Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. februar 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Skifjord bedehus



Hyllestad kommune har fem bedehus. Fire er i bruk: bedehuset på Ramsgrø, på Løland, i Sørbøvåg og i Skifjorden. Skifjord bedehus vart bygt i 1914. Gerhard Folkestad var bygningsmann, same mannen som eit par år før bygde Folkestad bedehus i dåverande Askvoll kommune.

Biletet er teke søndag 18. februar 2018. Det var basar til innteket for bedehuset, og dei fyrde i den gamle omnen.

Biletet er teke søndag 18. februar 2018. Det var basar til innteket for bedehuset, og dei fyrde i den gamle omnen.

Eigar: Astrid Waage/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2018

Fotograf: Astrid Waage

På Bjørnestad

Skifjord bedehus står vest i Hyllestad, på garden Bjørnestad, gnr 9, bnr. 4, tett attmed vegen på nedsida. Tilbygget med garderobe og sanitæranlegg er av nyare dato. Eit kort stykke nedom huset står ein pent oppmura grunnmur etter utedoet dei hadde frå starten av.

Aaberg

Thor Aaberg var sokneprest i Hyllestad i åra 1922-1929. Han var interessert i bygdesoga og laga eit historiehefte (1929) om kyrkjene i Hyllestad. Heftet innheld også litt om bedehusa.

Gåver og dugnad

Etter Aaberg (1929) vart Skifjord bedehus bygt i 1914 etter at Aksel og Einar Myklebust hadde teke opp tanken i 1912. Peder Rutle var ei drivande kraft i arbeidet. Han var då formann i Øen Indremisjon. Ole M. Bjørnstad gav fri grunn [Bjørnstad, gnr. 9-4] og bygdefolk ytte gåver i form av pengar, material og dugnadsarbeid. Byggjekostnaden kom på 4200 kroner utanom dugnadsarbeid og gåver in natura. I reie pengar kom det inn 4250 kroner og dermed var huset gjeldfritt.. Grunnflata er oppgjeven til 18 x 12 meter. Huset har storsal, småsal, galleri og gang. Kjellaren er innreidd med kjøken og matsal. Huset har 100 sitjeplassar, men det er plass til om lag 200 menneske.

Indremisjonen sitt hus

I 1929 stod Øen indremisjon som eigar, og styret for indremisjonen fungerte som bedehusstyre. Styret var samansett av S.E. Risnes (formann), Olav Liland (varaformann), Hans Øen (kasserar), Ole B. Vassenden og Aksel Myklebust.
(Så langt Aaberg)

Historisk interessant

I 2011 – står bedehuset på Bjørnestad som eit interessant kulturminne. Eg var der, fredag 29. oktober 2010, saman med Haldor Bjørnestad, fødd 1938, og Astrid Waage. Haldor voks opp på næraste nabogarden, garden der huset står. Han gjekk på skule i småsalen. Og som bedehusmann i vid tyding kjenner Haldor bedehuset ut og inn. Eg la til dømes merke til innskotne plankestykke i tømmerveggen framme, som om det skulle ha vore ei dør der, og spurde. Haldor hadde svaret: Det var tankar om å byggja til eit lite rom for tilreisande predikantar, men det blei aldri noko av.

Åndeleg grunnstein

Eg fekk sjå kopi av eit gamalt skriv, datert 6. september 1913. Det handlar om ikkje noko mindre enn grunnsteinen til huset, ikkje av det vanlege ”verdslege” slaget, med metallskrin og pengestykke og ord på papir. Skifjord bedehus har ikkje noko mindre enn ein ”åndeleg” grunnstein. Eg har aldri høyrt om noko liknande. Høyr berre:

Torsdag den 6 september 1913 var Oljohann Bjørnestad, Aksel Myklebust og Kristoffer Myklebust saman til arbeide på Bedehus grunnen på Bjørnestad. Då tok Oljohanen hua av seg og nedbad Guds velsignelse over det arbeide som me skulde utføre for å byggje Skifjord Bedehus. På den måten vart arbeidet for Skifjord Bedehus påbegynt. Gamle Oljohan hadde med den vesle bøni si fåt lagt alt for Bedehuset inn under Guds rike nåde og velvilje – dertil hadde han fåt anledning til å vise sine unge med arbeidere vegen til Guds faderhjarta, dermed var den vei opna som ein sidan skulde gå; og difor vart ogso dette den grun kar [pillar, som] Skifjord Bedehus skulde fremme sin virksomhet [på].
 

Aktivitet
 

Vi sette oss til bords i Småsalen. Astrid hadde med kaffi, melkekake og lefse. Ho var i kjøkenet i kjellaren og henta koppar av dei finaste sorten, dei med gullmønster på. Eg fekk høyra om basarar (den siste i 2009), juletrefestar, møte med tilreisande predikantar og møte ”inn i mellom”, om at det hadde vore skule i bedehuset i mange år, at eit smørlag heldt til i kjellaren ei tid, og at tyskarane brukte huset under krigen (som overnattingsstad når dei ferdast mellom krigsanlegga sine på Nesje og Fure og Lammetu). Eg fekk høyra den interessante soga om maleriet som heng framme i Storsalen. Og mykje meir.

Historiske spor på galleriet

Vi var ein tur oppe på galleriet. Det er fullt med bedehushistorie der, gamle oljelamper pent og pynteleg hengde opp på ein vegg, to store innramma portrett av to menn som det ikkje stod namn på (har tidlegare hange på vegg nede, det eine liknar på lekmannshovdingen Ludvig Hope), eit stort Jesus-bilete, ei gammal tavle, Norges-kart på veggen.

Gammalt og nytt

Bedehuset i Skifjorden viser både korleis bedehuset var då dei bygde det og dei mindre endringar som har kome til seinare, som til dømes tilbygget, dei opphavlege trebenkene med dreia framføter (ikkje antydning til knirk og lealaust), og dei nyare stolane, dei opphavlege matborda i kjellaren med pålagde plater i ettertida, gamle skeier med pårita SB (utført av bestefar til Haldor, 50 stykkje, Haldor hugsar det godt), tvårer for store kokekar oppå skåpet, saman med kjøreld av nyare dato.

Vern

Eit betimleg spørsmål melder seg: Kva kjem til å skje med Skifjord bedehus i framtida? Det blir mindre og mindre brukt. Kan det koma på tale å sikra det som bedhushistorisk kulturminne? Gjera det til ein freda bygning? Eg trur direktøren ved Norsk Folkemuseum ville ha gnidd seg i hendene over tilbod om bedehuset på Bjørnestad dersom han var på jakt etter eit bedehus på museumsområdet sitt. Og eg trur ein antikvar ville gledd seg over å kunna ordna med oppmåling og nøyaktige teikningar og meir enn gjerne sagt noko om bruk og vern. No kan Sogn og Fjordane Museum, eller Fortidsminnesforeningen si Sogn og Fjordane-avdeling, kjenna si gjestingstid, hiva seg rundt og melda interesse for eit verneprosjekt, saman med lokale krefter. Men Skifjord bedehus høyrer til på Bjørnestad.
 

kjelder:

Solum, Erik Svenke: Guds aasyns kyrkje (1978), s. 97.
Aaberg, Thor: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid (1929)
Norges kirke og presteskap ved 900-årsjubileet (1930)
 

Eit gamalt skriv som tilhøyrer bedehuset.
Munnlege opplysningar av :
Astrid Waage, Hyllestad
Haldor Bjørnestad, Hyllestad