Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. august 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Takk og helsing til vegsjef Alf Torp



Alf Torp var vegsjef i Sogn og Fjordane i åra 1937-1956. Då han slutta, vart det laga til ei vakker takke-helsing: - ei mappe med helsingsord, underskrifter og vegbilete. Av ein eller annan grunn ser det ut til at Torp aldri fekk helsinga. I 2009 vart ho avlevert til oppbevaring i Fylkesarkivet.

Eitt av prospektkorta i helsinga: Parti frå ferjakaia i Kaupanger

Eitt av prospektkorta i helsinga: Parti frå ferjakaia i Kaupanger

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Kring 1950

Fotograf: Prospektkort Leiv Bergum

 På videvanke

Fylkesarkivet fekk avlevert takkehelsinga til oppbevaring frå Per Birger Lomheim ved Statens Vegvesen på Hermansverk. Lomheim fortalde at helsinga kan henda aldri hadde nådd fram til Alf Torp. Mappa hadde dukka opp i eit dødsbu i Lærdal og Lomheim hadde ikkje lukkast med å finna ut korleis det heng saman at takkehelsinga tilsynelatande var komen på videvanke. Etter som det er ei helsing frå Sogn og Fjordane fylke ved ordførarane, meinte han at Fylkesarkivet var rette staden for oppbevaring.

Alf Torp

Boka På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane har følgjande omtale av Alf Torp:
 

Vegsjef i Sogn og Fjordane 1937-1956
Fødd 13.06.1894 i Oslo. Gift 1937 med Gerd Westbye. Eksamen ved Kristiania tekniske skole 1915. Ass. ing. ved NSB 1915, driftsing. ved Ørsten Cement- og Betongstøperi 1917. Statens vegvesen, Møre og Romsdal: avd. ing. 1920. Vegdirektoratet: avd. ing. 1928. Statens vegvesen Sogn og Fjordane: vegsjef 1937-1956.

Etter krigen vart det reist tiltale mot Alf Torp for økonomisk landssvik ved at han leia arbeidet med å sprengja ut fjellhallen til Tyin kraftverk i Øvre Årdal. Han vart frikjend, men måtte tola inndraging på 270 000 kroner for urimeleg forteneste. I påvente av rettssaka var Torp suspendert frå vegsjefstillinga frå 1. juli til september 1949. Han hadde vidare permisjon til 1. juli 1950.

Udatert

Takke-helsinga er ikkje datert, men ho er truleg laga til i 1956. Torp møtte siste gongen på fylkestinget i mai 1956. I avslutningstalen sin takka formannen i fylkestinget, ordførar Bertel Flaten (Førde), for arbeidet til Torp gjennom nærare 20 år.

I talen varsla han ei seinare avskilssamkome med vegsjefen: "..dei [administrasjonen i fylket og fylkesvegstyret] vil på ein annan måte kome saman før han fær herfrå fylket til ei høgtidsstund med vegsjef Torp og hans sine." Det ligg nær å tru at helsinga har vorte laga til med tanke på ei slik "høgtidsstund".

Vakkert utforma

Helsinga er ei mappe innbunde i skinn med vakkert utforma framside der det står: Sogn og Fjordane fylke helsar og takkar vegsjef Alf Torp. Helsingsorda er forma i to heidersvers etterfølgt av underskriftene til alle ordførarane. Til slutt er teke med fem prospektkort med vegmotiv oppsette i eige omslag: Frå Gaularfjellsvegen, vegen over Tyin, Lærdal, Sognefjellsvegen og Kaupanger ferjestad,

Vers

Helsingsorda til vegsjefen er forma i to vers og skrivne med særs god handskrift:
 

Vegsjef Alf Torp
Den største sak for kvar ein mann
er vegar fram langs dal og strand,
til gard og grender og over fjellet
me voni vende til vegastellet.
Me småe midlar til stor krav,
Du rettvist delte det stat og fylke gav.

For god mottaking, for råd og trøyst,
me mange vegkrav ved Deg fekk løyst.
Ei takk og helsing me senda måtte,
frå alle heradi trettiåtte

Alle kommunane

I 1956 var det 38 kommunar i Sogn og Fjordane fylke. Ordførarane i alle kommunane har skrive namnet sitt i helsinga.

Askvoll:  Mads Flokenes
Aurland:  Jon Ø. Underdal
Balestrand:  Per H. Hovland
Borgund: Olav Sletthagen
Breim:  Rasmus Sandal
Brekke: T. Hjellum
Bremanger: Reidar Torvanger
Bru: Anton Holm
Davik: Olav Dybedal
Eid: Berge Smørdal

Eikefjord: Alfred Høyset
Fjaler: Søren K. Hauge
Førde: Bertel Flaten
Gaular: Olav Døskeland
Gloppen: John Austrheim
Gulen: L. J. Kjellevold
Hafslo: Einar Kjos
Hornindal: Kaare Maurset
Hyllestad: Magnus Lundeland
Innvik: Ola Bruland

Jostedal: Johs. Grov
Jølster: Nils Helgheim
Kinn: Odd Færøyvik
Kyrkjebø: Albert Hellem
Lavik: Einar Lavik
Leikanger: Per H. Bøthun
Luster: Olav Listou
Lærdal: Egil Natvik
Naustdal: N. R. Svoen
Nord-Vågsøy: Leif Iversen

Selje: Johs O. Sande
Sogndal: Audun Slinde
Solund: Anna Herland
Stryn: Simon Haugen
Sør-Vågsøy: Leif Iversen
Vevring: Audun Hegrenæs
Vik: Lars O. Brekke
Årdal: Asbjørn Søfting

Takk frå fylkestinget

Som alt nemnt var Bertel Flaten, ordførar i Førde, formann (ordstyrar) i fylkestinget i 1956. Fylkestinget var dette året samla på Vatnahalsen høgfjellshotell i Aurland. I avskilstalen sin til fylkestinget, 31. mai, takka han vegsjef Alf Torp. Nedanfor følgjer innleiinga i takkeorda og innleiinga i Torp sin avskilstale til fylkestinget. Begge talane står fullt attgjevne i dei trykte fylkestingsforhandlingane.
 

"I dag er det også eit vemod i fylkestinget med di vegsjef Torp som har vore på så mange fylkesting i Sogn og Fjordane fylke, som embetsmann i fylket er tilstades for siste gong (…)

Vegsjef Torp han kjenner fylket betre enn nokon, nest fylkesmann sikkert nok, kjenner det mykje betre enn vi andre. Kjenner fylket, kjenner vegkrava i fylket ut og inn. Han kan svara på ståande fot. Alle har vi hatt konferanse med han, alle har vi tala med han i telefonen, alle har vi sett fram til å få råd og hjelp hjå vegsjefen. Det har vore gledeleg å møte vegsjefen, open, endefram, sa det som han visste, sa det som skulle seiast, ga den rettleiing han kunne, gav von der det var von, men gav ikkje von der ein visste ein møtte berget. Slik var han…
 

Frå Torp sin avskilstale

"Herr formann
Jeg vil takke for den anerkjennesle De gav meg på fylkets vegne, en anerkjennelse som var meget større enn jeg har fortjent, men som gleder meg oppriktig og som jeg vil huske lenge og som jeg setter stor pris på. jeg vil takke for alle de årene jeg har vært i fylket. det har vært gode år med mange interessante planer for veger som for en liten del er kommet til utførelse, men som for en meget større del enda kanskje er uløst."

Helsing frå veitastrending

Vegsjef Alf Torp slutta 7. juli 1956. Ein mann på Veitastrondi skreiv ei helsing til han i avisa Sogn og Fjordane, 6. august. Innsendaren skreiv mellom anna:
 

”Ja, så har Torp reist frå oss. (..) Det har vel ikkje i nokon 20-års vore bygt so mange gards- og grendevegar. På samferdslemøti hadde hadde han alltid eit ord til beste for bygdevegane. Då arbeidet på Tungestølsvegen skulde byrja, var eg på kontoret og bad om å få ein oppsynsmann til å stikka vegen, men dei hadde ingen ledig. - Då vart eg med, sa Torp. Det går ikkje at folk står ferdige til å ta fatt på vegbyggjing og so ikkje får vegen stukken.

Han var med, og greidde det fint. På sambygdingar og eigne vegne sender eg hermed vår djupaste takk for virket hjå oss, og ynskjer han hell og signing der han heretter vert. Vår vyrdsame og hjartelegaste helsing.
 

kjelder:

Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2007.
Sogn og Fjordane fylkesting. Året 1956.
Avisa Sogn og Fjordane , 06.08.1956.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Helsing til Alf Torp. Mappe. Aksesjon 000000/Privatarkiv 00000

PERMANENT IDENTIFIKATOR