Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rusta



Rusta er støl for Skrøppa, gard nr. 84, i Gloppen. Stølen ligg nokså høgt i fjellet, ca 694 m o.h., som er noko over dei andre stølane omkring. Her er eit stort sel som var for alle brukarane. Av dei 3 fjøsane er det berre murane att. Biletet viser at stølsvollen etter kvart veks til med einerkratt. Restar etter eit sel høyrer truleg til Jordanger. Stølen er ikkje gamal. I ei rettssak i 1736 vart Skrøppa og Jordanger dømt til å flytta frå Sårheimstøylen og lage ny støl der den er no. Jordanger slutta stølinga tidleg dette århundret og dei flytta lenger vestover. Om rettssaka, sjå artikkel om Sårheimstølen.

Rusta med Skrøppaselet.

Rusta med Skrøppaselet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Som i tidlegare tider er det føtene som må brukast. Det er 4-5 km rås opp frå tunet. Kring 1 times gange.

Bruk av stølen

Frå rettssaka i 1736 (sjå artikkel om Sårheimstøylen) ser vi at Skrøppa måtte flytte frå Sårheimstøylen. Vidare at dei "i gamle Dage paa andre Stæder haver stølet." Altså har Skrøppa flytta sin stølsplass fleire gonger. Rusta har truleg hatt innegjerda stølskvie. I eldre tid var stølsslåtten viktig, så truleg vart kvia slått.

Stølstida var vanleg frå jonsok til barsok, noko avhengig av vertilhøva. Einar Stensaker opplyser at siste helga før dei flytta heim, hadde dei ein avslutningsfest med felespel og dans. Då samlast dei i Rustaselet som hadde best plass. Der samlast dei næraste stølane frå Øvresetstølen i aust til Hetlestølen i vest. Stølsdrifta for Skrøppa var slutt kring 1950.

Nokre fakta

Skrøppa, gard nr 84, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR