Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Sjukeheimen i Lavik - tuberkulosesjukehus



Tæring og spillsykje hadde vore ei sann plage for folk ved kysten i alle år, men frå 1850-talet gjekk spillsykja attende, medan tuberkulosen (tæring) auka. Ved år 1900 var det vår alvorlegaste folkesjukdom, med omkring ti tusen tilfelle for året, mest blant ungdom.

Lavik Helseheim vart opna for drift 1. juli 1916.

Lavik Helseheim vart opna for drift 1. juli 1916.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1941.

Fotograf: Bjarne Råsberg.

Noko må gjerast

Tuberkulosen hadde til alle tider vore fattigfolket sin sjukdom, og lite vart gjort for å lindre eller lækje, men på slutten av 1800-åra slo sotta til mot høg og låg, og dei styrande måtte noko gjera, sjølv om det kosta pengar, og i året 1900 kom lova om Tuberkulose-behandling. Tuberkelbasillen vart oppdaga av den tyske lækjaren Robert Koch i 1882, og frå då av skjøna dei korleis smitten spreidde seg.

Bilete frå behandlingsrom.

Sjøluft eller furuskogluft?

Nokre lækjarar meinte at ozonrik furuskogluft var best for lungene, medan andre trudde at sjøluft var det sunnaste. I Lavik bygde dei ved sjøen, og Lavik Helseheim, som namnet var, vart opna for drift 1. juli 1916. Byggmeister Andreas Frivik, som budde på Hovland i Vadheim, var hovudentreprenør. Vilkåra til amtstinget var at heimen ikkje skulle kosta over 25 000 kr. Krig og mangel på det meste av byggjevarer var det, og det seier seg sjølv at nokon luksus vart det ingen stad i bygget. Huset hadde 20 senger og plass til personalet.

Det var nok mange triste lagnadar det knappe personalet hadde å stri med dei fyrste åra. Og tungvint! - Ikkje ljos og ingen straum. - Vedfyring og parafinlamper. Fyrst i 1927 fekk dei ein oljefyrt generator for elektrisk ljos og røntgenapparat, og då vart det noko lettare. Mange av pasientane var underernærte, og beste behandlinga var rikeleg og god mat. Men med dei tronge budsjetta var ikkje det ein sjølvsagt ting. Særleg ikkje under krigen frå 1914 til 1918.

Bilete frå matsalen på Lavik.

Eit kall frå Herren Den Allmektige

Den tida vart sjukepleie sett på som eit kall, og "sjukesystrer og hjelpepersonalet skulle ikkje ha det godt!" Dei budde på små og tronge rom oppe under loftet. - Kaldt og trangt. - Lange arbeidsdagar og tunge nattevakter. - Elendig betaling. Heile tida redde for smitte, og i arbeidstida høyra på gråten til dei sengeliggjande ungdommane som hadde hatt slike vakre draumar om livet og no skulle døy. Og dei overarbeidde pleierskene hadde lita tid til å samtale og trøste. Bratte og tronge trapper; slit med tunge klevaskar, for ikkje å snakka om koking av alt spyttet til pasientane kvar einaste dag.

"Sputt ikkje på golvet"

I denne tida gjorde det fåtalige helsepersonalet i distriktet ein kjempejobb. Lækjarar, sjukesystre og lærarar streva med å opplyse folk om kor viktig det var med reinsemd, ikkje sputte i hytt og vêr og halda lommeduken for munnen når ein hosta. Det var ein seig kamp mot likesæle, ureinsemd og fåkunne, men då dei kom så langt at dei arrige kallane i båt og på gardsbruk tok i bruk spyttebakke i staden for å kline tobakksaus utover golvet, både heime og på krambua, hadde dei vunne ein stor siger. Frå no av gjekk talet på smitta personar fort ned. Skilt med "Sputt ikkje på golvet" kom opp alle stader der folk ferdast og var ei stadig oppmoding om å tenkja på smittefaren.

Det var mange behandlingsmåtar: - Luftblåsing. - Den store operasjonen. - Eller på kalde vinterdagar å trille sengene ut på verandaen for å frysa bort tuberklane. Etter kvart vart metodane betre, og mange vart friske og smittefrie. Dr. Ludvig Trædal, lækjar ved Helseheimen i mange år, gjorde ein kjempejobb, sameleis styraren, sjukesyster Ingrid Birkelund frå Stord.

Portrettbilete av dr. Ludvig Trædal.

Dr. Daae i Vadheim var av dei som hadde stor tru på ei dagleg transkei til pasientane. Han arbeidde trottig mot tæringspøkelset - sameleis dokter Andenes frå Gloppen som kom seinare og var spesialutdanna innan tuberkulose. Men det er ikkje rett å nemna namn - sjukesystrer, hjelpepleiarar, reinhaldspersonale, vaktmeistrar, kjøkentilsette, konene i vaskekjellaren - det var så mange trufaste slitarar som gjorde meir enn si plikt for ei utruleg lita løn. Eit par av systrene ved Helseheimen vart smitta av den "kvite pesten" og døydde. Om dette skjedde med fleire av personalet, er ikkje kjent.

Bilete av to pasientar, med sjukesyster imellom.

Modernisering og påbygging

I 1938 vart det gjort vedtak om å byggje ut med 35 senger. Men atter ein gong kom krig og ufred i vegen, og nybygget kom ikkje i bruk før ved juletider 1940. Både arkitekt og byggenemd hadde gjort ein god jobb, og Sjukeheimen var no ein moderne og god arbeidsplass.
Det var ikkje berre pleie, men også kurpleie som no vart drive ved heimen pluss fast diagnosestasjon for sjukdomsgransking.

Etterkrigstida

Med dei nye medisinane som kom, gjekk talet på pasientar brått ned, og det har ikkje vore smittefarlege pasientar sidan 1957. I 1969 vart heimen godkjent som sjukeheim med 26 plassar. Namnet vart endra til Lavik Sjukeheim. Utover i seinare år har det vore stadige endringar og ombyggingar etter nye lover og forskrifter. Siste tiåra har bygget fungert som aldersheim.

Turbulente tider

Etter kommune-samanslåinga har lagnaden til Helseheimen vorte styrt frå Høyanger, og i takt med tidas skikk har riving av det gamle bygget vore diskutert gong etter gong. Men det står der enno og gjer stor nytte i bygdesamfunnet, og så får ein berre godta det som måtte skje i framtida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ringereide, M.A.: Lavik Helseheim i 25 år. Vik 1941.
Geijerstam, Inger af: Lavik Sjukeheim 1916 - 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR