Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Heggjabygda kyrkje



Heggjabygda kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på nordsida av Hornindalsvatnet. Kyrkja med 200 sitjeplassar, vart vigsla 21. oktober 1936 av biskop Andreas Fleischer. Arkitekt var Anders Karlsen frå Eid. Heggjabygda var eige sokn under Hornindal prestegjeld frå kyrkja stod ferdig og fram til 1. januar 1965. Då vart Heggjabygda overført til Eid og soknet vart nedlagt. Kyrkja har no status som kapell for Heggjabygda kapelldistrikt i Eid sokn i Eid prestegjeld.

Heggjabygda kyrkje ligg flott til nedst i bygda like ved Hornindalsvatnet. Kyrkja er framleis akkurat slik ho vart bygd like før siste verdskrigen.

Heggjabygda kyrkje ligg flott til nedst i bygda like ved Hornindalsvatnet. Kyrkja er framleis akkurat slik ho vart bygd like før siste verdskrigen.

Eigar: I Eid kyrkje 150 år..

Datering: 1997.

Fotograf: Oddvar Almenning.

Trong for gravplass

Svært ofte er det trongen for eigen gravplass i bygda som har vore opptakten til at der kom kapell eller kyrkje på staden. I Heggjabygda var det sokneprest Anton Johnson som i 1913 føreslo at bygda måtte få eigen gravplass, slik at gravfølgja slapp å reise med båt over vatnet til Hornindal, prestegjeldet som Heggjabygda den gongen sokna til. To år seinare kom den same presten med ei tilråding om at der måtte byggjast kapell på staden. Hornindal heradsstyre vedtok å kjøpe tomt, og garanterte for oppføring av bygget, vedlikehald og driftskostnader. I vedtaket stod dessutan følgjande å lese: "Alt fra nu av (1915) garanteres utgiftene ved 12 gudstjenester årlig i Heggjabygda". Gudstenester frå den tid og fram til kapellet stod ferdig, vart haldne i skulehuset eller ungdomshuset.

I 1918 stod gravplassen ferdig, og på den tida var innsamlinga til kyrkjebygget alt godt i gang, mellom anna i form av årlege basarar i bygda. Ein meir original innsamlingsmetode var kjøp av lodd i Pengelotteriet. Og dei som satsa hadde hellet med seg, for i 1921 viser rekneskapsboka at det vart utbetalt 350 kr i lotterivinst til kyrkjefondet. Det var mykje pengar på den tida. Leiaren i byggjenemnda, Ivar O. Melheim, sende dessutan brev til alle som hadde flytta frå bygda og bad frimodig om pengegåver. Det gav også eit godt utbyte.

Lyseblå inni

Då bygginga kom i gang i 1934, var det bygdefolket sjølve som stod for arbeidet med å få fram stein til muren og materialar til sjølve bygget. Steinen vart henta på Heggen og frakta med hest og slede på snøføre. Tømmeret vart saga og køyrt på plass i hovudsak av ein mann, Paul O. Heggen. På folkemunne fekk hesten hans tilnamnet "kirkeministeren".

Målarmeisteren har tydeleg hatt sansen for blått. Den spesielle lyseblå fargen går att fleire stader, både i taket, korbogen, delar av veggene og gallerifronten, for å nemne noko. Slik har den enkle kyrkja fått sitt særpreg, solid og gjennomført. Kyrkja er eit heller enkelt bygg med dei vanlege sakristia på kvar side av koret. I sjølve skipet er der to høge vindauge på kvar side med gule og blå fargar i dei øvste rutene. Over galleriet og på kvar side i skipet er der sett inn nokre mindre vindauge.

Vigslinga

Det var ein stor dag i bygda då kyrkja i oktober i 1936 omsider kunne vigslast. Alle prestane i Nordfjord var med. Det var surt og kaldt vêr, og prestane var utstyrte med paraplyar då dei kom gåande i prosesjon frå garden Melheim og fram til kyrkja. Dei 12 år gamle gutane i bygda, i alt sju stykke, fekk lov til å sitje på galleriet. Etterpå var det samling i ungdomshuset med kaffi og servering. Mykje har endra seg sidan den tida, men kyrkja er akkurat slik ho vart bygd like før siste verdskrigen.

Inventaret

Altertavla er eit oljemåleri av Jens Leivdal frå Nordfjordeid, som også måla heile kyrkja innvendig. Ramma er rikt dekorert med symbol og er teikna og skoren av Martin Lillestøl. Tavla, som var ei gåve frå utflytte heggjabygdarar, har innskrifta Der tvo eller tri er samla i mitt namn der er eg mitt i millom deim. Sitatet er eit lovnadsord frå Jesus (Matt. 18,20), og biletet framstiller ei tradisjonell tolking av dette ordet: Ein familie er samla rundt bordet til husandakt. Husfaren les frå skrifta. Kristus stig usynleg inn i fellesskapet, og kjem frå eit rom bakanfor og utanfor. Øvst står ein lysande gullkross; nedst t.v. er Kristusmonogrammet (XP; med bokstavane Alfa og Omega), nedst t.h. eit anna Kristusmonogram (IHS). Kvar søyle er dekorert med drueklasar, og endar i ei gullkrone.

På alteret er det to lysestakar i messing. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk og ein disk.
Preikestolen i tre og er, tilliks med resten av inventaret, frå 1936. Døypefonten er i tre, dåpsfatet i sølv og dåpsmugga i porselen.
Kyrkjeklokka har innskrifta: Land, land, land, hør Herrens ord.
Orgelet er frå 1998 og har seks stemmer. Det er opphavleg frå 1910 og stod i Gimmestad kyrkje til 1959.

Radio under kyrkjegolvet

Då den andre verdskrigen braut ut gjekk bøndene på dei tre bruka på garden Melheim ned i kyrkja og gøymde radioane sine under kyrkjegolvet. Geværa som fanst i husa, vart gøymde på same staden. Ein betre gøymestad enn kyrkja kunne dei ikkje ha, meinte dei. Det var stor stas kvar einaste jul når karane gjekk opp i kyrkja og henta radioane tilbake. Heile julehelga lytta dei på London, og dei var ikkje redde for å bli oppdaga. Det var no berre ei kjensle dei hadde i julehelga, at då var det trygt å lytte på radioen.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Strand, Rasmus og Ola I. Melheim: Heggjabygda kyrkje 50 år. Artikkel i Historisk årsskrift nr. 2 - 1986. Hornindal Historielag 1986.