Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. desember 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bergingsdåd utanfor Kråkenes i 1943



Dei siste krigsåra trappa allierte styrkar opp flyaktivitet frå Storbritannia mot norskekysten. Tyske krigsanlegg og skip i tysk kystfart var målet. Fly frå begge sider blei frå tid til anna nedskotne med tap av menneskeliv. Av og til berga flymannskap livet ved at dei blei plukka opp or sjøen av folk som kom til. I september 1943 berga to fiskarar ein tysk flygar i havet utanfor Kråkenes på Vågsøya.

Brørne Nyborg frå Torskangerpollen fotografert i 1968. I 1943 berga dei livet til ein tysk flygar i havet vest for Kråkenes.

Brørne Nyborg frå Torskangerpollen fotografert i 1968. I 1943 berga dei livet til ein tysk flygar i havet vest for Kråkenes.

Eigar: Fylkesarkivet/Fjordenes Tidende

Datering: 1968

Fotograf: Ukjend

Rodde på spreng gjennom minebelte

Det var ein dag i september 1943 at brørne Einar og Johan Nyborg frå Torskangerpollen var ute i ein færing på krabbefiske ved Muleskallen. Brått blei dei vitne til ein luftkamp vest i havet og såg at eit brennande fly styrta i havet. Dei tok straks til årane og rodde alt dei orka utover for å sjå om det var overlevande.

Dei let seg ikkje stogga ved at dei måtte ro gjennom eit minebelte. Det kunne stå om menneskeliv. Om det var ven eller fiende var underordna. Det er ei uskriven lov hjå sjøfolk at en sjølv skal setja livet inn for å berga andre som er i naud.

Tysk flygar hardt såra

Då dei kom fram, såg dei vrakrestar av eit tysk fly som flaut rundt i sjøen. Ulukkestaden var delvis dekka av bensindamp. Det var dårleg sikt og det var ikkje lett å ta seg fram. Dei kunne høyra hjarteskjærande skrik. Dei greidde å ta seg fram og fekk drege ein tysk flygar om bord i båten. Han var hardt såra. Dei pakka han inn i sine eigne klede dei kunne avstå i kulda og rodde mot land.

Dei kom inn ved Synnestøa og ein fiskar hjelpte dei i land. Under store anstrengelsar greidde dei å få den såra opp dei stupbratte hamrane der. Dei greidde å få flygaren opp, og nå kom det folk til frå Kråkenes som hjelpte til vidare innover land. Her måtte dei og gjennom minefelt. dei fekk den skadde mannen i hus og han blei straks etter frakta inn til krigslasarettet i Måløy. Dei to fiskarane berga liv. Den tyske flygaren overlevde.

25 år seinare

I 1968 hadde Fjordenes Tidende ein artikkel om bergingsdåden i havet vest for Kråkenes. - Eg kan endå høyra dei hjarteskjerande skrika, fortalde Einar Nyborg. (..) Venn eller fiende, for oss var det om å gjera å hjelpa menneske i naud, og det har me aldri angra på, sa dei to brørne. Dei brydde seg ikkje om å dramatisera berginga for mykje, men etter det avisa hadde høyrt frå anna hald, var det ei stor bergingsdåd dei to var menn for.

Takkeskriv frå tyskarane

Det høyrer og med til soga at Einar og Johan Nyborg ei tid etter hendinga fekk takkeskriv frå Reichminister der Deutsche Luftwaffe for at dei hadde sett livet til for å berga flygaren Hartmann. Saman med takkeskrivet følgde ein bra stor pengesum.

Einar og Johan returnerte pengane og spurde om dei ikkje i staden kunne få lausleten ein kjenning frå Vågsøy som sat i tysk konstentrasjonsleir. Dette gjekk i orden, ikkje lenge etter blei fangen sett fri.

Frå ei anna kjelde

Beretningen om bergingsdåden vest av Vågsøy hausten 1943 så langt byggjer på ein artikkel i Fjordenes Tidende, 18. september 1968. Boka Flyalarm (2000) handlar om den allierte flyaktiviteten mot norskekysten dei siste krigsåra. Neskytinga av eit tysk fly vest av Kråkenes er ikkje nemnt særskilt.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 18.09.1968. Stenersen…: Flyalarm

PERMANENT IDENTIFIKATOR