrogsmand og Gaardbruger.
Mattis Mattissen Nøstdahl.
Samuel Knudsen Alsager.
Niels Niels. Gierled.
Peder Jans Gaardaas.
Rasmus Olsen Lillstøller.
Ole Rasmussen Hanebaechs.
Rasmus Trovig.

Dei to valmennene frå Eid

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Aurland valde ein embetsmann (soknepresten) og ein bonde. Dei to valmennene var:

1. «Handels-Mand og Proprietair og Forligelses Comissair Hr. Tollef Lem Ravn»
2. «Gaardbruger og Bygselsmand Peder Erichsen Otterdal»

Utsendingane frå Eid prestegjeld til amtsmøtet i Vik kom frå 2 av dei tre sokna i prestegjeldet: Tollef Ravn frå Eid og Peder Otterdal frå Hornindal. Det var truleg ikkje tilfeldig at ein valdre representantar frå ulike bygder i prestegjeldet.

Tollef Lem Ravn (1743 – 1838) var forretningsmann og truleg ein av Eid sine rikaste menn på denne. Han var fødd i Molde, flytta til Eid og dreiv mellom anna landhandleri og gjestgjevarstad. Åtte fleire gardsbruk i bygda. Gifta seg med dottera til sorenskrivaren, Laurits Stub, Gjertrud. Flytta til Bergen på sine gamle dagar, og døydde der.

Peder Erichsen Otterdal (1788 – 1859) var bonde og smed i Hornindal. Han hadde vore med som soldat i krigen 1807-1814. Frå den tida er det bevart dagsboksnotat som han skreiv for åra 1807-1809. Der skildrar han mellom anna slaget ved Berby Halden, 12. sept 1808. Otterdal vart seinare vararepr. Til Stortingeog og medlem i det første formannskapet for Eid kommune i 1838.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta frå Eid er underskriven av 13 personar (menn); ein embetsmann (prest), ein klokkar, ein lensmann (som og var bonde/skreddar), 2 som har skrive seg som bønder, og 7 utan yrkestittel/ombod. Det kan sjå ut til at dei 7 er bønder. I alt er det då 11 av 13 bønder som skriver under på adressa frå Eid.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Nils J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Takke- og Bede-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde Norges Regent, prins Christian Frederik, til konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvolls-mennene vart valde til omframstortinget.

Erik Nord (1780-1858) vart vald inn som representant frå Nordfjord. Han var og ein av dei som skreiv under på adressa frå Eid 18. mars 1814. Erik Nord var soldat i krigen 1807-1814, og fekk utmerkinga «Dannebrogs-ordenen» av danskekongen for fremdragande innsats . Nord var bonde, klokkemakar og våpensmed, og busette seg i sine gamle dagar i Ålesund.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814. Krigen enda med våpenstillstand og traktaten kjent som Konvensjonen på Moss, datert 14. august, som Stortinget godkjende i oktober.

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn. Eid prestegjeld har eit minnesmerke som står på eksersisplassen på Nordfjordeid. Den vart reist til 100-års minnet for 1814 i 1914.
 

 

 

 

 

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914.
Jacob Aaland, Edvard Os(red.) Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II / I Eid – Hornindalen (Oslo 1962)
Erling Tomasgard: Visitaser i Hornindal 1807 – 1990. Frå Johan Nordahl Brun til Per Lønning. Del 1: 1807-1866. (Hornindal 1990)
Margrethe Henden Aaraas [m.fl.]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. (Selja forlag 2000)
Rolf Schanke Eikum (red.): Eid kyrkje i 150 år. (Nordfjordeid 1999)
Ingebrigt Nes Hjelle: «Erik Nord 1780-1958», i: Sogeskrift for Eid 1999, ss 94 – 95.
Halvdan Lødemel: «Eit 190-årsminne om Peder Erikson Ottedal", i: Hornindal Historielag. Historisk årsskrift, nr 14 – 1998, ss.30 – 41.
Hermund Kleppa: «Bautastein på Nordfjordeid over falne i krigsåra 1807-1814». Artikkel i: Kulturhistorisk leksikon for Sogn og Fjordane. http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=5191 (Henta 22.04.2014)
Per Ole Lefdalsnes: «Det første demokratiske valet i Eid og Noreg 1814.», i: Sogeskrift for Eid 2013, ss 94-102.
Digitalarkivet: Skanna kyrkjebøker. Ministerialbok for Eid Prestegjeld, 1806-1815.
Andre kjelder:
Hermund Kleppa: «Minnestøtte om slaget ved Berby 1808 og Jo Lothe-visa». Artikkel i: Kulturhistorisk leksikon for Sogn og Fjordane. http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=5995 (Henta 22.04.2014)

PERMANENT IDENTIFIKATOR