Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. august 2019

Sist oppdatert 02. desember 2019

Kategori

Rå-data

Matteo Pisani - stordansaren frå Lærdal



Matteo Pisani (ca. 1878-1946) var ein mann med røtter frå Nordfjord, Sogn, Bergen og Italia. Han var son av postførar Pisani og var på premielistene i fleire kappleikar innan halling- og springdans fram til 1914.

Annonse frå Bergens Tidende torsdag 16. mai 1918. Matheo Pisani skal danse halling i Eldorado på 17. mai.

Annonse frå Bergens Tidende torsdag 16. mai 1918. Matheo Pisani skal danse halling i Eldorado på 17. mai.

Datering: 1918

Fotograf: Bergens Tidende

Frå Italia til Noreg

Matteo Pisani (ca. 1878-1946) var ein mann med røtter frå Nordfjord, Sogn, Bergen og Italia. Forklaring på det eksotiske-klingande namnet var dei italienske anene, fortel Pavels Larsen. På starten av 1800-talet bestemmer ein ung gipsmakar ved namn Matheo Pisani, seg for å rømme frå heimbyen i Toscana. Italia er under angrep frå Napoleon, og etter alt å døme er det dei utrygge tilhøva som gjer at Matheo saman med broren set kursen nordover i Europa. På sin veg møter han den unge kvinna Johanna Maria, og gifter seg med henne i 1814. Dei har opphald i Nederland og Tyskland, der han held fram virket som gipsmakar, før dei kjem til Noreg og byane Larvik, Kristiania og Bergen. Medan dei bur i Kristiania, får dei 1825 sonen Carl Jacob August Pisani, og han blir seinare kjend som «Postførar Pisani».

Postførar Pisani (1825-1889), far til Matteo, veks opp i Bergen saman med foreldre og søsken. Nett som far sin, så tek han til å arbeide som gipsmakar. Seinare får han arbeid som hornblåsar i artilleriet i Bergen, men han slår ut ei tann og må difor måtte finne seg nytt arbeid. Han tek då til som postførar, og har ansvar for ulike ruter mellom Bergen og Molde.

Nordfjording, sogning og bergensar

Ei tid bur postførar Pisani på Bryggja i Nordfjord, og der møter han Marie Jakobsdatter som han gifter seg med. Matteo Konstantin blir fødd på Bryggja i Nordfjord 20. mars 1878. Postførar Pisani får etter kvart ansvar for posten på ruta til Gudvangen og vidare til Bergen, og heile familien flyttar difor til Lærdal. I Lærdal bur Pisani-familien i ei lita stove på Øyri, og denne stova blir i arkitekt Lindstrøm sin publikasjon «Lærdalsøren: et centrum for gammel bygningsskik paa Vestlandet» (1921) kalla for Pisani-huset. Huset er no rive, i følge «Lærdal og Borgund: bygd og ætter» (1938).

Til liks med søskena, så flyttar Matteo etter kvart til Bergen. Og her giftar han seg den 6. mars 1899 Berte Johnsdatter (f.1875) frå Vik. I folketellinga av 1910 for Bergen kjøpstad har dei seks barn: Marie, Ingeborg, Johan, Matheo, Bjarne, Haakon. Innan 1922 har dei fått to barn til: Gudrun Augusta og Borgny Mathilde. 

Bergens Tidende frå 18. mai 1918 fortel at Matteo dansa halling på matineen i Eldorado 17. mai dette året.  Seinare, i 1930, fekk han «omframpremie» som gamal dansar under Vestlandskappleiken, og i 1935 skipa han til skeid i halling saman med spelemannen Lorentz Hop frå Fana. Folketeljingane og kyrkjebøker vitnar om at han livnærer seg som smed, og har bustad i Bergen sentrum heilt til han døyr i 1946.

Kappleik i Vestmannalaget

Artikkelen «En Kveld i Vestmannalaget» var prenta i Folkebladet 31. juli 1898. Målkvinna og litteraturkritikaren Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) fortalde med stor entusiasme og levande språk om stemninga i salen, og korleis det gjekk føre seg då tolv dansarar med liv og lyst kjempa om dommarane og publikum sin gunst i Bergen.

På denne kappleiken var det altså lærdølen Pisani som gjekk av med sigeren. Premielistene viser at han i åra fram mot 1914 var trufast deltakar med gode plasseringar i både halling- og springardans. 

Skildringa til Pavels Larsen av vinnardansen til Pisani på kappleiken i 1898 er slik:

En høi, bleg, mørk Gut med et skarpt skaaret Ansig staar, skjælvende af Iver, fremst blant Danserne. Med Hænderne famler han omkring paa Trøien, og Fødderne er ikke et Øieblik i Ro; han stryger sig over Panden, og han er saa utaalmodig, at han stønner høit.

Endelig er det hans Tur. Han kan næsten ikke vente, til Signalet er givet. Med brændende Øine styrter han frem og kaster sig over Gulvet, let som en Kat, bøielig som en Vidje. Det er, som findes der ikke Hindring i hans Krop, han snor sig og danser paa Hæl og paa Taa, han spænder op, og han huker sig ned med en Smidighed, et Liv og en Ild, som tænder Flammer i Salen, slig at der skriges og ropes.  Og Feleslaatten sprætter, sprætter dertil.

Af Danserne er han den, som har taget alle med Storm, som et susende Veir. Det er ikke bare Glæden, en føler over hans Krops Smidighed, som river en med, men det er Lysten hos ham selv, hans egen indre Glød, som elektriserer alle. Han synes ét med Musiken.

Gutten er Sogning -  Lærdøl. Men Farfaren var Italiener. Og naar det italienske Blod og Sogneblodet blandes, da maa der vel skabes noget usædvanligt.

Han blev Nummer 1 -  absolut Nummer 1. Baade af Dommere og Publikum kaaret som den selvsagte Seierherre.

 

kjelder:

Bergens Tidende 14., 16. og 18. mai 1918 


Jon Laberg. Lærdal og Borgund: bygd og ætter (1938)


Arkitekt Jon Lindstrøm. «Lærdalsøren: et centrum for gammel bygningsskik paa Vestlandet» (1921). 


Folketelling frå 1910 for 1301 Bergen kjøpstad, tilgjengeleg frå digitalarkivet

Folketelling frå 1922 for 1301 Bergen kjøpstad, tilgjengeleg på digitalarkivet

PERMANENT IDENTIFIKATOR