Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sørsidevegen i Høyanger



<b>Det tok lang tid før det kom samanhengjande veg på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Vegutbygginga tok til rundt 1970. I 1985 var det veg mellom Ortnevik og Oppedal, og i 1990 var det råd å køyra mellom Sygnefest i Gulen og Ortnevik i Høyanger.</b>

Vegopning i strålande sommarver 23. august 1985. Den siste strekninga av sørsidevegen i Høyanger mellom Søreide og Vamråk, var endeleg på plass. Vegsjef Rasmus Værn er her saman med Brynhild Vamråk, som i mange år stod på for å få  midlar til den siste vegbiten. Mellom Søreide og Vamråk er det 3,4 km og 1378 m er tunnel.

Vegopning i strålande sommarver 23. august 1985. Den siste strekninga av sørsidevegen i Høyanger mellom Søreide og Vamråk, var endeleg på plass. Vegsjef Rasmus Værn er her saman med Brynhild Vamråk, som i mange år stod på for å få midlar til den siste vegbiten. Mellom Søreide og Vamråk er det 3,4 km og 1378 m er tunnel.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1985

Fotograf: Olav Handleland

Sørsida avhengig av båt
I 1920 gjekk det ingen bilvegar langs sørsida av Sognefjorden i dei dåverande kommunane Kyrkjebø og Lavik. Det gjekk berre enkle gardsvegar og vegar mellom grendelaga. I vegplanen av 1905 var det føreslege å byggja veg mellom Bjordal og Førde i Fuglesetfjorden i 1932-35. I trafikkplanen av 1919 var det føreslege bygdevegar mellom fleire av bygdene, men ingen samanhengande veg. Her som så mange andre stader, var dei avhengige av båten og fjorden.

Bergen Kommunale Kraftselskap bygde veg
I 1930-åra byrja debatten om stamvegar sørover mot Bergen. Høyanger kommune gjekk sterkt inn for vegen Svartemyr-Matre som stamveg. Saka var oppe på Fylkestinget med jamne mellomro, men i 1951 sette vegdirektøren ein stopper for vidare planar. at det ikkje var aktuelt at stamvegen sørover til Bergen vart lagd frå Svartemyr til Matre. Då BKK søkte om å få byggja vegen meinte Fylkestinget at vegen var så viktig for distriktet, både som turistveg og utfartsveg, at dei klassifiserte han som fylkesveg, etter at anleggsvegen vart utbetra i slutten av 1970-åra.

Betre kommunikasjon til kommunesenteret
Ved kommunesamanslåingane tidleg på 1960-talet oppstod i somme tilfelle nye kommunesentrum. I 1963 vart Kyrkjebø og Lavik kommune slegne saman til Høyanger kommune, og kommunesenteret vart lagt til Høyanger. Grendene i Ikjefjord på sørsida i tidlegare Lavik kommune, fekk såleis mykje lenger veg til kommunesenteret enn før. For at folk i Ikjefjorden skulle få betre samband med kommunesenteret, vart det vedteke å byggja ein veg på 16,2 km frå Ikjefjord til Svartemyr og ferjesamband mellom Svartemyr og Nordeide.

Krangel om kvar vegen skulle gå
Anleggsarbeidet byrja vinteren 1971. Då vegen var kommen til Sørebø stogga arbeidet opp, av di det var usemje om kvar vegen skulle gå. Eit alternativ var bru over Ikjefjorden. Det andre alternativet var veg rundt Ikjefjorden. Vegvesenet gjekk inn for brualternativet. Sjølv om mange i bygda var misnøgde med bru, gjekk Høyanger kommune inn for den 340 m planlagde brua. Arbeidet byrja i februar 1973.

Ferjesamband
I 1972 var ferjekaien i Svartemyr ferdig for ferjesamband til Nordeide. Vegbygginga heldt fram innover frå Svartemyr. Ny veg til Søreide var ferdig i 1976. Der stoppa vegen. Det var ikkje midlar til veg dei få kilometrane som stod att mellom Søreide og Vamråk. Vamråk hadde i mellomtida fått vegsamband til Mjølsvik lenger inne i fjorden i 1972. Veg vidare austover, mellom Mjølsvik og Ortnevik, stod først ferdig i 1980. Strekninga Vamråk-Ortnevik vart knytt til vegnettet på nordsida av Sognefjorden med ferjesamband mellom Ortnevik og Nordeide i 1983. Eit godt ferjesamband med ferjekai var viktig for jordbruket i bygda.

Økonomiske vanskar
I 1983 var det berre strekninga Søreide-Vamråk (3,3 km) som stod att før heile sørsida av Høyanger hadde samanhengjande veg. Anlegget var med i vegplanen alt i 1940, men vart nedprioritert til 6. plass av dåverande Kyrkjebø kommune. Først i 1977 vart veganlegget prioritert. Etter fylkesvegplanen skulle finansieringa komma i 1978-81, men fylket kunne berre oppfylla 50 % av kostnadene. Løysinga vart at anlegget fekk dei resterande 50 % frå distriktsutbyggingsmidlar.

Samanhengjande veg
23. august 1985 vart den siste vegbiten på sørsida av Høyanger kommune på plass. Fylkesvegen mellom Søreide og Vamråk vart då offisielt opna for trafikk. Det tok såleis over 20 år før heile "Høyanger sørside" fekk samanhengjande veg. Midlane til vegbygginga vart henta frå ulike kjelder; fylkesvegbudsjettet, distriktsutviklingsmidlar og statsmidlar til kommunereguleringsvegar.

Nei til nedlegging av ferjekai
Ferjekaia på Svartemyr vart lagd ned i 1990, etter at det kom veg mellom Instefjord og Oppedal, og nytt ferjesamband mellom Oppedal og Lavik. Dette skapte store protestar, og bøndene kravde 25. mill. kroner til næringsutvikling som kompensasjon. Men ferjesamband er dyre i drift, og ferjedrifta frå Svartemyr var definitivt over. Gardane langs fjorden hadde fått eit nytt ferjesamband, men lenger veg til kommunesenteret Høyanger.

Siste vegbit på sørsida
Den aller siste vegbiten på sørsida i Sognefjorden, som knytte Gulen kommune saman med Høyanger, kom i 1990 då anlegget Instefjord-Oppedal var ferdig. Då var det samanhengande veg frå Sygnefest i Gulen til Ortnevik i Høyanger.

Oversikt over vegutbygginga mellom Ortnevik og Oppedal
Ytre Oppedal-Indre Oppedal, vegsamband i 1930-åra.
Ikjefjord-Svartemyr, 16,2 km, ferdig i 1977.
Svartemyr-Leirnes, 3,5 km, riksveg med ferjekai på Svartemyr i 1972.
Leirnes-Bjordal, 3,9 km, gammal veg ombygd 1970.
Bjordal-Søreide, 3,9 km, ferdig 1976.
Søreide-Vamråk, 3,2 km, ferdig i 1985.
Vamråk-Mjølsvik, 10,3 km, ferdig i 1972.
Mjølsvik-Ortnevik, ferdig i 1980.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Ness, Ivar: Fylkesveganlegget Svartemyr-Ikjefjord. I Vegstubben, s. 7-9, nr. 2-1974.
Morken, Gustav: Ortnevik etter 10 år. Norges landbruksøkonomiske institutt 1976.
Mjølsvik-Ortnevik. I Vegstubben, s. 23-27, nr. 2-1977.
Nilsen, Geir: Bru over Ikjefjorden. I Vegstubben, s. 14, nr. 2-1977.
Handeland, Olav: Offisiell opning Søreide-Vamråk. I Vegstubben, s. 26-31, nr. 2-1985.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.
Starheim, Ottar: Tunge tak. Historia om godstransporten i Sogn og Fjordane, Selja Forlag 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR