Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Lavikdalen bedehus



Bedehuset på Lavikdalen høyrer med til etterkrigs-bedehusa i fylket. Det høyrer og med til bedehus som ikkje er meir, som bedehus. Huset stod ferdig i 1962 og var i bruk til 2004. I 2007 blei huset selt.

<p>Bedehuset p&aring; Lavikdalen 2008, tre &aring;r etter at huset vart selt. Det st&aring;r p&aring; garden Hjelmeland, eit kort stykke oppom vegen.&nbsp;</p>

Bedehuset på Lavikdalen 2008, tre år etter at huset vart selt. Det står på garden Hjelmeland, eit kort stykke oppom vegen. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

I Høyanger og Hyllestad

Organisatorisk høyrde bedehuset på Lavikdalen til Dalane Indremisjonsforeining som også eig Løland bedehus. Dei to bedehusa høyrer heime i to kommunar, høvesvis Høyanger og Hyllestad. Bedehuset på Lavikdalen vart bygt på garden Hjelmeland ”på nedre Lavikdal” om lag 100 meter oppom vegen. Huset står enno.

Tanken om å byggja

To ting gjorde at indremisjonsfolka i Lavikdalen tok til å tenkja på å få seg eige hus. Det eine var at Lavikdalen like etter krigen 1940-1945 hadde besøk av to unge gutar. Det blei vekking. Dei heldt møta i skulehuset. Men etter ei tid stengde krinsformannen huset for møta. Dei heldt då møta rundt om i husa. Det andre var at det kom med mange i Mylsdalen (dalen innafor bedehuset) og dei syntest det var langt å gå til bedehuset på Løland. 

Vedtak om å byggja

Den 12. mars 1949 var folk samla i skulehuset på Nedre Lavikdal for å drøfta bygging av bedehus for krinsen. Møtet gjorde vedtak om at alle som ville ha noko med eit nytt bedehus å gjera (leiing og ansvar), skulle stå som medlem i Dalane Indremisjonsforening som også skulle stå som eigar på same måten som foreininga var eigar av bedehuset på Løland. Dei same lovene skulle gjelda for Lavikdalen som for Løland. Eige styre skulle veljast av medlemmer i krinsen. Medlemmet frå krinsen i fellesforeininga skuller vera sjølvskriven medlem. 

Vidare var det semje om å kjøpa tomt hjå Harald Hjelmeland til ein pris av kr. 300. Elles vart det valt ei arbeidsnemnd til å gå i gang med å samla inn midlar. Hendrik Mølmesdal, Astrid Støldal, Bendik K. Systad og Martin Hjelmeland vart valde. Kasserar: Astrid J. Mølmesdal. ”Med dette er opptaket gjort til bygging av bedehus på Nedre Lavikdalen” står det notert i møtereferatet i møteboka til Dalane indremisjonsforening.

Teke i bruk 1962

Det vart halde basarar til inntekt for bedehuset. I 1958 vart dei samde om å setja i gang å byggja. Dei hadde fått byggjeløyve og det var semje om ta fatt snarast råd. Det vart valt byggjenemnd med Hendrik Mølmesdal som formann. Han fekk fullmakt og pålegg om å ordna med lån på kr. 5000 i Lavik nye Sparebank, og så snart lånetilsagn førelåg, skulle arbeidet setjast i gang. Huset vart teke i bruk våren 1962. Men huset vart ikkje vigsla før sommaren 1967 av Birger Ådland, generalsekretær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund. 

Slutt i 2004

Verksemda i bedehuset på Lavikdalen tok slutt i 2004. I 2007 vart huset selt. Noko av inventaret vart flytta til bedehuset på Løland. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Dalane Indremisjonsforening, 1945-0000.
Informasjon frå:
Martin og Sigrid Hjelmeland ved Ivar Systad,
Ivar Systad, Hyllestad, 2010.

PERMANENT IDENTIFIKATOR