Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hjortesetstøylen



Hjortesetstøylen (Ytstestøylen) var vår- og hauststøl for dei to bruka på Hjorteset, gard nr. 26. Stølen ligg i ei høgd på ca. 420 m o.h., med godt beite. Dei slutta med støling her kring 1955, og siste huset på stølen stod fram til 1980.

Vest for tunet er vårstølen, Ytstestølen. Oppe ved vatnet den eldste sommarstølen, Storevasshaugen. Nykjen er den nyaste sommarstølen.

Vest for tunet er vårstølen, Ytstestølen. Oppe ved vatnet den eldste sommarstølen, Storevasshaugen. Nykjen er den nyaste sommarstølen.

Tilkomst

Til Ytstestøylen er det ca 2 km rås opp frå riksvegen.

Bruk av stølen

Etter vårbeiting nede ved vatnet, kom buskapen på vårstølen kring jonsok. Meir om bruken av Ytstestøylen i artikkelen om sommarstølen Storevasshaugen. I denne artikkelen er det og omtale av Nykjen, den nye sommarstølen for bruka på Hjorteset.

Nokre fakta

Hjorteset, gard nr. 26, Hyen sokn, hadde to bruk i 1890. Folketalet på garden var 22 i 1865. Dette heldt seg stabilt fram til 1900, då talet var 21.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 298. Sandane 1988.
Alfhild Aa, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR