Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Feios kyrkje



Feios kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Rinde i Vik kommune. Kyrkja, som har 220 sitjeplassar, vart vigsla 12. desember 1866 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Feios kyrkje er soknekyrkje for Feios sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld.

Feios kyrkje vart bygd sommaren og hausten 1866. Ho har gjennomgått berre små endringar. Koret er ein del smalare enn kyrkjeskipet, og i forlenginga av det ligg preste- og dåpssakristiet.

Feios kyrkje vart bygd sommaren og hausten 1866. Ho har gjennomgått berre små endringar. Koret er ein del smalare enn kyrkjeskipet, og i forlenginga av det ligg preste- og dåpssakristiet.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 2002.

Fotograf: Grunde Engan.

Markerte fargar

I Feios har dei halde fast ved svært markerte fargar på interiøret. Benkene i kyrkja er det fyrste ein vert merksam på når ein stig innom dørene. Dei lyser mot ein i skarpt raudt og blått. Det finst mange og ulike meiningar om kva fargar som gjer seg i ei kyrkje, og kva fargar ein bør styre unna.
Taket i kyrkjeskipet er blåmåla. Det er flatt i midten og skrånar ut mot sidene. Taket i koret er lågare, og den friske sitrongule fargen festar seg på netthinna. Veggene i kyrkja dempar likevel totalinntrykket. Dei er umåla slik dei alltid har vore.

Står på solid historisk grunn

Eit fint innslag i interiøret er galleriet som er frambygt med eit midtparti i åttekantform. Det vert halde oppe av fem søyler. Og der står det fyrste og einaste orgelet som har stått i denne kyrkja. Langs sidene i skipet er der tre vindauge med småruta glas og spissboge. Same type glas gir lys i koret, eitt på kvar side. Koret er ein del smalare enn kyrkjeskipet, og i forlenginga av det ligg preste- og dåpssakristiet. Våpenhuset ligg nedst i tårnfoten, og har trapper opp til galleriet på begge sider. Tårnhalsen og spiret er plassert på tvers over sjølve tårntaket, eit arkitektonisk enkelt og godt grep for å bryte det elles firkanta preget.

Feios kyrkje vart bygd i 1866 og har gjennomgått heller små endringar. Kyrkjebenkene vart skifta ut til 100-årsjubileet i 1966, og då vart kyrkja også måla opp att i fargane ho har i dag. Straum til varmeomnar vart innlagt i 1958. Kyrkja står på historisk kyrkjegrunn på Rinde, og framleis finst her spor som fortel om hendingar bakover i tida. I tårnet er restar av ei minnetavle frå 1618 over born som har døydd. Kven dei var og kva som skjedde med dei, veit ein ikkje.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1883 er eit oljemåleri på lerret av Christen Brun med tittel "Jesus i Getsemane". Då kyrkja var ny i 1866, fekk ho fyrst ein enkel kross med eit grønt klede som bakgrunn.
På alteret står to lysestakar i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk og disk i sølv truleg frå 1600-talet, med innskrift; ei vinkanne og ei brødøskje i svart fajanse med gylt kross.
Preikestolen og døypefonten er frå 1866. Dåpsfatet og dåpsmugga er i messing. Orgelet frå 1913 har fire stemmer, og er bygt av Olsen og Jørgensen. Kyrkjeklokka frå 1901 er omstøypt av den skadde klokka frå 1692. O. Olsen & Søns Klokkestøperi i Tønsberg utførte omstøypinga.

Vekking i bygda gav orgel

Det knyter seg ei litt spesiell historie til orgelet i kyrkja. Orgelet er det fyrste og einaste som har stått i kyrkja, og kom dit etter ei vekking i bygda tidleg på 1900-talet. I fleire år hadde folk i bygda samla inn pengar til Ungdomshus i Feios. Men så kom vekkinga, og storparten av bygdefolket kom med. Dermed vart tankane om ungdomshus lagde vekk og i staden vart det kjøpt orgel for pengane. Orgelet vart montert i kyrkja i 1913. Eldsjel i det som etter kvart vart orgelsaka, var dåverande formann i Feios Ungdomslag, ordførar, lærar og klokkar Nils Tjønn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Feios kyrkje 100 år 1866-1966. Utgjeve av Feios Sokneråd, 1966.

PERMANENT IDENTIFIKATOR