Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølsstein og stølsklopp



Nær riksvegen i Ønadalen finn vi to kulturminne som har vore til nytte og glede for folk gjennom generasjonar: Stølssteinen og steinkloppa over Salbu-elva.

Stølssteinen ved riksveg 607 i Ønadalen, 2 ½ km nord for Salbu vegkross. I 1990 etterkom Statens Vegvesen eit ynskje frå bygdefolk om at steinen ikkje måtte sprengjast i samband med vegutvidinga i dalen.

Stølssteinen ved riksveg 607 i Ønadalen, 2 ½ km nord for Salbu vegkross. I 1990 etterkom Statens Vegvesen eit ynskje frå bygdefolk om at steinen ikkje måtte sprengjast i samband med vegutvidinga i dalen.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Stølssteinen

Av dei to kulturminna er Stølssteinen lettast å få auge på. Han står der som eit landemerke tett i riksveg 607. Born likte å klatra opp på Stølssteinen når dei for framom. Sauer har søkt ly der i alle dagar.
Langt opp mot vår tid gav Stølssteinen også ly til ei hestekjerre. Kjerra vart nytta av bygdefolket på vinterstid til å køyra til butikk og båt nede ved sjøen. Fram til steinen køyrde dei med slede. Når det var snø oppe i "dalen", kunne det vera berr veg nærare sjøen. Kjerra høyrde heime i Sundbotten eller Midttun. Men også folk frå andre gardar kunne få nytta henne. Ein hadde på lag ein munnleg avtale om kva dagar kvar gard skulle ha folk av garde ned "i bygda", slik at det ikkje vart kollisjon om å nytta kjerra. Siste brukar av denne ordninga var truleg Anton K. Henrikson på bruk 1 på garden Midttun.

Stølssteinen vart berga

Då Vegvesenet i 1990 heldt på med ei heilt nødvendig vegutviding i Ønadalen, tok bygdefolk tok kontakt med det lokale folkeakademiet og fortalde at Stølssteinen skulle sprengjast vekk. Det måtte ikkje skje. Statens Vegvesen vart straks kontakta, og ynskjet frå bygdefolket vart etterkome. Vegen vart lagd litt om, og steinen vart berga. Framleis kan ein gle seg over dette landemerket i Ønadalen.

Steinkloppa over Salbuelva

Berre 100 m lenger oppe ved Salbuelva går ei fin steinklopp over elva. Frå bruka 6 og 7 på Øn vart det heilt fram til 1947 støla på vestsida av elva. Krøttera vart drivne over elva, medan folk nytta kloppa. Folka gjekk til støls om kvelden og mjølka. Dei overnatta til neste dag og tok morgonstellet før dei gjekk ned att til heimegarden. Framleis vert området nytta til beite, og kloppa er altså framleis til nytte.
Det er ei brei og ei smalare steinhelle som dannar sjølve bruflata. Ei smalare helle skal ha falle ned i elva. Alderen på kloppa er ukjend. Det er heller ikkje skrive noko om henne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bygnes, Per: Vernetiltak i Hyllestad Folkeakademi. I Nøkkelen. Nr. 3/1990.
Kellmer, Inger Hellesøe og Førsund, Finn Borgen (red.): Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Hyllestad 1990.
Opplysningar frå:
Oddlaug Nistad, Hyllestad. 13.11.1999.
Magnar Fleten, Hyllestad. 07.01.2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR