Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. august 2019

Sist oppdatert 18. desember 2021

Rå-data

Spanskesjuka i Sogn og Fjordane



Spanskesjuka var ein hissig influensaepidemi som herja brutalt mellom 1918 og 1920. Sjukdomen tok truleg livet av meir enn 50 millionar menneske på verdsbasis. I Noreg døydde omlag 15 000 personar av influensaen.

Lækjaren vitjar pasientar med spanskesjuka ved Kneikevatnet i Svelgen i 1918. Personane på biletet er ukjende.

Lækjaren vitjar pasientar med spanskesjuka ved Kneikevatnet i Svelgen i 1918. Personane på biletet er ukjende.

Eigar: Kari Songstad

Datering: 1918

Fotograf: Ukjend

Spanska, som farangen gjerne vart omtalt på folkemunne, blir rekna som ein pandemi, det vil seie ein sjukdom som raskt spreier seg over store geografiske område. Sjølve namnet er misvisande. Farsotten oppstod mot slutten av første verdskrigen. Dei krigførande landa ønskte å skjule nyhende om den farlege sjukdomen. I det nøytrale Spania stod derimot avisene friare til å skrive om influensaen, som også råka kongefamilien i landet.

Spanskesjuka fekk såleis namn etter eit land der den fekk mykje presseomtale, men kvar det første utbrotet kom er uvisst. Ein kjend hypotese peikar mot ein militærleir i Kansas, USA. Andre set opphavet til Aust-Asia.

Spanskesjuka starta truleg i 1917, og ebba først ut i 1920. Det var likevel i 1918 sjukdommen for alvor herja. Den kom i tre store bølgjer. Sommarepidemien hadde ei hektisk bløming i juli og august, men forsvann fort, og mange små stadar og isolerte bygdesamfunn gjekk dessutan klar av sjukdommen.

Langt verre var det med haustepidemien, som var ein særskilt vondarta influensavariant. I Noreg blei dei første tilfella rapporterte i månadsskiftet august/september. Klimaks kom i oktober og november. Mot slutten av desember 1918 starta ein tredje variant, den såkalla vinterepidemien. Den ramma langt færre enn dei to førre farangane, og forsvann ut på vårparten 1919.

Kjenneteikn ved Spanskesjuka

Influensaen gjorde eit spesielt stort innhogg mellom unge folk. Det hadde truleg samanheng med at eldre personar sat inne med større immunitetsvern.

Symptoma viste seg ved høg feber, hovudverk, smerte i hals og øyre, og tette luftvegar. Pasientar som utvikla lungebetennelse kunne dessutan få mørke flekkar på huda. Dei fleste kvikna til att etter nokre dagar med dårleg allmenntilstand, men for dei som fekk lungebetennelse, kunne døden bli den endelege utgangen. Ein del opplevde dessutan å slite med komplikasjonar livet ut.  

I følgje Svenn-Erik Mamelund, som har forska mykje på Spanskesjuka i Noreg, døydde omlag 15 000 menneske her i landet av sjukdommen. 1,2 millionar nordmenn, eller bortimot halvparten av folket i 1918, blei smitta. Med tanke på det store smitteomfanget, var ikkje talet på døde svært høgt, men fordi så mange fekk sjukdommen, blei like fullt dødstala store.

Med eit samla dødstal på litt under ein prosent av folkesetnaden i Noreg, bleikna rett nok spanskesjuka mot svartedauden, som reiv vekk minst ein tredel av folket. Målt mot andre katastrofar som har ramma landet vårt, må det likevel vere rett å hevde at spanskesjuka var nådelaus. Til dømes omkom litt over 10 000 nordmenn i den andre verdskrigen.

For Sogn og Fjordane ser vi at spanskesjuka sette eit tydeleg avtrykk i 1918. Talet på døde i fylket steig med 29 % jamført med året før (tabell 1). Også i 1919, då den verste sotta var forbi, låg dødstalet litt høgare enn i åra under første verdskrigen.

Tabell 1: Alle dødsfall i Sogn og Fjordane 1914-1922

Årstal Tal døde
1914 1237
1915 1222
1916 1284
1917 1251
1918 1618
1919 1361
1920 1242
1921 1096
1922 1256

Spanskesjuka i Sogn og Fjordane

Den spanske syke der av de aller fleste sakkyndige anses for at være influensa, har ogsaa overmaate stor utbredelse i vort amt. Der findes vel neppe en bygd i amtet hvor sykdommen ikke er eller har været. Om sykdommen end maa sies at forløpe mildt, naar hensyn tas til det overordentlig store angrepne saa blir der allikeevel nok av mere alvorlige og langvarige tilfælder, og ikke saa faa dødsfald.

Amtslege Johan Fredrik Nielsen i Nordre Bergenhus skreiv om spanskesjuka i ein artikkel som stod på trykk i fleire lokalaviser i byrjinga av november 1918. Nett på denne tida nådde farangen si største utbreiing. Toppen blei nådd i oktober, med over 2600 smitta personar. Det vart meldt inn nokre få influensatilfelle første halvår 1918, men det var ikkje spanskesjuka.

Tabell 2 syner innrapporterte sjukdomstilfelle og døde i lækjardistrikta i Sogn og Fjordane. Det kjem fram at det ikkje var ei tett kopling mellom tal smitta og dødsfall. Lækjardistriktet Ytre Nordfjord og Selje hadde det høgaste influensatalet, men dødsfalla var langt færre enn i Kinn og Askvoll, der spanskesjuka kravde flest offer.

Tabell 2: Rapporterte sjukdomstilfelle og dødsfall av influensa i Sogn og Fjordane i 1918

Lækjardistrikt Rapporterte sjukdomstilfelle  Tal døde
Kinn 737 25
Askvoll 473 25
Kyrkjebø 350 22
Gulen 420 20
Fjaler 216 19
Lavik 147 17
Ytre Nordfjord og Selje  789 16
Hafslo 198 13
Aurland og Lærdal 341 12
Gaular 300 11
Leikanger 160 10
Nordfjordeid 429 8
Bremanger 269 5
Davik 192 5
Sogndal 471 3
Balestrand 60 3
Naustdal 279 2
Luster 116 2
Gloppen 80 2
Indvik 425 1
Indre Søndfjord 251 1
Vik 228 0

 

Sjølv om mønsteret ikkje er heilt eintydig, ser spanskesjuka ut til å ha råka hardast ved kysten. Amtslegen skreiv i eit brev dagsett 10. januar 1919 om tilhøva for dei ytre stroka av fylket:

Da det desværre endnu ikke er slut med den spanske syke, herude ved kysten, er det vel at befrygte, at sykdommen vil blusse op, naar en stor fiskealmue samler seg i anledning av det forestaaende sildefiske. Og skulde sykdommen faa nogen større udbredelse, vil stillingen bli noksaa vanskelig paa de forskjellige fiskevær. Særlig kommer vanskelighederne at gjelde de fremmede fiskere.

Ved store samanstimlingar av folk fekk spanskesjuka gode spreiingsvilkår. Helsestyresmaktene gjekk så langt som å be folk unngå store gravferder. Samstundes hadde samfunnet lite å stille opp med av i form av helsestell og pleie av pasientar. 

I 1918 fanst det 23 lækjarar i Sogn og Fjordane, fordelt på ein folkesetnad på nær 89 000 menneske. Sjukehus i moderne tyding av ordet eksisterte knapt. Vårsildavgiftsfondet dreiv eit lite sjukehus i Florø, og eit tilsvarande i Kalvåg. Lærdal hadde ein pleieheim. Dessutan var det ein helseheim i Lavik. To institusjonar tok imot tuberkulosepasientar, ein i Askvoll og ein i Luster. Fylket stod såleis dårleg rusta i møtet med pandemien. Folk fekk stort sett klare seg sjølve.

Det blei lagt vekt på å hindre smittespreiing. Amtslegen føreslo fleire førebyggjande tiltak. Reinsemd og god hygiene stod sentralt. Soverom burde bli vaska og lufta, hender reingjorde før måltid og bestikk vaska etter bruk. Amtslegen oppmoda òg folk om ikkje å spytte på golvet.

Spanskesjuka i arkivet

Talmaterialet er stort sett greit å leggje fram, sjølv om oppgåvene over smittetilfelle er hefta med stort uvisse. Men det tala og dei trauste tabellane ikkje fortel, er korleis folk opplevde den alvorlege influensaepidemien. 

I private brevsamlingar finst det spor av dei menneskelege reaksjonane på farsotten som herja landet. Ei kvinne busett på Skogly skreiv  27. oktober 1918 til søstera si på garden Berge i Luster:

Jeg læste i avisen om al sygdommen hjemme, og da tænkte jeg at det var i hele bygden. Gudskelov for hver dag vi faar være friske i denne tid. Her omkring og i byen er det svært i denne tid. Næsten to sider i B.T. er dødsannonser. Mellom 50 og 60 hver dag. Det er gru at aapne avisen.

Brevet fangar noko av uhygga ved influensaen. Det er rimeleg å tru at det spreidde seg ei stor redsle mellom folk når dei såg alle som vart rivne vekk. Brevmaterialet frå perioden gjev likevel ikkje grunnlag for å konkludere med at folk i stor grad otta seg for spanskesjuka. Det finst mange eksempel på skriv som ikkje nemner sjukdommen i det heile.

Men den globale pandemien gav i alle fall folk eit diskusjonstema over landegrensene. Ein utvandra lustring skreiv i 1919 heim til skyldfolket sitt frå Nord-Dakota:

Av avisene ser jeg at influensaen raser likeså fælt i Norge som den gjør her. Den har dræbt dobbelt så mange mennesker som krigen har dræbt her i Amerika. I New Rockford og omegn har den dræbt mellom 60 og 70. Ingen hos Kristen har havt den endnu og den har nu begyndt at tage av overalt rundt her. En norsk nogle mil nord på min farm reiste til Minot og fik fat på over hundrede dollar værdt av whiskey til at værge sig for influensaen. To uker efter var han i graven.

Brennevin som medisin

Trua på brennevin som lækjemiddel var utbreidd, både i USA og i Noreg. I 1918 var det forbodstid, og difor uråd å skaffe slik medisin på lovleg vis. Mange lækjarar såg ein fin nisje i sal av brennevin på resept. Brennevinet var ein gammal folkemedisin som kom til sin fulle rett i ein situasjon der vitskapen hadde lite å stille opp med i møte med den frykta influensaen.

Også innan skulemedisinen rådde det ei oppfatning om brennevinet si lækjande kraft, men sosialminister Lars Abrahamsen, ein ihuga fråhaldsmann, sa tvert nei til eit kvotesystem for alkohol. 5. november 1918, medan Abrahamsen hadde sjukefråvèr, vart det likevel vedteke å dele ut ei halv flaske brennevin til kvar husstand som medisin mot farsotten som herja landet. 

“Sykebrændevinet” kom til å bli ein kuriøs konsekvens av spanskesjuka. Men alvoret var stort, og dei menneskelege konsekvensane vanskeleg å overdrive. Sjukdommen gjorde omlag 5000 nordmenn til enkjer/enkjemenn, og mange born blei foreldrelause. I ei tid utan folketrygd fekk folk ei ekstra økonomisk bør på skuldrene i tillegg til den menneskelege tyngsla tapet av nære pårørande førte med seg.   

Likevel er det viktig å vere klar over at Spanskesjuka kom i tuberkulosens tid. Over ein 70-års periode, frå 1890 til 1960, er det rekna med at 250 000 nordmenn døydde av tæring. Kring 1900 tok tuberkulosen årleg livet 6000-7000 menneske her i landet. Mange av dei var òg unge i sin mest livskraftige alder.

Det meiningslause i å sjå born og unge folk bli rivne vekk av sjukdommar var såleis ei kjensgjerning mange hadde erfart før Spanskesjuka herja landet. Dersom ein sjølv og den næraste familien slapp unna spanska, vart neppe sjukdomen oppfatta som meir enn ei lei influensa, som snart blei gløymt.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-87153 Berge, fam.

 


Sundhetstilstanden og medisinalforholdene 1914-1922


Svenn-Erik Mamelund. (1998). Diffusjon av influensa i Norge under spanskesyken 1918-19.


Borza, Tom. (2001). Spanskesyken i Norge 1918 – 19. Tidsskr Nor Legeforen.

121:3551-4


Firda 26. oktober 1918


Firda 30. november 1918


Nordre Bergenhus Amtstidende 2. november 1918


Fuglum, Per. (1995). Brennevinsforbudet i Norge. Trondheim : Tapir

PERMANENT IDENTIFIKATOR