Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Breng seter



Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalla. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Breng seter ved Lovatnet.

Breng seter ved Lovatnet.

Eigar: www.nordfjord.no

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Teken av Brengsfonna

Breng ligg vakkert til ved vegen til Lodalen like ved Lovatnet. I nord ser ein den vakre Brengselva og i sør Krunebreen og Halsetbreen. I mellomalderen var Breng eigen gard med to brukarar. Garden er omtala i kjelder frå 1340, 1401 og 1469. Ei segn fortel at det eine bruket vart teke av fonna og at den andre brukaren då flytte bort. Kort tid etter skal det andre bruket også ha vorte øydelagt av fonna og vassdemme frå Brengselva. Ein litt annan variant vil ha det til at Brengsfonna sopte alt på fjorden og at alle menneska omkom. Berre ein hane sat att på andre sida av vatnet. Brengsfonna kan gå voldsamt. For nokre år sidan kom fonna slik. Ho sopte over Breng og stoppa på den andre sida av vatnet om lag ein km unna. Ein kunne då gå på fonna over vatnet.

Seter for garden Sæten

Breng vart til slutt overteken av garden Sæten i Loen som nytta staden til seter. Alle husa står i ei klynge sidan fonna går på alle kantar. Breng har hatt gode beite med tidleg vår og staden ligg berre 52 m o.h. Her er det varmt og drivande. Sidan setra ligg så lågt, kunne bøndene i tidlege vårar ha dyr her frå april/mai og i milde haustar ut i oktober. Då Breng vart drive som vanleg seter, var her sju sel og sju fjøsar. Det kom veg til Breng midt på 1930-talet. Før det måtte budeiene ro frå Sæten og fire km til Breng for å mjølka. Dei låg i sela og frakta mjølka heim att neste dag.
Den gamle driftsforma tok slutt kring 1950. I 1961 byrja dei med fellesdrift med 24-28 mjølkekyr. Det vart bygd ny mjølkestasjon med teknisk utstyr som må til for rasjonelt mjølkestell. Fram til 1985 var det full drift. Då var det fleire bønder som slutta med mjølkeproduksjon.

Forfallet vart stansa

Då den tradisjonelle seterdrifta tok slutt, byrja dei gamle sela og fjøsa å forfalla. Utover i 1970-åra var forfallet kome langt. Bøndene vart då samde om at dei ville berga dette miljøet. Med god hjelp frå landbrukssjef Bjørkedal vart arbeidet sett i gang. Alle husa fekk nye torvtak og elles anna som måtte til. Utover i 1970-åra søkte bøndene om støtte til å setja setergrenda i stand. I 1981 fekk dei 50 000 frå riksantikvaren. Bøndene sjølve la ned ein stor dugnadsinnsats. Arbeidet vart avslutta i 1997. Det var sju sel og sju fjøsar den tida dei dreiv vanleg seterdrift. I dag er det 13 hus att.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat frå Anders Sæten, Stryn.
Rapport frå restaureringsprosjekt, 02.04.1997, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR