Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vereide kyrkje



Vereide kyrkje er hovudkyrkje i Gloppen prestegjeld. Ho er einaste steinkyrkja i Nordfjord, og vert ofte omtala som Nordfjorddomen. På det geografisk avgrensa området rundt Gloppefjorden låg i mellomalderen heile fem kyrkjer og to kapell.

Biletet er teke mot nordvest. Sakristiet til høgre i biletet vart bygt på 1960-talet. Koret vart bygt i 1931 og tårnet i 1879. Alderen på sjølve kyrkjeskipet veit vi ikkje sikkert.

Biletet er teke mot nordvest. Sakristiet til høgre i biletet vart bygt på 1960-talet. Koret vart bygt i 1931 og tårnet i 1879. Alderen på sjølve kyrkjeskipet veit vi ikkje sikkert.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2000.

Fotograf: Helge Lyslo.

Datering

Over korbogen i Vereidskyrkja står årstala 1163 og 1631. Dateringa av kyrkja er usikker. Ein tradisjon seier at kyrkja i 1631 vart flytta frå flata oppe ved prestegarden og oppattbygd av Christen S. Wittrup, som var både fut i Nordfjord, rådmann i Bergen og stiftsskrivar med ansvar for økonomien for kyrkjene i Bjørgvin. Han døydde i 1634.
Det andre årstalet, 1163, vart skrive inn over korbogen i 1963, då ein meinte at kyrkja som står i dag, er den same som stod i mellomalderen, og at det som skjedde i 1631 var ei restaurering av ei sterkt medteken kyrkje.

Tårnet på kyrkja er frå 1879, koret frå 1931, medan kyrkjeskipet er det same som i 1631, og kan difor gå tilbake til mellomalderen. I så fall har vi ei uvanleg stor mellomalderkyrkje. Hvalsøyfjord kyrkje, som er den best verna kyrkjeruinen på Grønland, framstår som ei systerkyrkje til Vereide. Det er ei rektangulær steinkyrkje utan kortilbygg med vindauge og dører på same måte som Vereide.

Inventar

Døypefonten i kleberstein og to klokker er frå mellomalderen. Altertavla er ei stor katekismetavle frå 1604. Altertavlebiletet frå 1879 har tittelen "Frelsarens nedtaking frå krossen", og er måla av kunstnaren Karl Uchermann.
I kyrkja heng eit vakkert epitafium frå 1608 til minne om Beritte, som døydde 3 år gammal. Biletet er kanskje det eldste barneportrettet i Noreg.
Orgelet er frå 1981, og er bygd av Eystein Gangfløtt. Instrumentet er heilmekanisk og har 22 stemmer fordelt på to manualar og pedal.

Nyare utsmykking og installasjonar

Det er også skaffa nyare kunst til kyrkja av kunstnaren Sven Havsteen-Mikkelsen. Han har levert glasmosaikk til eit vindauge i koret, eit alterkrusifiks i bronse, forgylt med bladgull, og to store måleri som heng på nordsida i kyrkja. Kyrkjekunsten i Vereide kyrkje spenner såleis over eit vidt spekter i tid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR