Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mai 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nordsjøfarten - KNM Hitra og Sogn og Fjordane



Måndag 28. mai 1945 gjekk ubåtjagaren KNM «Hitra» inn Eidsfjorden til Nordfjordeid. Etter kvart var eit «folkehav» på veg til dampskipskaia. Tysdag 9. april 2013 deltok den same båten ved Bergens forsvarsforeining si markering av Hitler-Tyskland sitt angrep på Noreg, 9. april 1940. Ubåtjagaren markerte samstundes sin eigen alder på 70 år.

KNM «Hitra» til kai i Høyanger 8. mai 2006 i høve Tysklandsbrigaden si veteranforeing Sogn og Fjordane si markering.

KNM «Hitra» til kai i Høyanger 8. mai 2006 i høve Tysklandsbrigaden si veteranforeing Sogn og Fjordane si markering.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Mellom Shetland og Noreg

I 2013 er ubåtjagaren «Hitra» minne om og frå, andre verdskrigen. Nordsjøfarten var ein del av motstandsrørsla. Oppgåva var å frakta flyktningar, agentar og krigsutstyr over Nordsjøen. Den organiserte trafikken mellom Shetland og Noreg byrja i 1940 under britisk leiing. Sommaren 1941 vart operasjonane trappa opp og basen flytta frå Lerwick til Lunna, kring 40 km lenger nord. I 1942 vart verksemda underlagt norsk leiing som Norwegian Naval Independent Unit. Same året vart operasjonsbasen flytta frå Lunna til Scalloway.

Norsk mannskap - britisk støtte

Den fyrste tida vart berre norske fiskebåtar brukte i Shetlandsfarten, men hausten 1943 vart desse båtane erstatta av tre amerikanske ubåtjagarar, omdøypte til ”Hessa”, ”Vigra” og ”Hitra”. Dei gjekk i skytteltrafikk mellom Shetland og norske-kysten, og fekk etter kvart nemninga shetlandsbussane. Mannskapa var heile tida norske, men mange shetlendarar og andre britar var med i hjelpeapparatet på land. Engelskmannen David Howarth var operasjonssjef. Dei norske sjøfolka vart innrullerte i Den norske marine og vart etter krigen omtala som Shetlandsgjengen.

Sogn og Fjordane – ein del av operasjonsområdet

Sogn og Fjordane har ein stor plass i Shetlandsfarten. Mange ungdommar frå fylket vart valde ut til mannskap i Shetland-farten og fleire fiskefarty frå fylket kom med som ”shetlandbåtar”. Mange stader på kysten av Sogn og Fjordane eigna seg godt for lossing av våpen og anna utstyr til motstandsrørsla og for ilandstjing og henting av folk. Sogn og Fjordane måtte også ta sin del av tapa. Shetlandsgjengen miste 44 mann. På eit minnesmerke i Scalloway står tolv namn frå Sogn og Fjordane, - fem frå Solund, to frå Flora, tre frå Bremanger, ein frå Askvoll og ein frå Gulen.

Til Noreg mai 1945

Då shetlandsbussen «Hitra» stemnde inn Eidsfjorden måndag, 28. mai 1945, var båten nyleg komen frå Shetland. Båten hadde med forsyningar til heimefronten og skulle innom Nordfjordeid, Stryn og Davik. Motstandsmannen Alf Rosenlund var og om bord. Han var lensmann i Davik og hadde måtta røma landet våren 1945.

Fjordabladet melde om besøket. Dampskipskaia vart etter kvart fullpakka med folk, «som helsa ubåtjagaren med veldig jubel, hundradtals svingande flag, og blomsterbukettar». Eids Hornmusikk gav eit par nummer før båten la til kai. Ordførar Olav Os helsa «Hitra» velkomen til Eid og gav uttrykk for den gleda folket i Eid hadde ved å sjå ein norsk marinebåt til kai etter dei lange krigsåra. Skipssjefen, løytnant Eidsheim, takka for velkomsten. Han var særleg glad for at så mange unge hadde møtt fram, dei som skulle byggja det nye Noreg.

«Hitra» gjorde 14 turar til Sogn og Fjordane

Boka Krigsår. Liv og Lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 har eit kapittel om Nordsjøfarten. Det er skrive av Trygve Heggheim. Dei tre ubåtjagarane gjorde i alt 116 turar utan større uhell:

«Til Sogn og Fjordane vart det utført 31 turar, landsett 39 personar og henta 39. «Hessa» med no [2005] 90–årige Ola Hillersøy som NK gjorde 13 turar, «Hitra» 14 turar og «Vigra» 4 turar. I loggbøkene etter avslutta tokt vart det som regel berre ført: «Trip completed. Op. Successfull.»»

1981 – oppdaga som vrak

Etter krigen var dei tre krigsskipa brukte i kystoppsynet til dei i 1953 gjekk i opplag. I 1959 vart dei selde. I 1981 vart «Hitra» ved eit reint slumpetreff oppdaga som vrak. Då bileta av ein sovjetisk ubåt på grunn i den svenske skjergarden kom i aviser og fjernsyn, fekk sjefen for Marinemuseet, kommandørkaptein S. Moen, greie på at eit bilete viste eit skipsvrak med namnet «Hitra» i baugen. Moen kontakta den tidlegare skipparen på «Hitra», Ingvald Eidsheim. Saman reiste dei til Karlskrona for å sjå om det verkeleg var ubåtjagaren «Hitra». Det var det, og straks etter starta eit omfattande arbeid med å berga båten og få den sett i stand.

1987 – overlevert Sjøforsvaret

På frigjeringsdagen 8. mai 1987 vart den ferdigrestaurerte KNM «Hitra» overlevert til Sjøforsvaret med Marinemuseet som formell eigar. Seinare har shetlandsbussen «Hitra» segla som flytande museum og kasta glans over markeringar mange stader i landet. Eit år var båten tilstades på ein uniformsfest i Stavang, i 1992 var den innom på Kaupanger og i Lærdal, og i 2006 var «Hitra» i Høyanger i høve Tysklandsbrigaden si veteranforeining Sogn og Fjordane si markering 8. mai.

kjelder:

Brosjyre: «KNM Hitra», Shetlandsbussens Venner.
Firdaposten, udatert
Fjordabladet, 30.05.1945
Sogn og Fjordane, 17.06.1992
Howarth, David: The Shetland Bus. 1951. Utgåve 1998

PERMANENT IDENTIFIKATOR