Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. januar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Løland bedehus



Hyllestad kommune har fem bedehus. Fire er i bruk: bedehuset i Skifjorden, på Sørbøvågen, på Ramsgrø og på Løland. Tanken om å byggja bedehus på Løland kom opp rundt 1900, byggjearbeidet tok til i 1922, huset vart teke i bruk 1923 og vigsla i 1928.

<p>L&oslash;land bedehus, bygd 1922-1923, vigsla 1928, p&aring;bygt 1980-1981.&nbsp;</p>

Løland bedehus, bygd 1922-1923, vigsla 1928, påbygt 1980-1981. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

2010

Løland bedehus står i grenda med same namn, på nordsida av elva, eit kort stykke frå brua. Det er laga til parkeringsplass like ved huset og sett opp flaggstong Huset er bygt i reisverk på gråsteinsmur. Hovudinngangen er på oppsida i tilbygg med garderobe og toalett frå 1980/81. Frå garderoben går dør inn til kombinert storsal (open himling) og småsal (med lem), til loft/galleri og til kjellarhøgda med kjøken og matsal. Veggen framme er pryda med måleri med motivet Jesus stiller stormen. Det er laga av Åsmund Heggheim etter original av Lars Osa, bror til felespelaren Bernhoft Osa. Dalane Indremisjon eig og driv Løland bedehus. Huset står på sjølveigande grunn.

Kyrkjehistorie i hefte 1929

Dei første 25 åra veit vi lite om, men takka vere Thor Aaberg (prest i Hyllestad 1922-1929), har vi litt historikk fram til 1929. Aaberg laga eit hefte om kyrkjesoga i Hyllestad. Der står det også noko om bedehusa i kommunen. Stykket om Løland bedehus er skrive av Herman G. Nordstrand og Lasse Næss.

Tanke om eige hus

Tanken om å byggja bedehus kom opp kring 1900, og Nordstrand/Næss meiner det var Østen Tonning, Johannes Eide, lærar O.B. Løland og Ole Øvraas som målbar tanken. I 1905 kom emissær Johan Sæverud frå Bergen på besøk og ”virka en lengre tur paa Dalen.” Han heldt møte i stova til fanejunker Eide og huset var overfylt. Dette gav kveik til tankane om å få seg bedehus i bygda. Det blei jamvel peika ut plass, omtrent der som skulehuset ”står no” (attmed skulen på Eidsnes). Men det blei med dette. Dei mangla pengar.

Teke i bruk 1923

I 1918/19 kom det ny fart i saka og no var det Løland som peika seg ut som høveleg stad fordi Lavikdalen ville vera med. Første beløpet kom inn i 1920, dei to neste åra følgde fleire gåver, overskot frå to festar, kollekt på ei stemna på Løland og inntekter frå ein basar. I 1922 gjekk dei så til innkjøp av tømmer, noko på ein skogauksjon på Foss og noko frå andre. Dei fekk gratis skjering på ”Næss-sagi”. Aslak Næss gav fri tomt. Byggjearbeidet tok til sommaren 1923 og fram mot jul var huset såpass ferdig at det kunne takast i bruk.

Gåver og dugnad

Kontant utlegg til og med 1925 kom på kr. 2546. Heile tida kom det inn gåver in natura og mange var med på på dugnadsarbeid. Ein mann gav til dømes all oljen til måling og to ungdommar gjorde målararbeidet gratis. Og mannen som stod for heile arbeidet, gjorde også det meste gratis, fortel Nordstrand/Næss i 1929. Det går elles fram at bedehuset blei vigsla 3. juni 1928 ved bibelskulestyrar Nils Lavik. (Så langt Aaberg)

Møtebok frå 1945

Bedehuset si historie i åra 1929-1945 veit vi svært lite om, men frå 1945 har vi møtebok for Dalane Indremisjon å halda oss til. 3. juledag 1945 kom folk saman på bedehuset for å drøfta og fastsetja kva dei skulle driva med. Og dei skreiv møtereferat, den første innførsla i ein protokoll som framleis er i bruk.

Foreininga som no (2011) heiter Dalane indremisjon stig fram. Dei vil blæsa liv i ”den gamle indremissionsforening”. Dei vert samde om å ”taka opatt arbeidet” og få fleire med i styret frå dei omliggande krinsar”. Dei vel styre og feller ned i skrift kva som er oppgåva deira: ”aa følgja Vestlandske Indremisjon si ”leid”, sine lover og retningsliner, for foreiningane sitt arbeid. Dei ønskjer å samle alle ”truande kristne” og elles dei som ”søkjer klårheit for si sjæls frelse.” Og elles kjem det fram sterkt ønskje om å kunna arbeida jamt og trutt, utan ”lange avbrot”. Det står og notert at foreiningsstyret skal fungera som bedehusstyre. Dermed er løpet lagt. Det nye styret bestod av Rolf Systad, Brita Skeide, Anders Ness og Sjur Sørestrand.

Møteboka til Dalane Indremisjon er ei hovudkjelde til kunnskap om Løland bedehus frå 1945 til i dag, om huset, om vedlikehald og byggjemessige endringar, og om arbeid og aktivitet.  

kjelder:

Aaberg, Thor: Kyrkjorne i Hylelstad i gammel og ny tid (1929),

Munnelege opplysningar frå:
Ivar Systad, Hyllestad
Dalane Indremisjon, Møtebok, 1945-