Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handel og gjestgiveri i Friishuset



Eit stykke vest for kyrkja ligg den gamle handels- og gjestgjevarstaden i Naustdal. Hovudhuset vert kalla Friishuset etter mannen som bygde det på 1840-talet. Andre kallar bygningen for Gundersen-huset etter mannen som overtok handelsverksemda etter Friis. Bygningane i Friisgarden vert rekna som svært verneverdige og som ein viktig del av sentrum.

Friishuset frå 1840-talet er eit staseleg hus og eit viktig historisk og miljømessig element i Naustdal sentrum.

Friishuset frå 1840-talet er eit staseleg hus og eit viktig historisk og miljømessig element i Naustdal sentrum.

Eigar: I Natur og kultur i Naustdal.

Datering: 1972.

Fotograf: Svein Hjelle.

Dei fyrste gjestgjevarane

Fyrste gongen me finn noko om handel i Naustdal er i tingboka frå 1684. Sjur Naustdal hadde då privilegium på å driva handelen her. Kor lenge han hadde drive handel veit me ikkje, men kanskje frå 1660-talet. På 1690-talet var Jacob Larsson gjestgjevar, men han sa frå seg rettane sine då næringa var belasta med tunge skattar.
I 1710 var det Berta Naustdal som hadde øltapperi her. I 1726 fekk Rasmus Gundersen særskilt gjestgjevarløyve. I løyvebrevet frå stifsamtmann A. Undall heiter det at det frå gammal tid har vore gjestgiveri i Naustdal. Gundersen hadde drive gjestgiveriet sidan 1724 både forsvarleg og upåklageleg. I løyvet går det fram at han måtte halda gode losjement for dei reisande og forsyna dei med mat, øl, vin, brennevin og tobakk til ein rimeleg pris.

Frå smalhans til velstand

Då Rasmus Gundersen døydde i 1742, overtok sonen Mons, etter dei same vilkåra som faren hadde hatt. Det vart innført avgrensingar i ølsalet på heilagdagar sidan gjestgiveriet låg så nær kyrkja. Mons Rasmussen var ikkje åleine om å driva handel og skjenkestove i Naustdal. Jacob Torsen hadde eit øltapperi og selde tobakk. Det kom til noko rivalisering mellom desse. Mons Rasmussen sleit med å få gjestgiveriet til å svara seg og prøvde difor å få bort Jacob Torsen som konkurrent.
Sonen til Mons, Rasmus Monssen, skal ha tent seg rik. Han dreiv både gjestgiveriet og med mange andre ting han tente pengar på. Rasmus Monssen Dahl gjorde eit byte med Mads Boge Martens på Stavang. Dahl ovetok handelsverksemda på Stavang og Martens overtok handelsverksemda i Naustdal. I 1832 overtok Martens løyvet til å driva landhandel her, og fire år seinare fekk han løyve til å driva gjestgiveri. Martens fekk desse løyva på dei same vilkåra som gjaldt på 1700-talet, men i tillegg måtte han stilla til rådvelde lokale til tinghald når dette var nødvendig.

Handelsmann, gjestgjevar, postopnar og d/s-ekspeditør

Johan Sebastian Friis kjøpte i 1843 handels- og gjestgjevarstaden i Naustdal, men Martens tok unna retten til å driva handel og gjestgiveri så lenge han sjølv levde. Men då Martens døydde i 1849, overtok Friis handelen og gjestgiveriet. Han fekk også løyve til å selja brennevin, noko han var åleine om i heile Førde prestegjeld.
På Friis si tid som handelsmann og gjestgjevar skjedde det store forandringar i bygdene. Då kom det postopneri og dampskipsekspedisjonar til fleire stader i amtet. Ved Kongeleg resolusjon av 25. juli 1860 vart det vedteke å oppretta postopneri i Naustdal. Frå 1. januar 1861 var postopneriet i drift under namnet Nøstdal postaabneri. Den fyrste postopnaren var handelsmann Friis.
Då Fylkesbaatane starta sine fyrste ruter på Sunnfjord i 1859 kom Naustdal med, men berre som stjernestopp*. (Stopp berre om det var passasjerar eller gods til staden). Handelsmann Friis vart også dampskipsekspeditør for båtstoppestaden. I 1876-77 vart det bygt bryggje i Naustdal og sett opp ekspedisjonsbu.
Handelsmann Friis dreiv også med laksefiske i elva Nausta. Han nytta for det meste not og gjennomsnittet låg på 54 laksar for kvart notkast. Dette gjekk hardt ut over laksebestanden. Kring 1890 kom laksefisket inn i meir regulerte former.

Gundersen starta hotell

I 1879 overtok Henrik Gundersen som dampskipsekspeditør etter svigerfaren, Johan Friis. Frå 1. april 1884 tok han også over som postopnar og i 1885 landhandelen og gjestgiveriet. Gundersen la etter kvart ned landhandelen, men heldt fram som postopnar, dampskipsekspeditør og gjestgjevar. Han dreiv ei tid også ein trevarefabrikk.
På 1890-talet byrja dei fyrste engelske lakselordane å koma til Naustdal for å fiska laks i Nausta. For å ta i mot dei nye gjestene kjøpte Gundersen ein bygning i Bergen som han flytte til Naustdal i 1899 og nytta som hotell. Bygningen var i to høgder med 12 rom medrekna kjøkenet og vart kalla "Hotellet". I tillegg til at lakselordane budde der om sommaren, vart hotellet nytta til bryllaup, gravferder og liknande. Lenge var det postkontor i denne bygningen.

Friishuset

Husa som står att på Friisgarden i dag vart bygde av Johan Sebastian Friis i 1840-åra. Friishuset var hovudhuset på handelsstaden Naustdal. I 1937 skreiv Halvor Vreim til Riksantikvaren: "Friis-gården, Naustdal Sunnfjord. Bør fredes. Eier: Poståpner Gundersens barn."


Friisgarden vart freda av Riksantikvaren kring 1940, men vedtaket vart oppheva i 1979. Hovudbygningen vert framleis sett på som ein viktig historisk og miljømessig del av Naustdal sentrum. I vedtektene for reguleringsplanen for Naustdal sentrum står det at husa skal vernast, og at alt bygningsmessig arbeid med eigedommen skal utførast i samråd med fylkeskonservatoren.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok. Gards- og ættesoge, band I. Naustdal Sogelag. Otta 1995.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Naustdal kommune: Natur og kultur i Naustdal. Naustdal 1995.
Postmuseet:
Poststeder - en historisk oversikt: Nøstdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR