Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Støyvastøylen



Støyvastøylen ligg på fjellet mot Skavegga i ei høgd på ca. 830 m o.h. Dermed er den, ved sida av Strandastøylen, den høgstliggande stølen i Gloppen. Stølen høyrer til Støyva, gard nr. 92 og Bjørnarheim, gard nr. 93. Denne romslege stølen har mange hus som er fint vedlikehaldne. Også dei fine steinfjøsa får etter kvart nye tak, noko som gir eit meir heilskapt stølsmiljø. Det ser ikkje ut til å vere restar etter kviegard, så dyra gjekk sikkert fritt på den grøne stølsvollen. Det same gjer dei i dag, også reinsdyrflokken, som ein kan treffe på både sommar og vinter. Stølen er mykje brukt sommar som vinter av både eigarane og ålmenta.

Støyvastølen er ein stor og romsleg støl med mange hus.

Støyvastølen er ein stor og romsleg støl med mange hus.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Den rette vegen er stølsråsa på 4-5 km opp for husa med ca 1,5 times gangtid. I dag vert riksvegen over Utvikfjellet brukt, så er det ca 4 km rås austover fjellet til stølen. Det går merka turløype til Svartebotnen frå riksvegen via Støyvastøylen.

Bruk av stølen

Etter bygdeboka: "Stølsdrifta har ei gamal soge på Støyva. Eldste vitnemålet om støl, må vere namnet Gamlestøylen, eller Støyva-Gamlestøylen. Denne stølen låg ovanfor Grøna og Rjomesvadet midlies."
Her skal vistnok ikkje vere restar etter hus. Derfor er det truleg mjølkeplass utan hus.

Bygdeboka nemner fleire gonger om strid mellom gardar om stølane i eldre tider. Mellom anna lika Støyva og Bjørnarheim lite at Fløtre kom inn på deira stølsbeite på 1600-talet, og dei reiv ned eller brente opp eit selhus Fløtre hadde sett opp nær stølen. Sjå meir i bygdeboka, band I, om rettssaka dette førte til.

Støyvastøylen ligg høgt og dermed vart stølstida heller kort, om lag i tida mellom 10. juli og 24. august. Men med så mange gardsbruk, vart det folksomt i den tida det stod på. Kjell Råd har ei historie om då blekkhylkja kom:
"Karoline Moldestad fortel: Tidlegare hadde vi surmjølksambarar som vi bar på ryggen. Seinare fekk vi "fantehylkje" av blekk som var mykje lettare å bere. I 1912 fekk ein gut som hette Bent slikt hylkje. Like ved stølsvegen, nær stølen, er der ei tjørn. Gutane brukte å bada i tjørna. Dei var flinke til å symja. Ein kveld kom vi gåande som vanleg fleire i fylgje. Det var steikande varmt. Han Bent hadde blekkhylkje på ryggen. Brått hoppa han ut i tjørna og ville svala seg. Lokket for av hylkjet og hylkjet vart fylt med vatn og drog Bent under vatnet. Vi skreik, og ei av dei vaksne jentene hoppa ut i vatnet, og saman drog vi Bent på land. Men Bent låg utan medvit på marka. Vi ruska og snudde på han, men vi kunne ikkje munn-til-munn-metoden den gongen, veit du. Ei vaksen jente sprang inn på stølen og verma opp noko søtmjølk som ho helte i han. Då kasta han opp og vakna til liv igjen."

Etter krigen fann brukarane at det vart for arbeidsamt og for lite lønsamt å bruka stølen. Kulturbeitene kom også i desse tidene. Stølsdrifta tok slutt kring 1950.

Nokre fakta

Støyva, gard nr. 92, Breim sokn, hadde 12 bruk i 1890. Bjørnarheim, gard nr. 93, hadde 3 bruk same året.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR