Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Johan Schumann - sauehaldar på Hovden



På ein bergknause på øya Hovden vest for Florø står det ei kring 2,5 meter høg steinstøtte til minne om Johan Schumann. Minnesteinen vart reist samstundes med at oskeurna hans vart sett ned her ei tid etter at han døydde i 1911. Kven var han, denne mannen som fekk eit så sereige gravmæle?

<p>Grava til Johann Schumann (1832-1911),  p&aring; &oslash;ya Hovden i Flora. Minnesteinen vart reist samstundes med at oskeurna hans vart sett ned her ei tid etter at han d&oslash;ydde i 1911. P&aring; st&oslash;tta st&aring;r skrive: Faareopdr&aelig;tteren Johann Schumann.</p>

Grava til Johann Schumann (1832-1911), på øya Hovden i Flora. Minnesteinen vart reist samstundes med at oskeurna hans vart sett ned her ei tid etter at han døydde i 1911. På støtta står skrive: Faareopdrætteren Johann Schumann.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Fleire stader

Johan Schumann var fødd 1832 i Bergen. Han studerte landbruksfag i Danmark og Skottland. Då han kom attende til heimlandet i 1859, hadde han med seg 10 skotske svartfjeslam. Fyrste vinteren hadde han dei på beite i Fløyfjell-området. Det var ikkje heilt liketil fordi sauene spreidde seg over eit vidt område og var vanskelege å samla. Sommaren etter pakta han øya Flaen i Manger. Her hadde han svartfjesingane sine saman med ein flokk norske utegangssauer i 4 år.
 

Men dette var heller ikkje den heilt gode staden for sauehald. Fleire dyr fekk sjukdom på seg, og Schumann måtte enno ein gong sjå seg om etter eigna stad. Den fann han på Alden i Askvoll. Her dreiv han i 17 år med kring 300 svartfjesingar og norske utegangarar. Då Schumann ynskte å kjøpa Alden, lukkast han ikkje med det, og flytta på ny med sauehaldet sitt, denne gongen til øya Hovden i Sunnfjord som han kjøpte i 1881.

Øya Hovden

Øya Hovden er ein stad skildra slik: "I vest har natura bygd ein traust molo, og gjennom eit smalt sund kjem ein så inn på vestre Hovdevåg. Rett imot, frå aust, kjem austre Hovdevåg, og mellom desse to øyane er det berre eit smalt eid. Eidet og dei to vågane skil Hovden ut frå søre luten av øya. - So reiser landet seg i stor høgde med bratt mur mot Frøysjøen i nord. Der er berre eit par småsenkingar ned mot sjøen på nordsida. Forma på halvøya har gjeve den sitt namn Hovden av hovud. Nordafor eidet i ei lun krå har den første buplassen vorte bygd av steinalderfolket, her har til alle tider sidan vore stad for hovudgarden. Her står husa den dag i dag."

Føregangsmann og folkeopplysar

Johan Schumann var ikkje berre ein heilt uvanleg ivrig sauealar som gjennom heile livet dreiv forsøksverksemd på høgt fagleg nivå med serleg vekt på å finna ut om det let seg gjera å driva lønsamt med skotske utegangssauer på Vestlandet. Han var og sterkt oppteken av åker og eng, gras og rotfrukter. Mellom anna meinte han det var mykje å vinna på å laga syltegras (silofor), og då serleg på Vestlandet der det år om anna kan vera så som så med høyturken.
 

Johan Schumann dreiv ikkje på berre for eigen del. Han la vekt på å nå ut til landbruket med opplysning. Han forfatta og ga ut ei rekkje fagskrift. Fleire av dei fekk han og trykt som seriar i aviser, og han vende seg til alle kommunestyra og til Nordre Bergenhus Landhusholdningsselskap (seinare Sogn og Fjordane landbruksselskap) med bøn om å medverka til spreiing av skriftene.

Selde i 1899

I 1899 selde Johan Schumann eigedommen sin på Hovden til Per Indrehus. Dermed var sluttstreken sett for eit langt og omskiftande liv som landbruksmann og sauehaldar. Amund Helland omtalar i 1905 Johan Schumann som Vestlandets kyndigste faaremand i verket sitt Norges Topografiske beskrivelse. Johan Schumann var ugift og døydde i Bergen 3. mai 1911.

Bladmelding

I bladet Firda skreiv Hans Seland den 27.12.1890 om heftet Syltehø:

"Emnet vaar trottuge landbruksforfatter her hev umhandla, er af stor vigt for gardbrukarranne paa Vestlandet, som jamt er udsatte for aa koma i beit med aa faa berga høyet sitt i vaate somrar. Denne boki hans Schumann gjev lærdom um, korleis ein kann hjelpa seg um veret er aldri so vrangt; og fremgangsmaaten med aa laga "Syltehøy" vil vist koma mykje i bruk med tidi."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hovden: Johan Schumann og Per Indrehus. I Jol i Sunnfjord. Førde 1949.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Kristiania 1901.
Norsk Biografisk leksikon. Band VIII. Oslo 1949.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Omslag med diverse brev/rundskriv på Johan Schumann.

PERMANENT IDENTIFIKATOR