Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kraft og industri i Svelgen



I Bremanger gav kraftrikdomane grunnlag for oppbygginga av industristaden Svelgen. Det tok tid før det vart etablert industri som kunne nytte krafta, og det var først frå 1950-åra Svelgen utvikla seg til ein større industristad, med verksemda Elkem Bremanger som dominerande arbeidsplass. Etter kommunereguleringa i 1963, vart Svelgen senter i den nye Bremanger kommune.

Industristaden Svelgen i Bremager kommune ligg innerst i fjordarmen Nordgulen. Her ligg verksemda Elkem Bremanger som produserer silisium og ferrosilisium.

Industristaden Svelgen i Bremager kommune ligg innerst i fjordarmen Nordgulen. Her ligg verksemda Elkem Bremanger som produserer silisium og ferrosilisium.

Eigar: Bremanger kommune.

Datering: Ca. 1995.

Fotograf: Lars Olav Rylandsholm.

Den første kraftutbygginga

Svelgen-vassdraget var ideelt til kraftutbygging. Vatna var lette å demme opp, og fossane fall rett i fjorden. Dei første oppkjøpa i vassdraget vart gjort 1906. A/S Bremanger Kraftselskab vart skipa I 1914. Sentral mellom dei utanbygds eigarane var overrettssakførar Kristian Faye, som på førehand hadde arbeidd for å sikre seg vassrettane i Svelgenvassdraget.
Kraftselskapet fekk konsesjon på utbygginga i 1915. Kraftutbygginga starta våren 1917. Det var då seks gardar i Svelgen, to på Sande og fire på Rise. Dei første par åra vart det i tur og orden sett opp brakker, lagerhus, taubaner til anleggsplassane i fjellet. Det vart bygd vegar og bruer, og sett opp fleire nye hus til verksemda, familiar på Øyna og ingeniørar. Ein provisorisk kraftstasjon sytte for eiga elforsyning ifrå mai 1918. Same året starta den første tunneldrivinga på kraftanlegget, ein ny type arbeid på desse kantar av landet. I 1921 var Bremanger Kraftselskab ferdig med utbygginga.

Bilete av ein arbeidsgjeng med ei kran.

Industri

Det var i førstninga tale om at krafta i Svelgen skulle nyttast til industri, men det tok si tid før industrien kom på plass. Krisa etter 1. verdskrigen (1914-1918) hindra realiseringa av industriutbygging i Svelgen. I staden vart krafta levert til Ålfotselskapet, men dette gav ikkje nok inntekt. Bremanger Kraftselskap fekk dårleg økonomi, og vart overteke av Bergens Privatbank, etter at det vart lagt opp til bygging av eit råjernverk i Svelgen av Christiania Spigerverk. Jernsmeltinga starta opp i 1928. Spigerverket trekte seg ut av Svelgen i 1933, og det var først seinare at det vart lønsam drift på verket. I 1936 var det 166 tilsette på verket. I 1955 overtok Christiania Spigerverk kraftselskapet og jernverket, som vart kalla Bremanger Smelteverk.

Bilete av smelteverket Svelgen i 1930-talet.

Produksjonen

Lokal kraft og råjern frå Raudsand i Romsdal var grunnlaget for smelteverket. Dette vart utvida, og nye produkt kom til. Ny råjernsomn stod ferdig i 1958 og og nyanleggget opna i 1959. I 1956 vart eit nytt produkt levert, med produksjonen av ferrosilisium. I 1963 vart det sett i gang ein ny ferrosilisiumomn, då rekna som den største i verda i sitt slag, på 15 000 kW. Så vart produktet silgrain utvikla, og sett i produksjon i 1964, og utvida to år etter.
Råjernsproduktet vart òg utvikla, m.a. til OB-jern, eit særs reint jernprodukt. Ny smelteomn vart sett i drift i 1971, og året etter var ny kraftutbygging i Norddalsvassdraget ferdig. Produksjonen vart modernisert, og reinseanlegg som var ferdig i 1976-77 reinsa røyken frå fabrikken. Dei siste par tiåra har ferrosilisium og silisium vore hovudprodukta til Elkem Bremanger. Årsproduksjonen har lege på kring 38 000 tonn ferrosilisium, og 25 000 tonn silisium. Det aller meste av produksjonen vert eksportert. Sysselsetjinga har gått ned frå kring 500 tilssette på 1970- og 1980-talet til kring 240-250 i 2001.

Ein industristad veks fram

I oppbyggingsperioden stod kraftselskapet, og seinare verket, for mange av utbyggingstiltaka. På slutten av 1950-talet vart det meir kommunal medverknad. Kommuneadministrasjonen vart lagt hit etter kommunereguleringa i 1963. Industristaden tok over etter dei gamle sentralstadene Kalvåg og Davik.
Folketalet i Svelgen har utvikla seg i takt med sysselsetjinga verket har gitt grunnlag for. Folketalet auka frå 328 i 1930 til 532 i 1950. Tettstadveksten skaut for alvor fart i 1960-åra, og passerte 1500 innbyggjarar i 1970, og nådde opp i 1679 i 1980. Dei siste par tiåra har busetnaden gått attende her som i fleire andre industristader, og kom under 1200 i 2000.

kjelder:

Nesbø, Sverre: Industriutviklinga i Svelgen.Svelgen, 1978.
Nordstrand, Leiv: "Lys og kraft til bygdenes behov¿" - Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Sandane, 1993.
Munnleg informasjon frå:
Roar Hatlenes, f. 1946, Bremanger.
Endal, Hans Eirik: Frå sild og fisk til industri. I Jul i Nordfjord, 1973.
Færevaag, Per: Industrien i Bremanger. I Jul i Sunnford, 1963.

PERMANENT IDENTIFIKATOR