Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mai 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Leirstøylen



Leirstøylen ligg ca. 315 m o.h. i skogsmark ved Leirelva. Leirstøylen høyrer til Evebø, gard nr.77. Husa ligg på fjell med ei slette nedanfor langs elva. Den vart tilplanta med gran for ei tid sidan. No er grana rydda bort slik at stølsbøen igjen er open og graskledd.

Leirstølen ved Leirelva.

Leirstølen ved Leirelva.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1997

Fotograf: Torgny Ueland

Tilkomst

Råsa gjekk via Kleivedammen til Leirstøylen. Stølen ligg ikkje høgt, så turen var rimeleg lett. No går det 3 km skogsbilveg framom stølen på andre sida av elva. Bomveg. Merka turløype til Veten. Gamlevegen frå Breim gjekk og her når dei ikkje bruka båt på vatnet.

Bruk av stølen

I ei stølsliste frå 1930-åra står det at tufter viser at Evebø ein gong hadde stølen sin på Eidestøylen. Det er uvisst når det var. I ei tingbok frå 1749 står det om bruket Djupegota under Evebø: "Paa overste stølen, findes et Sæle med et Smalefjøs derhos all af tømmerbygning, og under et tæke, og alt i God Stand".

Bygdeboka fortel at Steffane på Sandane tidlegare hadde kyrne sine på Leirstøylen. Rundt århundreskiftet hadde dei kyrne sine nokre år på Åsane (på nordsida av Nordfjorden), og dei rodde dit og henta mjølka. Kring 1922 tok dei til å ha kyrne på Holvikstøylen saman med andre på Sandane.
Stølen ligg lågt og vi må rekne med den var i bruk frå juni til ut i september. Drifta var som vanleg her omkring. Dei gjekk på stølen mot kvelden og ned att etter morgonmjølkinga dagen etter. Då bar dei med seg rømme eller mjølk.
Stølen hadde ei rimeleg stor slåttekvie. Bruk nr. 2 hadde tidlegare sel og høylade over fjøs i steinmur. Dei andre hadde nok også høylader eller dei lagra høyet på fjøslemmen. Høyet køyrde dei heim på slede om vinteren. Siste sommaren dei støla på Leirstøylen var i 1949.

Nokre fakta

Evebø, gard nr. 77, Vereide sokn, hadde 16 bruk i 1890. Folketalet på garden var 47 i 1865. Talet var auka til 116 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 629. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR