Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. mars 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Då hurtigrutskipet "Astræa" grunnstøytte i 1910



Vinteren 1910 grunnstøytte DS «Astræa» ved Stabben fyr i Sogn og Fjordane. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men båten sokk og vart seinare kondemnert. Dei to florø-avisene Nordre Bergenhus Amtstidende og Nordre Bergenhus Folkeblad hadde brei dekning av grunnstøytinga og bergingsaksjonen. Begge refererte også frå sjøforklaringa. Andre lokalaviser òg skreiv om forliset.

<p>DS &laquo;Astr&aelig;a&raquo;, forlis ved Flor&oslash; 1910. DS &laquo;Astr&aelig;a&raquo; p&aring; grunn ved Grasskjera ved Flor&oslash;. B&aring;ten grunnst&oslash;ytte seint om kvelden, onsdag 5. januar 1910. Ingen menneskeliv gjekk tapt. Biletet er teke dagen etter, d&aring; fleire sm&aring;b&aring;tar hjelpte til med &aring; berga gods og inventar. Maskina vart halden i gang fleire timar etter grunnst&oslash;ytinga og pumpene var i gang til torsdag kveld. Natt til fredag gleid skipet av skjeret og sokk.</p>

DS «Astræa», forlis ved Florø 1910. DS «Astræa» på grunn ved Grasskjera ved Florø. Båten grunnstøytte seint om kvelden, onsdag 5. januar 1910. Ingen menneskeliv gjekk tapt. Biletet er teke dagen etter, då fleire småbåtar hjelpte til med å berga gods og inventar. Maskina vart halden i gang fleire timar etter grunnstøytinga og pumpene var i gang til torsdag kveld. Natt til fredag gleid skipet av skjeret og sokk.

Eigar: Liv Svendsen/Firdaposten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 06.01.1910

Fotograf: Ukjent

Tid og stad

Stabben fyr ligg om lag 2 nautiske mil [1 nautisk mil – 1852 meter] vest for Florø, og Grasskjær ligg om lag ½ nautisk mil aust nordaust for Stabben. Grasskjera omfattar fleire små holmar og skjer og fleire fluer (undervasskjer) like ved. Eitt av skjera har namnet Grasskjær og det var dette skjeret «Astræa» i nordgåande rute, gjekk på ca kl 22 om kvelden, onsdag 5. januar 1910.

Nyhendeoppslag dagen etter

Nordre Bergenhus Folkeblad kom ut måndag og torsdag, og kunne såleis melda om grunnstøytinga dagen etter. «Astræa» tilhøyrde Det Bergenske Dampskibsselskab. Ved «11-tiden» kunne ein høyra fløytesignal frå skipet og sjå lys frå lyskastarane. Avisa melde vidare at dampskipet «Framnæs» (i rute frå Førde) var kome til straks etter grunnstøytinga og hadde teke «folket og deres reisetøi» inn til Florø. Avisa melde òg at mannskapet trudde at «Astræa» ikkje stod hardare på enn at dei skulle få båten av skjeret. Det vart sett slepar om bord i «Framnæs», men det synte seg «faafengt», skreiv avisa.

Stod fast midtskips

Laurdag 8. januar hadde Nordre Bergenhus Amtstidende meir om forliset. Det hadde vore litt dis, men likevel rimeleg god sikt. For sakte fart hadde «Astræa» passert Stabben fyr på vestsida, men så kome for langt aust og ikkje gått klar Grasskjera. Lodding rundt skipet viste at fartøyet stod fast midtskips.

Passasjerar og mannskap tekne frå borde

Dei om lag 60 passasjerane fekk utdelt livbelte og vart etter kvart samla på akterdekket. Alt gjekk roleg for seg, berre eit par av passasjerane hadde prøvd å riva til seg livbelte «fra nogle damer.» Alle var tekne frå borde i travaljebåt (lettbåt) og livbåtar, nokre først til Stabben, andre til amtsbåten «Framnæs» som snart tok alle inn til Florø. «Tjenerpersonalet» vart og teke frå borde, slik at berre dekks- og maskinmannskapet var att.

Hjelpte ikkje med tre amtsbåtar

Klokka 01, torsdag, var det gjort forsøk på å trekkja havaristen av, ved hjelp av ikkje mindre enn tre amtsbåtar, «Framnæs», «Stavenes» og «Balder», men utan resultat. Båten byrja no å ta inn vatn, og då folk frå Nordre Bergenhus Amtstidende kom utover torsdag føremiddag, kunne dei sjå at skipet låg med rekkja i sjøen, og at det største lasterommet (storrommet, forut) var fullt av vatn.

Bergingsarbeid dagen etter

Ut på dagen kom to bergingsbåtar fram til havaristaden, først «Achilles», litt seinare «Hercules». Dei kunne lite gjera. Straum og dønning gjorde at vraket stod utryg, og det var uråd å la dukkarar gå ned for å undersøkja skade. Det einaste bergingsmannskapa kunne gjera var å prøva å sikra havaristen ved å festa stålkablar frå skipet til «nedminerte bolter paa de omkringliggende skjær.»

Heile dagen vart det no berga lausøyre frå havaristen. Mange mindre båtar hjelpte til. All bagasjen vart berga i land, sameleis eigedelene til mannskapet, posten og alt godset i det minste lastrommet (akterrommet), dessutan ein del inventar; salong- og lugarutstyr.

Gleid av skjeret og sokk

Ved 6-tida torsdag kveld blei skipet forlatt. Seinare på kvelden stansa pumpene og natt til fredag gleid skipet av skjeret og sokk. Det einaste ein no kunne sjå over vatnet var øvste delen av frammasta og litt av baugpartiet. Vraket vart altså liggjande, eller rettare ståande, nesten opp ned med akterenden på ca 20 famnar (1 famn = 1,88 meter).

Sjøforklaring

Laurdag, 8. januar vart det halde sjøfoklaring i Florø under administrasjon av sorenskrivar-fullmektig Walnum og medlemmer av Florø faste sjørett, Per Helmers og S. M. Salomonsen. Begge florø-avisene refererte frå rettsforhandlingane, først frå kapteinen si forklaring, deretter fleire vitne: a) kaptein Gill, b) 2. styrmann O. Goderstad, c) skipet sin faste los, Andreas Andersen Ljustvedt, og d) 1. maskinist Ludv. Hoel. Her vert teke med ordrett om kapteinen og losen i Nordre Bergenhus Amtstidende.

«kaptein Gill (…) Kl. 3 [onsdag 5. januar] avgik skibet fra Bergen. Kl. 5 begyndte regntykke med byger, men man saa lykterne paa 3 a 4 kvartmils avstand [ei kvart sjømil 1854 meter, erstatta av nautisk mil 1852 meter]. Kommen gjennom Nækøosen gas sagte fart. Man fandt som før kursen vestom Stabben tryggest, da man der hele tiden kan seile i Nækølygtens hvite lys like forbi Stabben mellem fyret og Stabbefluen. Seiler man østenom, har man i svingen søndenfor Stabben intet at rette sig efter; naar det er saa mørkt, at man ikke ser Mortingebaaen.

Med sagte fart gaar «Astræa» 6 mil. I det samme Stabben passeres gik kapteinen ind i karthuset, saa i kursboken og skiftet ny kartplate. Det hele tok et øieblik. Da han kom ut igjen laa skibet an SO t. S i den hvide vinkel, n.O av Stabben.

Kapteinen spurte da, hvad meningen var med å styre saa meget øst. «De har vel styrbord ror», sa han til lodsen. Denne svarte; «Ja vi skal jo ha Stabben blank, De kan være rolig, vi har styrbord ror». Mens dette sagdes, var skibet allerede kommet inn i Stabbens grønne lys. Kapteinen sa: «Jeg gir fuld fart. Vi klarer vel skjæret vi har paa østsiden.» Hertil svarte lodsen ja, og kapt. gav fuld fart. Umiddelbart derpaa stødte skibet, førend fuldfarten virket. Da kapteinen var sikker paa, at skibet stod fast, lod han maskinen forløbig staa rolig og gik igang med at faa passagererne til Stabben og «Framnæs, som imidlertid var kommet til.»

Losen

«2det vidne, skibets fast lods, Andreas Andersen Ljustvedt, 39 aar. Han har været 7 aar i selskabets tjeneste paa strekningen Bergen – Kirkenæs og av denne tid 11 mdr paa Astræa.

Da vidnet ved 2-tiden kom om bord i Bergen hadde han drukket to drammer og ½ øl, men hadde intet alkohol med om bord, hvor v. heller ikke nød noget. Vidnet gik tilkøis ved skibets avgang, blev purret ut ved 7-tiden og gik paa broen kl. 8. Man var da tvers av Gjæita fyr [i Vilnesfjorden]. Det var regntungt og mørkt, dog saa man fyrene og efter disse blev der styret. Mellem Nækøen og Stabben blev der git sagte fart, da der var særdeles vanskelig at bestemme avstanden fra land. Stabben fyr godt tvers, gaves bagbord ror for at faa det hvite lys, roret laa da stadig, men i det øieblik man fik hvit lys, gaves haardt styrbord. Vidnet spurte rormanden, om han hadde holdt styrbord. V hørte da at der manglet en ubetydelighet. Rormanden svarte ogsaa, at den ikke laa helt haardt styrbord. Efter v. mening maatte det dog være en ren ubetydelighet som manglet.

Et øieblik efter ropte utsikten: «Land forud», og omtrent samtidig støtte skibet. Vidnet trodde ikke det var saa nær Stabben som det senere har vist sig, og forklarte v at han ikke hadde set paa kompasset, saa han ved intet om, hvordan skibet laa an. Dog forekom det v. da han saa Stabbens hvite lys, at skibet, laa for østlig an. Aarsaken til ulykken mener v maa søkes i, at man har været nærmere Stabben end antat, i forbindelse med Strømmen.»

 

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende, 08., 10.01.1910
Nordre Bergenhus Folkeblad. 06.01., 10.01.
Sogningen, 08.01., 19.01.1910
Sogns Avis, 11.01.1910
Fjordenes Blad, 08.01.1910
Sogns Tidende, 11.01.1910.
Bakka, jr, Dag: Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten. 2011.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR