Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nederlandsk flåtebesøk i Sogn 1947



På ei Fylkesbaatane-facebookside dukka det 8. juni 2013 opp eit interessant foto: Fylkesbaatane sin bilførande båt «Sandøy» til kai i Lærdal med tre krigsskip til ankers på fjorden. Fylkesbåten «Sandøy» var lett å identifisera, men kva med krigsskipa, jamvel ein hangarskipliknande farkost? Artikkelen handlar om eit «ukjent» foto som fleire medverka til å finna ut av.

<p>Biletet med MS &laquo;Sand&oslash;y&raquo; til kai i L&aelig;rdal og tre krigsskip til ankers&nbsp;p&aring; fjorden. P&aring; baksida av originalfotoet st&aring;r notert: &laquo;Sand&oslash;y ved Hammerfest med f&aelig;rge og krigsskibe i Norge (krigstid 1940-1945)&raquo; Det er sett pil mellom Sand&oslash;y og f&aelig;rge.</p>

Biletet med MS «Sandøy» til kai i Lærdal og tre krigsskip til ankers på fjorden. På baksida av originalfotoet står notert: «Sandøy ved Hammerfest med færge og krigsskibe i Norge (krigstid 1940-1945)» Det er sett pil mellom Sandøy og færge.

Eigar: Dag Arne Særeide

Datering: 1947

Fotograf: Ukjend

Nokon som veit noko?

Dag Arne Søreide la ut biletet med teksten «Sandøy i Lærdal». MS «Sandøy», bygd 1937, var ein kombinert laste- og passasjerbåt som også kunne ta bilar. På biletet ligg «Sandøy» til kai med ferjelem og har ein bil om bord. Båtnamnet er lett å lesa. Søreide opplyste at det bak på biletet står at det er teke i «krigstid 1940-1945», i Hammerfest. Han korrigerte sjølv staden til Lærdal. Straks etter kom følgjande kommentar:

«Skulle gjerne visst meir om kva situasjon dette biletet viser. Det ligg eit hangarskipliknande fartøy ute på fjorden og til høgre to marinefartøy oppankra. Det som kan skimtast av pennantnummera på dei (RX1) tyder på at dei ikkje er norske. Nokon som veit?»

Stor interesse

Kommentarane let ikkje venta på seg. Fleire var i tvil om Lærdal. Dei fekk det ikkje til å stemma med retninga på ferjekaien. Dei godt kjende førkrigs-fotografia av rutebåtar til kai i Lærdal viser kai langs land, ikkje på tvers. Og biletet kunne ikkje vera teke under krigen. Tyskland hadde hangarskip, men aldri langt inne i Sognefjorden.

Lærdal

All tvil om staden vart raskt feia til sides. Klaus Einar Thue fastslo Lærdal med denne kommentaren:

«leita litt i "Bibelen" 101 Fjordabåtar hin dagen.. på side 114 er det eit fint bilde av M/F «Lærdal» til kai. Ekje mykje tvil om at detta e i Lærdal. No manglar me berre resten..»

Krigsskipa – nasjonalitet

Og «resten» var kva tid biletet er teke og nærare opplysningar om krigsskipa. Lokalhistorikar og bygdebokforfattar Kåre Hovland i Lærdal hadde denne kommentaren:

«Kan vera frå fredsvåren. Krigsskipa ser engelske ut. Eit lite hangarskip til venstre og mest truleg korvettar eller minesveiparar til høgre. Det var engelske soldatar (Red Devils) i Lærdal då. Men dette er gjetningar.»

Jørgen Andreas Bangor fann svaret. Han saumfor alle lister over amerikanske og britiske hangarskip og fann eit han stogga ved, ein «escort aircraft carrier» (lett hangarskip), britiske HMS «Nairana»; bygd 1943, utlånt til Nederland 1946, omdøypt til «Karel Doorman», levert tilbake 1948, på besøk i «norske fjordar» juli 1947. Eit bilete av hangarskipet viser eit mindre krigsskip ved sida, Hr. Ms. Queen Wilhelmina». Det liknar på eit av dei to mindre på fotoet.

 

I lokalaviser

Det var altså eit nederlandsk flåtebesøk i juli 1947, «i norske fjordar» - men, som Jørgen Andreas Bangor gjorde merknad om, «irriterende nok står det ikke noe om hvor det var». Jørgen Andreas var for sin del ikkje i tvil om at krigsskipa på biletet er nederlandske. Gunnar Sigdestad følgde opp med at eit flåtebesøk med hangarskip og to mindre krigsskip truleg ville vera omtalt i «Sogns Avis». Grundig gransking i fleire lokalaviser som kom ut i Sogn i 1947, ga tre treff: to smånotiser og eit førsteside-oppslag. Det går det fram at tre nederlandske krigsskip var i Sognefjorden i dagane 17. – 20. juli 1947.

Lærdal

Avisa Sogn og Fjordane, Sogndal, melder 15. juli om «flåtevitjing i Sogn». Tre nederlandske krigsskip «skal koma til Sognefjorden,»: eit hangarskip, ein jagar og eit undervisningsskip for radar. Dei skal vera her i dagane 17. – 20. juli. Ei anna avis melde i smånotisen «Frå Lærdal» at «forutan hangarskipet «Karel Doorman» hadde to mindre nederlandske krigsskip vitja Lærdal.

Balestrand

Avisa Sogningen kom ut i Balestrand. Tysdag 22. juli var «hollandsk flåtebesøk i Balestrand» førstesideoppslag. Hangarskipet «Karel Doorman» var kome til Balestrand laurdag morgon og hadde ankra opp i Esefjorden. Det 17 000 tonn store krigssskipet «ruvet godt». Heile dagen vrimla det av marinegastar og offiserar i Balholm. Om ettermiddagen utfordra hollendarane balestrendingane til fotballkamp. Balestrand spelte ein av sine «bedre kamper» og greidde uavgjort. Om kvelden heldt «Karel Doorman» ope skip og inviterte til dans på dekk og omvisning. Motorbåtar skyssa folk til og frå. På Kviknes Hotel var det ball for offiserar. Hangarskipet letta anker søndag morgon og sette kurs for neste destinasjon, Rotterdam.

Andre foto

Fotoet frå Lærdal er ikkje det einaste frå det nederlandske flåtebesøket i norske fjordar. Ei «Karel Doorman»-nettside har fleire; mannskap på veg innover ein dal (står ikkje namn) der vi ser i ein brearm lengst inne, klatring i brefall og ein gast og ei serveringsdame (står ikkje noko om kven/kvar) ved eit bord. Dei er alle tekne av ein nederlendar. Men, kva med besøket i Balestrand, både ein og fleire tok venteleg bilete, av eit hangarskip til ankers i Esefjorden, kanskje det einaste som nokon gong har vore i Sognefjorden.

kjelder:

Torvanger, Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Selja forlag 2000.

Oversetjing: Anneke Boekee

PERMANENT IDENTIFIKATOR