Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Garden Lien



På garden Lien har det vore busetnad tilbake til 1658. Her er fleire hus frå 1800-talet, mellom anna ei stampe. Det er òg teke vare på uvanleg mange gamle bruksgjenstandar, mange med årstal på.

Masstova.

Masstova.

Eigar: Hornindal kommune.

Datering: 26.10.2000.

Fotograf: Solfrid Otterdal Lien.

Bureising og frådeling

Rudkallen eller rydningsmannen, Samuel Olson, fødd kring 1635, og kona hans kom frå Bakke-bruket på Grodås. Dei fekk Grøddessætra til bustad då dei var nygifte, og gjekk i gang med bureising "borte i Lida." Dei ga garden namnet Olsbø. Samuel må ha gjeve garden namn etter enten far sin eller son sin, som begge heitte Ola.
I 1940 vart det frådelt eit stykke av garden til dottera og mannen hennar. Dei rydda seg eit lite gardsbruk og bygde hus her.

Første stova

I 1968 vart "gamlestova" på garden riven. Det vart då funne ein gamal veggstokk med årstalet 1658, og det ligg nær å undra seg på om stokken kjem frå den aller fyrste stova på bruket.
Det eldste huset på garden er ei ljorestove, og på stokken over døra står: SAMEL OLSBØ ANO 1689. Stova, som vert kalla Masstova, vert i dag i hovudsak nytta til oppbevaring av dei gamle gjenstandane på garden. Grua er brukbar, og vert brukt av og til. Stova vart ferdig restaurert i 1972.
Kårhuset er frå ca. 1850. Dette vart restaurert og påbygd i 1978.

Stampe og gamal driftsbygning

På garden er òg ei stampe frå slutten av 1800-talet. Her vart det knust bein til beinmjøl, som vart brukt til kalk på jorda. Stampa vart restaurert i 1997.
Den gamle driftsbygningen på garden er frå 1851. Etter at det vart bygd ny driftsbygning i 1981, stod denne til nedfalls i nesten 20 år. I 1999 vart bygningen restaurert, og den gamle byggemåten innvendig med stavar og trenaglar, vart teken vare på. Den gamle kufjøsen er intakt. Bygningen er no brukt til garasje/reiskapshus og i kufjøsen er oppbevart mange gamle reiskapar.

Gamle gjenstandar

Det er teke vare på mange gamle gjenstandar på garden, til dømes gevær, skomakarutstyr og andre gjenstandar som vart brukt i arbeidet på garden. Mange av desse bruksgjenstandane er laga på garden. Brukarane i Lida var dyktige smedar, og det er gamle plogar på garden som Lida-smedane har laga. Ein kan òg nemne at akslingen til "Dølen", den fyrste dampbåten på Hornindalsvatnet, var det Gamle-Ola i Lida som laga.

Ras

Garden er bratt, og husa er nok bygde på den tryggaste staden med omsyn til ras. Det har gått fleire store snøras tett innpå husa. Det er fortalt at det før 1900 gjekk eit snøras heilt ned i gjelet sør for husa. I 1982 gjekk det eit ras ned på dyrka jorda sør for husa på nabobruket, og i 2000 kom eit nytt ras heilt i vegen sør for husa i Lida. Dette gjorde stor skade på både skog og beite.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord fraa gamle dagar til no. II Dei einskilde bygde I. Eid - Hornindalen .1909.
Opplysningar frå:
Samuel Lien, Hornindal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR