Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Minnesmerke om kyrkjestaden på Silda



På Silda hadde dei kyrkje frå ca. 1320 til 1580. Det var ei kapellkyrkje under Selje prestegjeld. Ho vart nedlagd etter at det vart bygt ny kyrkje på Nord-Vågsøy. I dag er kyrkjestaden markert med eit minnesmerke, og stadnamna Kyrkjevågen, Kyrkjevågneset og Prestevika minner den dag i dag om mellomalderkyrkja på Silda.

Kyrkjestaden på Alfarneset under avdukingshøgtida, pinsen 1980. Biskop Thor Whith stod føre avdukinga.

Kyrkjestaden på Alfarneset under avdukingshøgtida, pinsen 1980. Biskop Thor Whith stod føre avdukinga.

Eigar: I Jul i Nordfjord 1980.

Datering: 1980-

Fotograf: Foto: Ukjend.

Mellomalderkyrkje

Kyrkja på Silda stod på Alfarneset, på austsida av Kyrkjevågen. Kyrkjegarden låg eit lite stykke ovafor kyrkja. Her, på sørsida av Silda, var det gode hamnetilhøve, og hit søkte ofte sjøfarande for å finna livd for uvêr eller hamn medan dei venta på lagleg vêr for å fara rundt Stad.

Kyrkja på Silda er nemnd i Bjørgvin Kalvskinn, eit oversyn over kyrkjene i Bjørgvin bispedøme oppskrive i 1340, men ein meiner å ha haldepunkt for at ho i alle høve eksisterte kring 1320. Ho vart nedlagt i 1580 då det vart bygt kyrkje på Nord-Vågsøy.

Synlege spor bortkomne

Ein veit lite om kyrkja reint bygningsmessig anna enn at ho var bygd av rundtømmer. Då biskop Olav Engelbrektson var på visitas i 1530 melde han etterpå om at kyrkja var i dårleg stand og trong ein grundig reparasjon. Det vart gjort. Av ei visitasmelding frå 1562 går det fram at kyrkja var i god stand.

Då kyrkja vart riven, skal noko av tømmeret ha vorte frakta til Selje og brukt i prestegardsfjøsen der. Kyrkjeklokka vart kan henda teken i bruk i den nye kyrkja på Vågsøy. Steinen i grunnmuren vart òg etter kvart borte, truleg nytta i husmurar. I dag er det såleis ikkje noko synleg att av kyrkjetufta, men staden er markert med eit minnesmerke.

Minnesmerke

I pinsehelga 1980 vart det avduka eit minnesmerke på staden der ein meiner at kyrkja stod. Minnesmerket er ein pyramide murt opp av så mange natursteinar som det var busette personar på Silda i 1980. Biskop Tor With stod føre avdukinga. På minneplata står: TIL MINNE OM * SELLØE CAPELL * (SILDA KAPELL) * 1320-1580 * SOM HER PÅ ALFARNESET STOD * REIST AV BYGDEFOLKET PÅ SILDA * PINSEN 1980

kjelder:

Nerheim, Erling: 400-års jubileum for første kyrkjestad på Vågsøya, Jul i Nordfjord 1980.
Os, Edvard: Bygdebok for Selje og Vågsøy, Oslo 1957.