Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 14. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2020

Kommune

Rå-data

Skogrekruttskule bygde bruer i Henjadalen



År 2016: Turgåarar, joggarar, syklistar og alle andre som ferdast på vegen inn Henjadalen passerer fire betongbruer. Den første går over Høgaloftåna ein snau kilometer etter Bommen. Bruene blei bygde sommaren 1963 av militære mannskap; soldatar som hadde skogrekruttskule som ein del av førstegangstenesten.

Brua over side-elva Høgaloftåna, den første betongbrua etter Bommen (ved demning og inntak for drikkevatn). Spor etter feste for pålar til rekkverk viser tydeleg i kvar ende.

Brua over side-elva Høgaloftåna, den første betongbrua etter Bommen (ved demning og inntak for drikkevatn). Spor etter feste for pålar til rekkverk viser tydeleg i kvar ende.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Henjadalen

Frå busett område i Leikanger går det to store dalar nordover i utmarka og opp mot fjellet: I vest ein dal med to namn, Grindsdalen (vestsida) eller Huksdalen (austsida), og lenger aust, Henjadalen. (Lengst aust går Njøsadalen i meir nordaustleg retning). Henjadalen er trang den nedste delen, med bratte lier opp frå dalbotnen og elva, Henjaelva. På begge sider langt framover i dalen står hogstmogen granskog alle stader der det i si tid let seg gjera å koma til med hakke og granplanter. Køyrevegen går på vestsida av elva, heilt fram til stølen Flya.

Brua over Høgaloftåi

Den første brua etter Bommen kryssar Høgalotåi. Det står namn på treskilt like ved. Brua er om lag 3 meter lang. Brua ligg med endane på bru-kar bygde av oppmurde steinar og betong. Opninga er ikkje særleg stor. Gutungar kryp lett under på låg vassføring. På begge sider er to hol i betongen til feste for rekkverk/sikring.

Dei tre andre

Den andre brua kryssar Kinna-grovi, den tredje Hjellande-grovi og den fjerde, ved Flotane, Skulåna. Bruene liknar på kvarandre. Dei er om lag like store, frå vel to meter lange til vel tre meter, og bygde på same måten. Alle er utan rekkverk/føringskant, men alle har hol i betongen for rekkverk, som visstnok aldri blei oppsett. Det står namneskilt ved dei to første.

Skogrekruttskular

«Skogrekruttar på vegbygging i Henjadalen» var overskrift på stort oppslag i avisa Sogn og Fjordane, 7. august 1963. 102 militære rekruttar var innkvarterte på Nybø skule. Opphaldet var ein del av førstegangstenesten. Soldatane rydda småskog og gjorde utbetringsarbeid på skogsvegane i Huksdalen og Henjadalen. Det hadde vore skogrekruttskule i Sogn og Fjordane før; og no, i 1963, var det Leikange sin tur.

Jon Dugstad, fødd og oppvoksen på Leikanger, vert gjerne rekna som far til skogrekruttskulane. Han lanserte tanken i 1920-åra, at rekruttar også kunne gjera samfunnsnyttig arbeid, så som jorddyrking, vegbygging, skogplanting m.m. Eit tillegg til Vernepliktlova i 1929 opna for slik innsats. Fram mot krigsutbrotet i 1940 vart det halde fleire skogrekruttskular, og dei vart tekne oppatt etter krigen. I krigsåra 1940-1945 vart same slag arbeid utført gjennom Arbeidstenesten (AT).

Nybø skule – militærleir

Skogrekruttskulen kom til Leikanger 9. juli, og tok inn på Nybø skule der det var skuleferie. Skulehuset og skuleplassen var gjort klar til å ta imot 102 befal og menige, organisert i eitt kompani. Kommunen hadde lagt til rette med ekstra vasstilførsle og tilkopling til elektrisk straum utandørs. Kommuneteknikar Kaare Risnes hadde sytt for at alt var ordna på beste måte. «Eit bra hovudkvarter, men (…) i trongaste laget,» skreiv avisa i oppslaget sitt. Kvar morgon stilte kompaniet opp på skuleplassen før mannskapa vart transporterte ut på arbeidsstadene i Huksdalen og Henjadalen.

«Eit godt arbeid..»

Ein dag først i august var «Sogn og Fjordane» oppe i Henjadalen og såg på arbeidet. Løytnant Bergli synte kva som var gjort og orienterte. Avisa var imponert.

«Alle bruene er bygde av skogrekruttane og det er bra gjort av ukunnige folk å gjera så godt arbeid. Bruene er rekna til å tåla 13 tonns akseltrykk. Me nemnde ukunnige folk, og det er ikkje noko nedvurdering, langt ifrå. Det vil nok verta litt klabb og babb når 102 mann frå ymse deler av landet og alle yrke skal til som vegbyggjarar, men denne gongen har det vore slik innsats og arbeid som syner att i ein god køyreveg framover Henjadalen.

Stikkveiter og grøftingar er pent laga, og dersom no berre heradet fylgjer opp med å få siste finpussen på vegen i form av litt meir grusing og rydding av den vesle stubben som som vil verta ståande att, så skulle det vera gode greier. Det er slik at vegen som skogrekruttane byrja på var om lag 5 kilometer og på fem veker vert det for knapp tid til å greia heile veglengda.»

Synfaring og avslutning

Måndag 12. august 1963 var det avslutning for skogrekruttskulen med synfaringar og festlege samkomer. Mange var med. Avisa nemner følgjande: sjefen for DK (Distriktskommando) Vestlandet, generalmajor Odd Mølster, regimentsjefen, oberst Stangeland, major og direktør i (organisasjonen) Bygg ditt Land, Jon Dugstad, sjefen for skogrekruttskulen, kaptein Mjell, varaordførar Per Opthun, kontorsjef Leif Baustø, soussjef Anders Skaasheim, kommuneteknikar Kaare Risnes og skogteknikar Audun Oklevik.

I Henjadalen hadde vegvaktar Sigurd Lund vore oppsynsmann. Kommuneteknikar Kåre Risnes fortalde om arbeidet. Avisa «Sogn og Fjordane» skreiv denne gongen:

«Oppdraget hadde vore å arbeida opp om lag 5 km køyreveg. Ved starten var det arbeidt opp om lag 1 km, og elles var vegbana der i grove trekk, men det var og mykje utrasa. Skogrekruttskulen si oppgåve vart difor først å grøfta skikkeleg og få laga fire bruer, ei oppgåve som er godt løyst. Den opparbeidde vegbana er og bra, men det vart litt for kort tid til å få alt ferdig, men vegen er køyrbar. På vegen er det arbeidd opp 2,5 km med grøfter og på første delen er det køyrt 1500 kubikkmeter grus.»

Seinare på avslutningsdagen gav Leikanger kommune middag på Leikanger Hotell, og deretter var det kompanimiddag i ungdomshuset der alle skogrekruttane og deltakarane på synfaringa var med. - Ungdomshuset var vakkert pynta, skreiv avisa, og det var lotter som stod føre serveringa. Seinare på kvelden heldt avslutningsdagen fram med dans i ungdomshuset og då var jentene i bygda særleg innbedne.

Vegbygging 1944-1945

Skogrekruttane bygde ikkje ny veg i Henjadalen i 1963. Dei utbetra ein eldre veg, bygd i åra 1943-1944, då også av utskrivne «militære» mannskap, Arbeidstenesten (AT). AT-mannskapa var oppsette med spade og spett i staden for våpen. Dei hadde hovudkvarter i ungdomshuset, og for ein del innkvarterte hjå private. Då AT-folka slutta av i 1944, sette dei opp ein minnestein om arbeidet sitt. Steinen står framleis ved sida av vegen eit stykke inne i dalen. Logoen til Arbeidstenesten står innhoggen og årstala 1943-44.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 07.08., 14.08.1963


Fylkesaarkivet: Stadnamn-base

PERMANENT IDENTIFIKATOR