Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Breims tobakafholdsforening



Kampen mot alkohol fekk ein stor folkeleg oppslutnad i Noreg. På byrjinga av 1900-talet skal om lag 10% av den vaksne befolkninga her i landet ha vore tilslutta ein fråhaldsorganisasjon. Målt mot dette engasjementet vert tobakkfråhaldslaga å rekne som ein kuriositet.

Tobakksdyrking på Sørheim i Luster. Denne eksotiske planta vaks godt i det drivande klimaet langs Lustrafjorden og kring 1900 var kommunen 'tobakkssenteret' i Norge (SFFf-100057.111086).

Tobakksdyrking på Sørheim i Luster. Denne eksotiske planta vaks godt i det drivande klimaet langs Lustrafjorden og kring 1900 var kommunen 'tobakkssenteret' i Norge (SFFf-100057.111086).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjent

Fotograf: Ukjent

 

Vesalt var det med hono òg, meir enn vesalt. Men hadde han ein skilling, so gjekk det til tobakk, - det var det sama om dei inkje åtte mata-sådi i huset, han og gamla kjeringi […] Han var so gjønomsogen med tobakk at du kjende teven tå hono lang lei, og når han stod og sveitta i solsteiken på slåtteteigen, so hunn rugge meg var det kje mest skira pip-olja der draup tå skallen og kjako hans! Skjorte-fillona hans teva so dei sku vore sydde i hop tå berre klinkande tobakks-blåd

Ingen har vel skildra tobakkslaven meir levande enn Per Sivle i Vossa-stubbar, lekamleggjort ved husmannen Samso. Han var ikkje nett nokon krøsus, Samso, men tobakk måtte han ha, ja det var nesten viktigare enn mat.

Kanskje var det folk som Samso ein flokk unggutar i Breim hadde i tankane då dei i 1883 skipa eit tobakkfråhaldslag. Opphavet til foreininga kjem fram i møteprotokollen:

Fremover begyndelsen af året 1883 kom efter fælles overlegning en del af Bredheims unggutter sammen i skolehuset på Bjørnerem for at diskutere forskillige af tidenes spørgsmål. Blandt de forskillige spørgsmål, som her blev behandledes, var også spørgsmålet om, hvad der måtte gjøres, for at den opvoksende ungdom kunde føre et mere sparsomt liv. Under behandlingen af dette emne strejfedes også ind på tobaksbrugen. Tobakken blev stemplet som en artikkel, der ikke allene var økonomisk ruinerende, men som også havde skadelige følger for både sundhed og renslighed. Tanken om opretelse af en tobaksafholdsforening blev da fremholdt.

Historikaren Per Sandal har understreka at dei økonomiske skadeverknadane stod mest sentralt i Breims tobakafholdsforening, men konsekvensane for “sundhed og renslighed” vart òg framheva.

§ 1 i statuttane til Breims tobakafholdsforening sa at:

Foreningens formaal er at ingen skal bruge tobak, uden at det av lægen blir ham anbefalet som lægemiddel.

I § 2 vart det innført straff mot medlemer som braut lovnaden om fråhald. Dei som ikkje makta å halde seg vekke frå tobakken kunne vente seg ei mulkt på ti kroner. Og ikkje alle klarte å følgje den smale stien. I ei årsmelding kom leiaren med dette hjartesukket etter at to medlemer hadde byrja å bruke tobakk att: 

Jeg kan ikke fatte, hvad der skal have bevæget disse herrer til at falde til tobakspipen, skraaen, snusdaasen, eller hvad de nu forresten kalder alle sine "kjælebørn" for saa at lade sit navn staa i foreningen som den sorte flek.

20 personar teikna seg for medlemskap i laget dei to fyrste åra. Deretter auka talet kraftig. I ein avisartikkel frå 1888 melde formannen, S. Birkelo, at laget hadde 100 medlemer. Dei fleste var gutar i aldersspennet 15-25 år. Organisasjonen hadde i tillegg nedslagsfelt utanfor Breim. 30 av medlemane skal ha kome frå Innvik og Utvik.

Breims tobakafholdsforening fekk ikkje eit langt liv. Møteprotokollen vitnar om liten aktivitet. Laget gav frå seg siste livsteikn i 1895. I fylgje Sandal gjekk dei gjennom ei tillitsmannskrise, samstundes som engasjementet frå eldre medlemer slokna.

Men foreininga hadde nokre friske fråspark. Birkelo summerte opp kva han meinte om tobakksbruken ved å sitere Ludvik Holberg:

Den som røger, ser ud som svin, den som tygger, lugter som svin og den, som snuser, han er svin.

Denne innstillinga til tobakk var nok ikkje svært utbreidd på slutten av 1800-talet. I våre dagar synes spesielt haldningane til røykarar meir å likne Sivle si skildring av den tobakkshungrige Samso: ein illeluktande og lurvete stakkar i det nedre sosiale lag av folket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

SFF-2015130 Breims tobakafholdsforening 


Aalesunds Handels- og Søfartstidende 1888.05.12


Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. 2 : Frå om lag 1800 til vår tid


Sivle, Per: Vossa-stubbar


Folkestad, Sverre: Bredheims tobakafholdsforening. I: Ljøren 2012. 


PERMANENT IDENTIFIKATOR