Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kyrkjegard på Lunde



I samband med kristningsverket i mellomalderen vart det bygd ei rekke kyrkjer. Fleire av desse overlevde ikkje seinmellomalderen og øydetid etter Svartedauden 1349. Lundekyrkja var ei av desse.

På Lunde låg det frå høgmellomalderen og fram til reformasjonen i 1536/1537 ei kyrkje. Det einaste "handfaste" vitnemålet om kyrkjestaden i dag er stadnamnet Kyrkjegarden, ein lokalitet som ligg mellom dei to husklyngene midt på biletet. Dessutan skal det finnast nokre steinar frå kyrkja  i grunnmuren i ein av fjøsane på Lunde.

På Lunde låg det frå høgmellomalderen og fram til reformasjonen i 1536/1537 ei kyrkje. Det einaste "handfaste" vitnemålet om kyrkjestaden i dag er stadnamnet Kyrkjegarden, ein lokalitet som ligg mellom dei to husklyngene midt på biletet. Dessutan skal det finnast nokre steinar frå kyrkja i grunnmuren i ein av fjøsane på Lunde.

Eigar: I Bygdebok for Gaular.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Lundekyrkja

Ein gong på 11- eller 1200-talet vart det bygt ei kyrkje på midtre Lunde. Plasseringa av kyrkja på Lunde innebar neppe økonomiske fordeler for gardbrukaren der, heller var det meir status å ha ein slik bygning ståande på eigedommen. Men det å ha kyrkja her, innebar plikter med å halde ho vedlike. Gulatingslova hadde eigne avsnitt om dette. Seinare skulle desse pliktene falle over på dei som budde i området.

Kyrkja lagt ned

I seinmellomalderen vart denne kyrkja lagt ned. Det skjedde sannsynlegvis i samband med reformasjonen i 1536/1537. I ei nedteikning som den første soknepresten i Gaular, Hans Wingaard, gjorde i 1770, står det at då folket på Sande bygde si kyrkje så nær, valde Lunde-grenda å flytte si til Bygstad. I følgje Wingaard var dette den næraste kyrkjestaden til Lunde, og det var heller ikkje så mykje folk at det var behov for tre kyrkjer i området, til det var det for få folk som gjekk til kyrkje. Sannsynlegvis var folketalet ein god del høgre då kyrkja vart bygd i mellomalderen. Trass i at kyrkja var borte, kunne Wingaard fortelje om spor etter den gamle kyrkja, og det fanst framleis spor av graver og restar av inngjerdinga til kyrkjegarden. Dessutan fanst det ein åker som vart kalla Kyrkjeåkeren, og det var ei kjelde som dei kalla Kyrkjebekken. Slike spor er borte i dag, men enno har ein namnet Kyrkjegarden i tunet. Dessutan skal det finnast nokre steinar frå denne kyrkja som er nytta i ein av fjøsane på Lunde.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 1. 1990.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 5. 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR