Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Om tønner til sild og anna



”Jeg sender eder i dag en Tønde Torsk efter forlangende og der er nogle faa Brosmer i den..” Dette skreiv ein los på Utvær i Solund i 1903 til ein lensmann i Luster. Brevet viser handel mellom kysten og innlandet og det seier noko om ilåt – tønner.

<p>Fr&aring; ein t&oslash;nnefabrikk i Gaular. Vi ser at t&oslash;nnene er banda (haldne saman) med treband (hassel var mykje brukt), seinare tok jernband over.</p>

Frå ein tønnefabrikk i Gaular. Vi ser at tønnene er banda (haldne saman) med treband (hassel var mykje brukt), seinare tok jernband over.

Eigar: Ingrid Åmot

Datering: 1920-1930

Fotograf: Ukjend

Telegram frå Island 1949

Tysdag 19. juli 1949 kom eit telegram frå Island til Måløy. Det var frå m/s ”Eystein”, den kjende sildesnurparen som også gjekk under namnet Gamle Svarten. Meldinga var at båten saman med m/s ”Tenor” i same rederiet, Lauritz Sjong, hadde salta 350 tønner sild. ”Alt vel” var orda til slutt. - Telegrammet handlar om sildefiske og om tønner, som måleeining og som lagringsmedium i stort omfang.

Tønner i tusenvis

Tønner og sild høyrer i hop. På 1800-talet var metoden å salta sild og oppbevara i saltlake den viktigaste konserveringsmåten. Omfanget av salta sild vart enormt. I 1849 vart det til dømes eksportert bortimot 700 000 tønner sild.

Kunsten å laga dei

Boka Vår gamle kystkultur (1994), to bind, av Svein Molaug, handlar om båtar og sjøretta verksemd, mellom anna om å laga tønner:

Kunsten å setja trefjøler saman til tette behaldarar går tilbake til førhistorisk tid. Det er ein teknikk som ikkje utan vidare gir seg sjølv. Dei første lagga kara må ha hatt karakter av oppfinning.

Ei tønne vert sett saman av stavar av bjørk eller furu (..). Den boga forma kjem fram ved at kvar stav symmetrisk skrånar mot endane. Når stavane vert klemde saman av tønnebanda, kjem den boga forma fram. Sidene på stavane skrånast. På fagspråket heiter det å stryka staven. Det blei gjort på ein høvlebenk der egget på høveljernet stod skrått.

Bøkkaren var fagmannen som laga tønnene. Han kunne ha verkstaden sin i andre etasje i sjøhuset. Når han hadde stroke stavane, monterte han dei i eit slagband. Nå skulle gjordene (tønnebanda) på og då blei stavane tvinga saman med eit jernband som blei kalla snurreband eller tønnevinde.

Før jernet kom i bruk som tønneband, var tønnebanda av tre, hassel eller pil. Tønnebandemna var delt i to på langs. På ein stabbe i verkstaden hogg bøkkeren sveiven, sveipen, som skulle låsa gjorden til eit rundt band. Sveipen var eit rettvinkla hakk i kvar ende av gjorden.

For å få ut fuktigheita i treverket, men mest for å mjukna stavane før dei skulle tvingast saman i tønneform, sette bøkkaren ei fyrkorg med flis og spon ned i den uferdige tønna. I grua i verkstaden kunne han setja inn fleire tønner om gongen. Det tok bortimot eit kvarter før flisa hadde brunne opp, og når tønna var passe varm, dreiv bøkkeren på halsbandet med ein sidsel

Å skjera ut sporet for loket, krysset, var eit presisjonsarbeid. Stykket som stod over loket vart kalla laggen. Botn var vanlegvis laga av to halvsirkelforma stykke, som var haldne saman av to pluggar, men ikkje meir enn fire.

Tønnene blei laga i fleire storleikar, åttringen tok 16 liter (1/8 dels tønne), fjerdingen 30 (1/4 dels tønne), halvtønna 57 og tønna 114 og 117 liter. Ein kunne også leggja sild i dunkar. Dei var monaleg mindre enn tønnene, og det var mest ansjos ein la på dei.

Ein bøkkar laga 10 tønner på ein dag. Ved storproduksjon arbeidde dei i gjengar på 6 mann, der kvar gjorde sin del i framstillingsprosessen. Det var varmt i verkstaden, og dei arbeidde ofte med berr overkropp.
 

Reglar

Ei rundskriv om sildetønner frå 1919 inneheld detaljerte føresegner om storleiken på tønner til sild og korleis dei skulle vera arbeidde. Mellom anna står det:
 

"Brakning av sildetønder.

Tønder skal holde minst 144, halvtønden mindst 57, kvart tønder mindst 28 1/2 . og ottedels tønder mindst 14 ¼ liter. Tønderne skal være lette og arbeidet av god og veltørret stav. De maa ikke være kulbrendt og der maa ikke være være vandtrukket stav. Olderstav kan brukes til kvarttønder og ottedelstønder, men ikke til halvtønder og tønder. Tønderne maa ikke være baandet med bjerk, rogn, older eller vidje."
 

Tønnefabrikkar i Sogn og Fjordane

Fiskarsoga for Sogn og Fjordane (1982) har med noko om tønneproduksjonen, omtala som ei eiga næring knytta til tilverkinga og omsetnaden av fiskeprodukt.
 

”Frå gamalt hadde dette bøkkerarbeidet vore eit typisk handverk, men etter hundreårsskiftet [1800/1900] blei det gjort stadig meir bruk av maskinar med mekanisk drivkraft – sjølv om det handverksmessige enno hadde sin plass.

Største produsenten i fylket var A.O. Lundes Tøndefabrik i Gaular der bøkkerarbeidet hadde rike tradisjonar. Denne verksemda som var tildelt fleire utmerkingar, m.a. ved ei internasjonal utstilling i København, hadde i 1912 ein produksjon på 40 000 tynner. Under fyrste verdskrig var produksjonen oppe i 60 000, og tynnene gjekk både til den innanlandske og utanlandske markanden.

Utanom dette var det ei etter måten moderne verksemd i Hagevik i Selje, Gillesvik Bødkerforretning, skipa 1904. Litt seinare kom det òg fleire moderne verksemder i Dale i Fjaler og i Eikefjord.”
 

Varebyte kyst - innland

Silda var kvardagskost. Folk i innlandet som ikkje greidde å skaffa seg sild - eller annan fisk - sjølv til eige bruk, måtte kjøpa. Det oppstod varebyte mellom kysten og innlandet.
Albert Joleik har i Sunnfjordsoga ei voggevise om sildehandel:

Salt han vel
med isel og rogn
før han te Sogn
Då ska me få
både malt og konn
 

Eit brev - om varebyte og bruk av tønner

I innleiinga høyrde vi om ein los på kysten som sende fisk til ein lensmann i innlandet. Losen var Andreas K. Utvær i Solund, lensmannen var Jens Landmark i Luster. Brevet handlar også om vareslag som gjekk andre vegen, frå innlandet til kysten. Losen har lyst på eple, Rosentrips, men gjerne andre-sortering, dyre eple vil han ikkje ha. Nedanfor følgjer heile brevet:

Utvær den 1 Ogtober 1903
Hrr lensmand J. Landmark

Jeg sender eder i dag en Tønde
Torsk efter forlangende og der er
nogle faa Brosmer i den og jeg tror
at i synes got om Brosmefisk men
som sagt det er nogle faa

Prisen paa Tønden er Kr. 16 paa
min egen Fragt og ½ Tønden Kr. 8
saa det er til samen Kr. 24 som
bedes mig tilsendt.

Haltønden og Tønden maa i sende
mig tilbage Hurtigt muligt og
adressen er som I ved AKU
Rognsvaag.

fragten for en Tønde Fisk herifra
og til Døsen er Øre 60 og en ½ Tønde 45
Vis i Havde nogen simple Rosenstribs
æbler kun i jerne sende mig 2 Sjepper
me n det maate være i en Kasse og saa
fik i Skrive vad de Koster nogen
Dyre æbler vil jeg ikke have

jeg havde ikke mer Torsk nu Og der
for vil jeg bed eder Hilse
Bjarnhild at hun skal faa en ½ Tønde
Torsk om en 8 dages tid saa hun kan
være sikker saa snart jeg faar skal
jeg sende hende Hils hende med
disse Ord fra mig.

De hilses venligst
Erbødigst Lods Andreas K Utvær

Husk at det er Rongsvaags Post
og Rongsvaags stoppestæd skriv
ikke Sulen men bare Rongsvaag
 

Ikkje berre for fisk

Behaldaren tønne hadde breitt bruksområde, både for lagring og transport og som måleeining. Eple og bær vart lenge sende i tønner før kassen og korga tok over. Korn og poteter vart mælte i tønner. Eit meir kuriøst døme på bruk av tønne har vi i tidlegare Fjelberg kommune i Hordaland. I 1879 løyvde kommunestyret pengar til å kjøpa inn ei tønne. Tønna skulle brukast til å lagra det eldste arkivmaterialet i. I møteboka står det:

Paa Ordførerens Andragende [søknad] om
at faa bevilge noget til at opbev-
are Arkivet i, samt til at ordne
de gamle Sager af Arkivet sært [avdelt frå]
de nyere, besluttede enstem-
mig at lade indkjøpe en Tønde til
dæri at lægge de gamle Sager
(..).
 

kjelder:

Johansen, Karl Egil: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980. Universitetsforlaget 1982.
Nordre Bergenhus Amtstidende. 17.01.1919.
Molaug, Svein: Vår gamle kystkultur. Bind 1. 4. opplag, 1994.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR